Hjem

Utdanning

Master

Samfunnsøkonomi, master, 2 år

  • Lengde2 år
  • Studieplassar25
  • SpråkNorsk
  • StudiestartHaust
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Introduksjon

Korleis kan vi best bruke samfunnet sine ressursar? Masterprogrammet i samfunnsøkonomi handlar om å finne svar på dette spørsmålet.

Vi står i dag overfor mange store samfunnsutfordringar; skiljet mellom fattig og rik blir stadig større. Befolkninga i mange land blir eldre, og vi føder ikkje like mange barn. Klimaet endrar seg raskt, det same gjer arbeidsmarknaden. Våre studentar får kunnskap som bidrar til at samfunnet bruker ressursane sine på ein bærekraftig måte.

Ein mastergrad i samfunnsøkonomi gjer deg svært godt rusta til den framtidige arbeidsmarknaden. Våre uteksaminerte studentar jobbar i dag til dømes i DNB, Konkurransetilsynet, Norges Bank og Finansdepartementet. Andre jobbar som journalistar eller innanfor forsking og undervisning.

Institutt for økonomi har sterke fagmiljø innan mellom anna anvendt mikroøkonometri, konkurranseøkonomi og regulering. Våre forskarar tilbyr innovative valemne, der studenten tek aktivt del i undervisinga.

Masterprogrammet vårt passer for deg som vil

  • lære mykje meir om korleis vi kan analysere prosessar i samfunnet
  • få eit betre grunnlag for å gjere sjølvstendige samfunnsøkonomiske analyser - mellom anna gjennom sjølv å utforme og gjennomføre ei masteroppgåve
  • jobbe analytisk og få enda betre kompetanse i mikro- og makroøkonomi og økonometri

Som student på masterprogrammet i samfunnsøkonomi får du

  • din eigen faste plass på lesesalen på Institutt for økonomi
  • nær kontakt med dei som underviser
  • tilgang til eigne grupperom og PC-rom
  • eit lunsjrom der samtalane flyt og trivselen er høg

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i samfunnsøkonomi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Masterprogrammet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi gjennom ulike spesialiseringsemne og vert avslutta med ei masteroppgåve. Studiet gir ei solid teoretisk forankring og gjennom oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og skriftlege arbeid, vert analytiske og metodiske evner, samt fagleg sjølvstende styrka. Studiet gir inngåande kunnskap om empiriske metodar og analyse med fokus på moderne forskingsdesign og behandling av komplekse økonomiske data på mikro- og makronivå.

Fagleg profil

Institutt for økonomi sin metodiske kjernekompetanse er innan spelteori, insentivteori og anvendt mikroøkonometri. Basert på dette er dei viktigste forskingsområda:

  • arbeidsmarknad og utdanning
  • helseøkonomi
  • næringsøkonomi og økonomisk organisering
  • trygdeøkonomi
  • ressurs-, energi- og miljøøkonomi
  • utviklingsøkonomi
  • matematisk økonomi

Metode

Metoden som blir nytta i faget er matematikk og/eller økonometri.

Masteroppgåve

Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid under rettleiing. Du får rettleiing i samband med utforming av oppgåva og under arbeidet med oppgåva.

Studiestart - semester

Haust

Samfunnsøkonomi ved UiB

Produsent:
UiB

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Nokon arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å gå inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Vidare har samfunnsøkonomar òg vist seg å vere attraktive i jobbar innan internasjonale organisasjonar - det vere seg utviklingshjelp eller i utanrikstenesta. Innan privat næringsliv arbeider samfunnsøkonomar i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Vidare studium

Studentar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande kjennskap til struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi
  • har inngåande kjennskap til nyare økonomisk teori og empiriske studiar om verknader av økonomisk politikk
  • kan teori om konsumentar og produsentar, om tilpassing i arbeidsmarknaden, og om sparing og langsiktig konsumplanlegging
  • kan kriteria for ein god bruk av ressursane i samfunnet og teori om marknadslikevekt
  • kan teori om marknadsimperfeksjonar
  • kan analysere verknader av ulike konkurranseformer i ein marknad
  • kan teorigrunnlaget for empirisk analyse
  • kan modellere komplekse empiriske problemstillingar ved bruk av økonometrisk metode
  • kjenner dei makroøkonomiske styringsverkemidla
  • har omfattande kunnskap innanfor sjølvvalde spesialfelt
  • kan analysere faglige problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, eigenart

Ferdigheiter

Kandidaten

  • er godt kjend med relevant faglitteratur
  • kan knyte saman teori og empiri
  • kan bruke avanserte matematiske og statistiske metodar for å analysere samfunnsøkonomiske problemstillingar
  • har grunnlag for kritisk haldning til faget, og kan gjennom rettleiing og diskusjon oppdatere kunnskap
  • kan bruke økonomiske modellar til å forstå sosiale fenomen
  • kan bruke økonomiske resonnement til å diskutere og analysere økonomisk politikk
  • kan bruke økonomiske teori og empirisk metode til å analysere verknader av økonomisk politikk
  • kan gjennomføre avanserte empiriske analyser på komplekse datasett
  • kan bidra til utforming av verkemiddel i den økonomiske politikken
  • kan kritisk vurdere det økonomiske innhaldet i økonomisk politikk
  • kan anvende kunnskap på nye områder innanfor fagområdet
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan drøfte og ta stilling til relevante forskingsetiske problemstillingar
  • kan arbeide sjølvstendig og organisere og planlegge eige arbeid innanfor gitte fristar
  • har evne til klar og ryddig skriftleg og munnleg framstilling, og høg grad av logisk og matematisk presisjon
  • kan delta i faglege diskusjonar og bidra til nytenking i økonomiske analyser

Oppbygging

Oppbygging av studiet

  • 1. semester: ECON310 Mikroøkonomisk analyse (10 sp), ECON330 Makroøkonomisk analyse (10 sp) og ECON340 Økonometri I (10 sp)
  • 2. semester: Valemne (30 sp)
  • 3. semester: ECON380 Forberedelsesemne for masteroppgåven (10 sp), Valemne (20 sp)
  • 4. semester: ECON391 Masteroppgåve (30 sp)
Masterprogram i samfunnsøkonomi (krav 120 SP)
Kursdelen (krav 90 SP)
Enkelte av valemna har uregelmessig undervisning. Ta kontakt med studieveileder@econ.uib.no for informasjon om kva emne det blir undervist i det aktuelle semesteret.
Obligatoriske emner i kursdelen (krav 40 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ECON310Mikroøkonomisk analyse101
ECON330Makroøkonomisk analyse101
ECON340Økonometri I101
ECON380Forberedelsesemne for masteroppgåva103
Valgemner i kursdelen (krav 50 SP)
Sjå oversikt over aktuelle valemne for inneverande semester i emneoversikten for samfunnsøkonomi
Valfritt
EmnekodeEmnetittelSPSA
ECON315Utviklingsøkonomi II102–3
ECON316Natural Resource and Environmental Economics102–3
ECON324Public Economics102–3
ECON329Anvendt arbeidsmarkedsøkonomi102–3
ECON341Økonometri II102–3
ECON342Nytte-kostnadsanalyse102–3
ECON343Empirisk forskingsdesign102–3
ECON350Samfunnsøkonomisk idéhistorie102–3
ECON360Strategisk bedriftsåtferd og marknadsmakt102–3
ECON364Corporate Finance102–3
ECON370Experimental Economics102–3
Oppgavedelen (krav 30 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
ECON391Masteroppgåve304
Veiledningsavtale - samfunnsøkonomi
Obligatorisk
Veiledningsavtale for master i samfunnsøkonomi
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk
Prosjektbeskrivelse, master
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Obligatorisk
Fremdriftsrapport, master
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Opptakskrav

Bachelor i samfunnsøkonomi, Bachelor i politisk økonomi eller Bachelor i informatikk, matematikk og økonomi (med spesialisering i samfunnsøkonomi).

Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjent spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 1/2 års studium) i samfunnsøkonomi, med tilstrekkeleg fordjuping i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode.

Snittkarakter på minimum C i spesialiseringa i samfunnsøkonomi.

Søknadsprosedyre

Søknad om opptak til master i Søknadsweb. Søknadsfristen er 15. april. Sjå informasjon om opptaket og søknadsprosedyrar på Det samfunnsvitenskaplege fakultet sine nettsider.

Studiestart - semester

Haust

rsz_master_002.jpg

illustrasjonsbilde
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon