Hjem

Spansk språk og latinamerikastudium, årsstudium

Spansk og latinamerikastudium ved UiB er unikt i Noreg fordi vi legg like stor vekt på områdekunnskap og historie som på språk og litteratur. Studiet passar for deg som har interesse for språk, litteratur, historie og kulturkunnskap.  
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På dette årsstudiet får du studere og tileigne deg kunnskap om sentrale tema og problemstillingar i Latin-Amerika, i tillegg til å øve opp dine praktiske ferdigheiter i spansk språk.

Du får kunnskap om og høve til å arbeide med prosessar og metodar innan spansk og latinamerikansk språk, historie, litteratur og kultur. Du får trening i og vil bli vurdert i:  

  • overordna kunnskap om Latin-Amerika og ferdigheiter i fagområda språk, litteratur, historie- og kulturkunnskap 
  • sjølvstendig arbeid med ulike problemstillingar innanfor alle fagområda  
  • kritisk bruk av kunnskapane dine og refleksjon over eigen fagleg praksis

All undervisning går føre seg på spansk. Difor anbefaler vi søkarane å ha eit språknivå på minimum A2 (jf. CEFR). 

Studiekvardag 

Dette er eit fulltidsstudium. I studietida vil du møte ulike undervisningsformer, som forelesingar, filmvisningar, seminar- og gruppearbeid, individuell rettleiing og sjølvstudium. Studiet inkluderer også ulike typar av undervisningsaktivitetar, som presentasjonar, arbeid med øvingsoppgåver, podcast og gruppearbeid.  

Som student vil du jobbe med faget i forkant av forelesingar og seminar. Då vert du meir aktiv i undervisninga og vil truleg meistre og lære meir. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Kva kan du jobbe som? 

Internasjonalt samarbeid skapar aukande etterspurnad etter kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesområde kan følgande nemnast: 

  • media og forlagsverksemd 
  • reiseliv 
  • næringsliv  
  • kulturliv 
  • offentlege institusjonar  
  • humanitære organisasjonar 

Spansk er dessutan eit valfritt undervisningsfag i grunnskolen og vidaregåande skole. Årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium gir saman med praktisk-pedagogisk utdanning formell kompetanse til å undervise i spansk. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Studiet har oppstart om våren. I haustsemesteret i forkant av studiestart kan årsstudentar ta innføringsemne eller andre fag ved UiB.  

1. semester

2. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Du kan ikkje reise på utveksling som ein del av årsstudiet.  

Vidare studiemoglegheiter 

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium. Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet. 

Fullført årsstudium saman med ein fullført mastergrad i eit anna skolefag kvalifiserer for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med spansk som undervisningsfag.  

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70

E-post: studieveileder.if@uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her