Hjem

Russisk, master, 2 år

Russisk er eit verdsspråk med 140 millionar morsmålsbrukarar, både i og utanfor Russland. Vi treng russiskkunnskap, både i periodar med mykje samarbeid med Russland og i periodar med mindre kontakt. Masterprogrammet i russisk gir deg verktøy til å forstå dei lengre linene og djupare perspektiva i dagsaktuell tematikk.
  • Lengde2 År
  • Plassar5
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk, russisk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (opptak vår dersom ledige plassar)

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Du vil få arbeide historisk med utviklinga av språket, litteraturen og kulturen. Vi ser på samanhengen mellom kultur, språk, samfunn og politikk, og samanliknar russiske forhold med andre land. Eksempel  på fordjupingsemne kan vere «Kultur og politikk i dagens Russland» eller «Russland og Vesten i idéhistorisk perspektiv». 

Russiskstudiet skal auke den praktiske språkferdigheita og dei teoretiske kunnskapane dine, øve opp evna til kritisk refleksjon og gi ei grunnleggande forskarskolering som set deg i stand til å legge fram, diskutere og drøfte faglege problemstillingar. 

Etter gjennomført masterprogram har du: 

  • djupare innsikt om russisk språk, kultur og samfunn 
  • ei kritisk, reflektert og analytisk haldning til kjelder, teoriar, tolkingar og metodar innanfor studiet sine fagområde 
  • evne til å delta i faglege diskusjonar og ta del i den offentlege debatten når denne gjeld fagområdet 

Studiekvardag 

På dette masterprogrammet vert du del av ei lita og engasjert gruppe masterstudentar. Du får god kontakt med forelesarane, som integrerer forskingsarbeidet sitt i undervisning og rettleiing. Masterprogrammet har undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. I tillegg vert det øving i munnleg russisk, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, og andre oppgåver.

I arbeidet med masteroppgåva kan du skrive om eit sjølvvalt tema innan språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturstudium. Mange masteroppgåvetema opnar opp for eigne feltstudiar. Feltarbeid vert vanlegvis gjennomført i tredje semester og kan vare frå ein til fire månader.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til fast lesesalsplass, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som? 

Masterprogrammet i russisk gir praktisk og teoretisk språkkunnskap som er sentrale i yrke innanfor diplomati, utdanning, forvaltning, kultursamarbeid, journalistikk og internasjonalt organisasjonsliv. Med mastergrad i russisk vil du kunne undervise i russisk på høgare nivå. 

Du kan for eksempel arbeide innanfor: 

  • forlagsverksemd 
  • media  
  • diplomati 
  • menneskerettsarbeid 
  • kulturformidling 
  • internasjonalt organisasjonsliv 
  • offentleg forvaltning 
  • omsetting, tolking 
  • forsvaret  
  • næringslivet 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Studiet er oppbygd slik:  

1. semester  

2. semester  

3. semester og 4. semester  

  • Masteroppgåve (60 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Vi ser veldig gjerne at du tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.     

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Studiet kan danne grunnlag for forskarutdanning i russisk språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturforsking, som leier fram til ein doktorgrad (ph.d.-grad). 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@hf.uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen  

Søk her