Hjem

Kunsthistorie, årsstudium

Korleis kan vi bruke kunstverk, fotografiar, arkitektur eller kunsthandverk som inngang til å forstå historia? Korleis kan religiøs kunst fortolkast? Korleis har antikkens kunst og arkitektur prega vestleg kunsthistorie? Kvifor opplevast symmetri som vakkert? Kva rolle har kunstverk i dagens samfunn, i musea og i kunstutstillingane? Og korleis kan kunstverk endre framtida?
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på årstudium i kunsthistorie, eit studium ved Det humanistiske fakultet. 

Studiestart: Årsstudiet i kunsthistorie har oppstart om våren. Du er velkommen til å delta på orienteringsmøte for nye årsstudentar.

Program: Ny student på et årsstudium

Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia. Du treng ikkje gjere alt før du møter opp den første dagen. 

Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging, tar du kontakt med oss allereie no. På den måten kan vi finne gode løysingar for deg, dersom du får tilbod om studieplass.  

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller send oss ein e-post: studieveileder@hf.uib.no

Årsstudiet i kunsthistorie passar for deg som er interessert i kunst og visuelle uttrykk. Gjennom studiet lærer du om vestleg visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv.

Vi utforskar ulike former for visuelle medium, som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap. Tyngdepunktet er den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.  

På studiet diskuterer vi kva for rolle kunsten har i samfunnet, kva forhold kunsten har til politikk og makt, og korleis kunsten kan bli forstått og tolka. 

Kunsthistoriefaget stiller spørsmål som:  

  • Kva rolle har bilete i religion, og på kva grunnlag har ein villa forby dei?  
  • Er pressefotografiet ei spegling av røynda eller ein konstruksjon?  
  • Når blir noko kunst: er ikonet i kyrkja kunst, eller blir det kunst først når det heng i galleriet, og kva kan eit urinal seie oss når det blir kunst?  

Dette årsstudiet er først og fremst retta mot studentar som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå tidlegare, og som vil supplere tidlegare utdanning. Kanskje ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag, eller førebu deg til eit nytt studium i utlandet? 

Studiekvardag 

Årsstudiet i kunsthistorie er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

I tillegg til sjølvstudium, kan ei veke innehalde: 

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Praktiske øvingar  
  • Ekskursjonar, museumsbesøk eller byvandringar  

Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Undervisninga er hovussakleg på norsk, medan pensum er på både norsk og engelsk.  

På dette studiet er vi opptatt av å sjå opp frå bøkene, så på dei fleste kursa går vi på museum, kunstutstillingar og byvandring for å utforske faget. Dei husfasadane du er van med å sjå i sideblikket kan få ny meining, og i møte med samtidskunsten kan du få ny innsikt og reflektere kritisk kring aktuelle problemstillingar.

Vi har mange aktive studentar, og det blir arrangert sosiale samankomstar som filmkveldar, estetisk lesegruppe og mykje anna. Følg Fagutvalg for Kunsthistorie ved UiB på Facebook, for tips om blant anna arrangement og litteratur.  

Vi held til på HF-bygget i Bergen sentrum. Lesesalane er like ved, på Sydneshaugen skole og Universitetsbiblioteket. Det er mogleg å booke eigne rom om de ønskjer å jobbe i grupper.  

Meir om studiekvardagen ved HF

Karriere 

Kunnskap om kunsten si historie, om visuell kultur og arkitekturhistorie er etterspurd i museum, etatar som arbeider med bevaring og vern av historiske bygningar og kulturmiljø, eller med byutvikling.  

Turistnæringa treng og folk med kunst- og kulturkunnskap, så vel som evne til god språkleg og munnleg formidling. Vi lever i ei visuell tid, og det å kunne sjå kritisk på og reflektere over visuelle medium i historisk perspektiv er nyttig både dersom ein driv med marknadsføring og reklame, undervisning, eller kulturforvaltning.   

Med årsstudium i kunsthistorie er dette aktuelle bransjar:   

  • museum 
  • galleri 
  • kulturadministrasjonen i kommunen 
  • journalistikk 
  • kommunikasjonsarbeid 

Kunnskap om visuell kommunikasjon og kunsthistorie er òg viktig i kombinasjon med andre fag dersom du vil arbeide i skolen.  

Om du ønsker, kan du gå vidare med å søke opptak til bachelorgrad i kunsthistorie og deretter gå vidare til masterprogram i kunsthistorie.  

Kva lærer eg? 

Med eit årsstudium i kunsthistorie  

  • har du brei kunnskap om sentrale utviklingstrekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur i perioden frå antikken til i dag.
  • kan du analysere, tolke og drøfte ulike verk i ein kunsthistorisk kontekst, og syne kva for geografisk tilhøyring, datering og attribuering ulike kunstverk frå perioden har.
  • kan du presentere problemstillingar, argumentere for ulike løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom ulike medium.

Sjå heile lista over læringsutbyte

Oppbygging 

Du har to emne kvart semester.  

1. semester (vår):

  • KUN105 Kunst og kultur i antikken, Bysants og tidleg mellomalder
  • KUN106 Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1950

2. semester (haust):

  • KUN107 Kunst og kultur i mellomalder, renessanse og barokk
  • KUN108 Kunst, arkitektur og visuell kultur 1950-i dag

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling i samband med årsstudiet i kunsthistorie. 

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her