Hjem

Norsk som andrespråk, årsstudium

Årsstudium i norsk som andrespråk handlar om ulike sider knytt til det å lære norsk i Noreg. Dette studiet gir eit godt grunnlag for at du skal kunne undervise i norsk språk til personar i alle aldrar med andre morsmål enn norsk.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Hovedinnhold

På studiet drøftar vi spørsmål som:  

  • Korleis er det å lære eit nytt språk? Korleis er det å bruke det?  
  • Korleis er læringsprosessane og korleis kan ein på best mogleg måte styrke desse?  
  • Korleis og i kva grad verkar sosiale faktorar inn på læring og bruk?  

Fagside for norsk som andrespråk

Kvifor velje årsstudium? 

Studiet passar for deg som kunne tenke deg å undervise barn, unge og vaksne som lærer norsk som andrespråk.  

Du kan til dømes arbeide med:  

  • Vaksenopplæring 
  • Undervisning i skuleverket  
  • Kulturformidling 
  • Private føretak, for eksempel som fagkonsulent i forlag 
  • Organisasjonar, for eksempel med norskopplæring i Raude Kross 

I skulen og i vaksenopplæringa er det i dag eit stort behov for kompetanse i korleis barn, unge og vaksne lærer norsk som andrespråk, og korleis leggje til rette for at læring skal skje.  

Årsstudium i norsk som andrespråk kan utgjere eitt år av bachelorgrad i norsk som andrespråk. Med bachelorgrad er du kvalifisert for masterprogrammet i nordisk. Med ei masteroppgåve innan feltet norsk som andrespråk, kan det særleg opne seg moglegheiter for å få arbeid innan forsking og språktesting.   

Oppbygging 

Programmet omfattar eit akademisk år (to semester) og startar i januar. Studiet inneheld seks emne og du tar 30 studiepoeng begge semestera.  

1. semester (vår) 

  • NOSPAN101 Moderne norsk (15 studiepoeng) 
  • NORAN105 Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5 studiepoeng) 
  • NORAN106 Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (10 studiepoeng)    

2. semester (haust) 

  • NORAN104 Andrespråkslæring og -undervising (15 studiepoeng)  
  • NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)  
  • NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)  

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag  

Som student i norsk som andrespråk høyrer du til Det humanistiske fakultet (HF). Fakultetet har eit eige bibliotek som ligg like ved HF-bygget. Her er det godt med lesesalsplassar og mykje av litteraturen er tilgjengeleg i opne hyller. Det finst òg lesesalar på Sydneshaugen skole som du kan bruke.  

For emna som inngår i årsstudiet i norsk som andrespråk er det om lag 16-20 timar undervisning i veka. Det er sjølvstudium som gjeld når det ikkje er førelesing eller seminar. Studentane vel ofte å danne kollokviegrupper, der dei arbeider og løyser oppgåver saman. Det er mogleg å booke grupperom til dette. Du kan med andre ord organisere studia dine både som gruppearbeid og individuelt arbeid, litt etter korleis du likar å jobbe. 

Meir om studiekvardagen på HF-fakultetet 

Kva lærer eg?  

Det viktigaste du vil lære på dette programmet er kunnskap om typiske trekk ved språket og språkutviklinga til dei som har norsk som andrespråk.  

Du vil blant anna få:  

  • brei kunnskap om typiske trekk ved språket og utviklinga til andrespråksinnlærarar  
  • brei innsikt i andrespråkslæringsteori og språkdidaktiske spørsmål  
  • brei kunnskap om norsk lydlære, grammatikk og ordforråd  
  • kunnskap om fleirspråklegheit på individ- og samfunnsnivå 

Full liste med læringsutbyte 

Utveksling  

Studentane på årsstudium i norsk som andrespråk har ikkje høve til å reise på utveksling.

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her