Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRHF-KUN Kunsthistorie, årsstudium, vår 2020

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

-har brei kunnskap om sentrale utviklingstrekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur i perioden frå antikken til i dag.

-kjenner til fagområdet si historie, til utvikling av metodikk, dessutan sentrale forskarar som har sett preg på praksis innan faget.

-har òg kunnskap om korleis forsking, museumsvesen og visningspraksis har endra seg gjennom historia.

Dugleikar/Ferdigheiter:

Kandidaten

-kan analysere, tolke og drøfte ulike verk i ein kunsthistorisk kontekst, og syne kva for geografisk tilhøyring, datering og attributering ulike kunstverk frå perioden har.

-kan kjenne att karakteristiske trekk, og kunne formulere ei grunngjeving og argumentasjon for desse.

-kan finne, vurdere og vise til kjelder, bruke dette til å belyse problemstillinger, dessutan ha eit medvite forhold til eiga fagleg utøving.

Generell kompetanse:

Kandidaten

-kjenner faget si historie og utvikling, dessutan verktøy for bilettolking og arkitekturanalyse.

-kan planlegge og gjennomføre eit arbeid som pågår over tid, både aleine og i samarbeid med andre.

-kan presentere problemstillinger, argumentere for ulike løysinger både skriftleg, munnleg og gjennom ulike medium.

Obligatoriske emne

Studenten må velje fire av følgjande seks emner:

KUN131 - Kunst, arkitektur og visuell kultur i antikken

KUN132 - Kunst, arkitektur og visuell kultur i mellomalderen

KUN135 - Kultur- og kunsthistorie i tidleg nytid (1400-1750)

KUN144 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1900

KUN145 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1900-1970

KUN146 - Samtidas kunst, arkitektur og visuelle kultur

Vurderingsformer

Studentane vil bli prøvd på ulike måtar, til dømes med skuleeksamen, heimeoppgåve og munnleg presentasjon. Ein viser til studieplanane for dei enkelte emna for nærare informasjon.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Grunnlag for videre studium

Årsstudiet kan byggjast på til bachelorgrad med fordjuping i kunsthistorie og andre valfrie studieemne

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuereig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret for kunsthistorie har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Adminstrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultetet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@lle.uib.no

Tlf 55 58 24 00