Nordisk, årsstudium
- Lengde1 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng60
- StartVår
Hovedinnhold
Årsstudiet er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole- eller universitetsnivå, og som vil supplere tidlegare utdanning. Studiet passar dersom du vil ha undervisningskompetanse i eit nytt fag, eller førebu deg til eit nytt studium i utlandet.
Du møter både moderne og eldre litteratur, norsk i samtida og i språkhistoria. Du får sjå litteraturen i historisk perspektiv og lese dagsaktuelle tekstar som går rett inn i samfunnsdebatten.
Du får ei betre forståing av den rolla språk har i samfunnet, kommunikasjon og tenking. Korleis endrar det norske språket seg i vår tid?
Du bør ha interessert deg for norskfaget i skulen, i både den språklege og den litterære delen.
Studiekvardag
Årsstudium i nordisk språk og litteratur er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Oppstart er både i august og i januar.
I tillegg til sjølvstudium kan ei typisk veke innehalde både forelesingar og seminargrupper. Undervisninga er på norsk, mens pensum er på både norsk og engelsk. Det kan òg vere litt undervisning og pensum på dansk og svensk.
Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Du vil typisk ha undervisning om lag 16-20 timar i veka. I tillegg kjem sjølvstudium. Du kan òg velje å danne kollokviegrupper, der du arbeider og løyser oppgåver saman med andre.
Vi høyrer til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, som held til på HF-bygget. Lesesalane er på Sydneshaugen skole. Fakultetsbiblioteket for HF ligg like ved. Her er det godt med lesesalsplassar, og mykje av litteraturen er tilgjengeleg i opne hyller.
Det er mogleg å bestille undervisningsrom for å jobbe i grupper. Dette er eit tilbod som blir meir og meir populært.
Meir om studiekvardagen ved HF-fakultetet
Karriere
Arbeidsgivarar treng tilsette som skriv gode norske tekstar og tenkjer strukturert, og som har kunnskap om tekst. Av alle språk- og litteraturstudium er det dette som er det mest sentrale i Noreg.
Interessa for norsk språk, litteratur og kultur er dessutan aukande i utlandet. Alle bransjar treng språkkompetente tilsette.
Med eit årsstudium i nordisk språk og litteratur kan du jobbe til dømes:
- som lærar
- i forlagsarbeid
- med journalistikk
- med administrasjon
- med kulturformidling
Om du ønsker, kan du gå vidare med å søke opptak til bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur og deretter gå vidare til masterprogram i nordisk språk og litteratur.
Meir informasjon under
Kva lærer eg?
Du får kunnskap om nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid. I tillegg får du forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen, og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn.
Studiet gir grunnlag for betre skrivedugleik, kompetanse til å undervise og arbeide med språklege og litterære emne i andre yrke.
Sjå heile lista over læringsutbyte
Oppbygging
Studiet inneheld to litterære og tre språklege emne.
1. semester (vår)
2. semester (haust)
- NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 studiepoeng)
- NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål (10 studiepoeng)
- NOSP106 Nordisk: Den nordiske språkgreina (5 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i nordisk.
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.