Hjem

Odontologi (tannlege), master, 5 år

Vil du lære korleis førebygge, diagnostisere og behandle sjukdommar i tenner og munnhole? Då er tannlegestudiet (odontologi) noko for deg. Studiet er ei blanding av teori og praksis. Tannlegestudiet kvalifiserer deg for tannlegeyrket og fører fram til autorisasjon som tannlege. Du får ein fleksibel jobb, tett på alle slags menneske.
  • Lengde5 År
  • Ordinær66
  • Primær58
  • Plassar48
  • OpptakskravMEROD
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

 

Meir informasjon under

Odontologi

Producer:
Martin Nyhammer
  

Kva lærer du? 

Du lærer å undersøke pasientar, stille diagnose og behandle pasientar i tannklinikk. Du lærer om tannhelse og tannhelserelaterte problem og om tannhelsetenesta i Noreg. Du lærer også kjemi, biokjemi, anatomi (med fokus på hovud og hals) og fysiologi frå eit medisinsk perspektiv.    

Etter studiet har du brei kunnskap om førebygging og behandling av sjukdom i munnhola. Du skal kunne 

  • utføre både førebyggande og aktiv behandling av sjukdom i munnhola, inkludert infeksjonar i tenner og tannkjøt 
  • kommunisere godt med pasientar og pårørande  
  • vise vidare til spesialistbehandling ved behov 
  • utføre behandlingar som fyllingsterapi, krone- og bru-behandling og fjerning av tenner, alt på ein smertefri måte for pasienten 

Vi tilbyr forskarlinje for deg som kan tenke deg å forske parallelt med studia. Studiet blir då forlenga med eitt år. 

Les heile lista over læringsutbytte

Studiekvardag 

Tannlegestudiet er ei blanding av teori og praksis. På studiet fokuserer vi på å opptre på ein profesjonell måte som vekker tillit i møte med pasienten.   

På odontologistudiet får du 

  • strukturert undervisningsopplegg i eitt av dei mest moderne odontologibygga i Europa  
  • tidleg praksis og møte med pasientar  
  • godt studentmiljø  
  • forskingsbasert kunnskap og avanserte tekniske ferdigheiter  

Studiekvardagen er lagt opp med eit relativt tett program frå første studieår. I starten er det mest teori, men etter kvart vil det bli meir klinisk undervisning. Først trener du på modellar og deretter får du behandle pasientar under rettleiing. Som ny student får du tilbod om å delta i ei mentorgruppe.  

Det er om lag 30 timar undervisning i veka, og størstedelen er obligatorisk. Du må vere forberedt på å vere til stades på studiet frå klokka 8 til 16 dei fleste dagane i veka, i tillegg til å lese på eiga hand. 

Retningslinjer vedrørende arbeidstøy under studiet: Studentene skal bruke arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene. Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort arm for å sikre adekvat håndhygiene. Religiøse hodeplagg som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy. Alt arbeidstøy eies av Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til studentene. Se her for mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk.

Kva kan du jobbe som? 

Fullført utdanning gir grunnlag for autorisasjon som tannlege frå Helsedirektoratet. Autorisasjonen er eit bevis på ei offentleg godkjent tannlegeutdanning – ein føresetnad for å arbeide som tannlege. 

Som tannlege hjelper du pasientar å behalde friske tenner. Du får eit fleksibelt yrke der du jobbar tett på alle slags menneske. Du kan arbeide i den offentlege tannhelsetenesta eller i privat tannlegepraksis. Nokre tannlegar driv med undervisning, administrasjon eller forsking. Du kan òg eige og drive privat tannlegepraksis som sjølvstendig næringsdrivande.   

Arbeidsmarknaden for tannlegar er god. Du får eit yrke som er rikt på utfordringar, og du spelar ei viktig rolle i samfunnet.  

Meir informasjon under

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MEROD: 

  • Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2)
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1 og 2

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her

Studiets oppbygging 

Integrert masterstudium i odontologi er eit femårig fulltidsstudium som startar i august kvart år.   

På odontologistudiet blir det diskutert spørsmål som:  

  • Korleis førebygge sjukdom og skade på tenner og i munnhole? 
  • Korleis behandle sjukdommar i munnen? 
  • Korleis reparere ei skada tann? 
  • Påverkar sjukdommar i munnen sjukdommar andre stader i kroppen? 

Emna i studiet bygger på kvarandre, og det er viktig at du kan det som er forventa sidan du behandlar pasientar under studiet. Derfor har studiet eit fast løp, og alle emne er obligatoriske.  

Slik er studiet lagt opp:  

Første studieår: Det første året er delvis felles for studentar på odontologi- og medisinstudiet. Det inneheld tema som kjemi og biokjemi, ulikskap i helse, akuttmedisin, medisinsk statistikk og etikk. Du lærer òg om anatomi og biologi i tenner og munn (oral biologi), og blir kjent med dei kliniske fagområda i odontologi og den odontologiske universitetsklinikken. Ex.phil.* høyrer også med til første studieår.  

Andre studieår: Dette året har du undervisning i anatomi, fysiologi, oral biologi, generell patologi og immunologi. Du lærer også om odontologiske biomateriale (materiale som blir brukt i munnhola) og har klinikkførebuingskurs og ferdigheitskurs i kariologi, periodonti og røntgen. 

Tredje studieår: På tredje studieår vil du vere mykje på det odontologiske ferdigheitssenteret og øve på teknikkar og ferdigheiter du må meistre som tannlege. Du går i gang med behandling av eigne pasientar, og det blir fokusert på kliniske rutinar, hygiene, pasientkommunikasjon, klinisk undersøking og røntgendiagnostikk, førebygging, planlegging av behandling, lokal anestesi og journalforskrifter. Parallelt blir det gitt teoretisk undervisning i dei ulike odontologiske fagområda. 

Fjerde og femte studieår: Det meste av tida i dei to siste studieåra går med til pasientbehandling, kombinert med tverrfagleg teoretisk undervisning. I løpet av det tredje studieåret skal det skrivast ein plan for ei integrert masteroppgåve om eit tema du vel sjølv. Skrivinga av masteroppgåva vil halde fram i fjerde og femte studieåret, der du får fordjupe deg i eit tema du er spesielt interessert i. I femte studieår har du tre veker praksisstudium ved ein klinikk i den offentlege tannhelsetenesta. UiB skaffar praksisplassar over heile landet.  

*Ex.phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle grunnstudium ved UiB. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i niande semester. I tillegg jobbar fakultetet for å legge til rette for utveksling også i løpet av andre studieår. På odontologistudiet har vi utvekslingsavtalar med universitet i Sverige, Danmark, Frankrike og Storbritannia.  

Les meir om utveksling på tannlegestudiet 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter mastergraden kan du gå vidare med ph.d.-studium og ta ein doktorgrad. Dette kvalifiserer til stilling i universitetssystemet eller på dei regionale kompetansesentra.  

Arbeider du som tannlege i minimum to år kan du søke opptak til spesial- eller spesialistutdanning innanfor sju spesialfelt i tannlegefaget. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 64 00 (open 12.00 - 14.00 kvardagar) 

E-post: info.med@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast. 

Studentar som starta på studiet hausten 2019 og tidlegare, følger odontologi 2006-studieplanen. Her finn du ei oversikt over emna i odontologi 2006-planen.  

Studentar som startar på studiet hausten 2020 og seinare, følger ny studieplan for odontologistudiet (odontologi 2020-planen). Målet med studieplanrevisjonen er å gjere odontologistudiet enda betre, mellom anna ved å jamne ut arbeidsbelastinga gjennom studiet, sikre ei meir heilskapleg pasientbehandling og gi meir temabasert undervisning.