Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRHF-KJØNN Kjønn, seksualitet og mangfald, årsstudium, haust 2020

Mål og innhald

Årsstudiet i kjønn, seksualitet og mangfald gir ei brei, tverrfagleg kompetanse i studiet av kjønn, med særleg vekt på tilhøvet mellom kjønn og seksualitet og på tilhøvet mellom kjønn og mangfald. Desse tilhøva vert studert både historisk og samtidig. Dei ulike emna gir rom for å reflektere kritisk og systematisk kring den samfunnsmessige, politiske og kulturelle tydinga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit globalt perspektiv.

Studiet legg vekt på sentrale teoretiske og praktiske problem knytt til døme frå ei rekke empiriske felt. Tema er til dømes likestilling, feminisme, tilhøvet mellom forskjell og likskap, tilhøvet mellom natur og kultur, identitet, diskriminering, interseksjonalitet og krysskulturell variasjon. Studentane får forståing av kjønn, seksualitet og mangfald som individuelle, sosiale, historiske, strukturelle og symbolske fenomen. Årsstudiet er retta mot studentar som ynskjer ei fordjuping i studiet av kjønn og seksualitet med vekt på mangfald. Det er òg eit tilbod til personar med arbeid i offentleg og privat verksemd der likestilling, kjønn og mangfald er viktige kunnskapsområde.

Læringsutbyte

Ein kandidat som har fullført Årstudium i kjønn, seksualitet og mangfald skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har ei generell oversikt over dei sentrale problemstillingane og dei viktigaste omgrepa i studiet av kjønn, seksualitet og mangfald
  • har brei kunnskap om den samfunnsmessige, politiske og kulturelle tydinga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit globalt perspektiv.
  • kjenner til dei viktigaste teoritradisjonane innanfor kjønnsforsking og kan setje dei i global og historisk samanheng
  • kjenner til hovudtrekka i den moderne tenkinga om kjønn, seksualitet og mangfald si historie og utviklinga av kjønnsstudiar som eige fagfelt
  • har brei kunnskap om kjønn som analytisk omgrep, og kan setje det i samanheng med seksualitet og mangfald og andre sentrale analytiske omgrep i faget

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan reflektere kritisk og systematisk kring sentrale kjønnspolitiske og kjønnsteoretiske problemstillingar
  • kan nytte kjønnsteoretiske omgrep og omgrep knytt til seksualitet og mangfald til å analysere aktuelle problemstillingar i samfunnet
  • kan reflektere kritisk kring ulike teoritradisjonar i studiet av kjønn, seksualitet og mangfald, , og over eigen fagleg praksis, samt justera denne under rettleiing
  • kan sjølv oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet
  • kan formulere ei sjølvstendig problemstilling og grunngje val av emne og analytisk innfallsvinkel

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formidle ulike måtar å tenkje om kjønn, seksualitet og mangfald på i skriftleg og munneleg form
  • kan arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultatet av denne i skriftleg og munnleg form

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Obligatoriske emne

Haust: Eit av dei to emna KVIK 110 Innføring i kjønnsstudium med utvida arbeidskrav og KVIK 201 Nyere teorier om kjønn og seksualitet

Vår: KVIK 101 Kjønn i det moderne

Tilrådde valemne

KVIK102 Likestilling og mangfald

KVIK 206 Kjønn og seksualitet i ein global kontekt

KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur

KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur

SOS111 Familien i endring

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie

Rekkefølgje for emne i studiet

Haust:

Eit av dei to emna KVIK 110 Innføring i kjønnsstudium med utvida arbeidskrav 15 stp og KVIK 201 Nyere teorier om kjønn og seksualitet 15 stp (obligatorisk)


KVIK102 Likestilling og mangfald (valemne) 15 stp

Vår:

KVIK101 Kjønn i det moderne (obligatorisk) 15 stp

KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur (valemne) 15 stp

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (valemne) 15 stp

SOS111 Familien i endring

KVIK206Kjønn og seksualitet i ein global kontekst (valemne) 15 stp

KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur (valemne) 15 stp

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudiet kan ikkje ta delar av studiet ved utanlandske universitet.

Arbeids- og undervisningsformer

Årsstudium omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom studiet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for videre studium

Årsstudiet kan inngå i ein bachelorgrad og kvalifisera til opptak til ulike masterprogram i kjønnsstudium ved andre lærestadar.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet er nyttig for deg som ønsker å arbeide med likestilling- og kjønnsproblematikk i offentleg forvaltning, utdannningssektoren, journalistikk og formidling, privat næringsliv, frivillige organisasjonar eller innan bistandsarbeid.

Evaluering

Årsstudiet vert kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Senter for kvinne- og kjønnsforsking har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Senter for kvinne- og kjønnsforsking har det administrative ansvaret for studieprogrammet.