Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRHF-ENG Engelsk, årsstudium, vår 2023

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 60 studiepoeng og er normert til eitt år på full tid.

Fulltid/deltid

Fulltid

Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Vår

Mål og innhald

Emna i årsstudiet skal gi studentane øving i akademiske studium av engelsk lingvistikk og engelsk-språkleg litteratur. Studentane får inngåande kunnskap om språksystem, -utvikling, -variasjon, -endring og -bruk, og om sentrale tema, periodar og tilnærmingar innan litteratur- og kulturstudium.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved avslutta program kan studentane

  • bruke analytiske omgrep, teoriar og metodar i vitskaplege studium av språk, litterære tekstar, periodar og kulturelle kontekstar
  • skildre sentrale aspekt ved lingvistiske og litterære system med eit presist omgrepsapparat
  • skildre, forklare og analysere spesialiserte tema innan engelsk lingvistikk, t.d. fonetikk og fonologi, morfologi, syntaks, semantikk, pragmatikk og sosiolingvistikk
  • skildre, forklare og analysere spesialiserte tema innan britisk og amerikansk litteratur, litterær kritikk og kritisk teori

Ferdigheiter

Ved avslutta program kan studentane

  • bruke vitskaplege omgrep og metodar på ein kritisk måte
  • analysere autentiske språklege data og ulike litterære og ikkje-litterære tekstar.
  • utforske samanhengen mellom språkstruktur og språkbruk.
  • utforske samanhengen mellom litterære tekstar og historiske og kulturelle kontekstar

Generell kompetanse

Ved avslutta program kan studentane

  • tenke og argumentere analytisk, kritisk og sjølvstendig rundt tema innan sine akademiske felt
  • finne, vurdere og bruke informasjon innan sine akademiske felt
  • vise samarbeidsevner ¿ kunne diskutere kritisk og konstruktivt som del av ei gruppe
  • vise ferdigheiter i skriftleg kommunikasjon ¿ kunne skrive klårt og effektivt på engelsk og tilpasse skrivestilen til innhald, kontekst, tema og formål
  • vise ferdigheiter i munnleg kommunikasjon ¿ kunne kommunisere klårt og effektivt på munnleg engelsk, forklare idear til andre og argumentere for eige synspunkt

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar.

Obligatoriske emne

ENG110 Lydar og strukturar (15 stp) (V)
ENG125 Britisk litteratur og kultur (15 stp) (V)
ENG107 Engelsk grammatikk II (5 stp) (H) - siste gang H22
ENG118 Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk (5 stp) (H) - siste gang H22
ENG119 Utvalt emne i engelsk språkvariasjon (5 stp) (H) - siste gang H22
ENG120 System og variasjon (15 stp) (H) - første gang H23
ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 stp) (H)

Tilrådde valemne

Det er ingen valemne i årsstudiet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Årsstudiet i engelsk utgjer 60 studiepoeng og er sett saman av emne innan språk, litteratur og kultur:

1. semester (vår)

ENG110 Lydar og strukturar (15 stp)

ENG125 Britisk litteratur og kultur (15 stp)

2. semester (haust) - siste gang hausten 2022

ENG107 Engelsk grammatikk II (stp) - siste gang H22

ENG118 Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk (5 stp) - siste gang H22

ENG119 Utvalt emne i engelsk språkvariasjon (5 stp) - siste gang H22

ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 stp)

2. semester (haust) - første gang hausten 2023

ENG120 System og variasjon (15 stp)

ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 stp)

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudium har ikkje høve til å ta delstudiar i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer, som til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen og/eller mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

- A-F, der F er stryk

- greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for videre studium

Eit årsstudium kan normalt inngå i ein bachelorgrad, anten som del av spesialiseringa eller som frie studiepoeng.

Årsstudiet i engelsk kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i bachelorprogram i engelsk.

Årsstudium i engelsk gir grunnlag for opptak til Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) i engelsk. Meir informasjon om opptakskrava finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Årstudiet i engelsk kvalifiserer for undervisning innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig, til dømes informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd.

Evaluering

Årsstudiet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.