Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRHF-RELV Religionsvitskap, årsstudium, haust 2020

Studiestart - semester

Haust eller vår.

Mål og innhald

Religionsvitskap omhandlar religion som eit globalt fenomen. Målet med studiet er å kunne forstå og analysere religion som meiningsberande og identitetsdannande system. Innhaldsmessig fokuserer studiet på religiøst mangfald i fortid og notid. Det gir kunnskap om religion i sine mange utformingar, som varierer med tid og stad, men også inneheld fellestrekk. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral. Studenten vert kjend med ulike metodar og teoriar som vert tatt i bruk i aktuell religionsforsking. Studiet set søkelys på religion som ei dynamisk kraft i samspel med blant anna etikk, kjønn, økonomi, politikk, populærkultur og migrasjon.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta studium ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleik/ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten:

  • har kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i samfunn og kultur i historie og notid
  • har kunnskap om sentrale vitskaplege forskingsperspektiv på religion og ulike forståingar av religion
  • har innsikt i sentrale religionsvitskaplege omgrep og teoriar

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan drøfte religionsvitskaplege problemstillingar
  • kan kritisk analysere religionshistoriske kjelder
  • kan sjå samanheng mellom teori og data frå ulike kontekstar
  • evnar sjølvstendig teoretisk tenking

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan forstå menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar
  • kan handsame store informasjonsmengder
  • argumentere munnleg og skriftleg med utgangspunkt i dokumentasjon og vitskapeleg forsking
  • har utvikle perspektiv på religion og samfunn som ikkje tar det eurosentriske verdssynet for gitt
  • kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Fakultetet sine innføringsemne inngår ikkje i årsstudium slik som i bachelorprogramma. Det vil likevel vere mogleg å velje inn innføringsemne ved særskilt ønskje om dette.

Obligatoriske emne

Årsstudiet i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen utgjer totalt 60 studiepoeng i religionsvitskap.

RELV101, RELV102 og RELV103 er obligatoriske emne.

Tilrådde valemne

Studenten kan velje mellom ei rekke ulike spesialiseringsemne i religionsvitskap som fjerde emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Fagemna (alle på 15 studiepoeng) vert tilbode slik:

Vår:

RELV101 Innføring i religionsvitskap*

RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion

RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±

RELV221 Nyreligiøsitet

RELV224 Hinduism

RELV230 Religion and Media

RELV232 Verdensfilosofiar

RELV235 Islam og muslimers religion

RELV236 Reformations in Europe

Haust:

RELV102 Jødedom, kristendom, islam*

RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar*

RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±

RELV208 Sami Religion

RELV213 Religion and science

RELV222 Religionar i antikken

RELV223 Buddhism and Jainism

RELV228 Religion and Politics

RELV231 Religion and Tourism

RELV233 Religion and Art

RELV234 Religion and Music

RELV237 Religion and the City

RELV238 Religion and World Literature

* = obligatorisk emne

= Det vert tilbydd fleire fordjupingstema under RELV202/202SEM; sjå UiB og AHKR sine nettsider for oppdatert oversikt.

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudiet kan ikkje ta delar av studiet ved utanlandske universitet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalane.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalane.

Vurderingsformer

Gjennom spesialiseringa i religionsvitskap vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, munnleg prøve og semesteroppgåve.

Ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i ulike former for skriftleg og munnleg presentasjon.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F der F er stryk

2) greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for videre studium

I kombinasjon med mastergrad, kan eit årsstudium gi grunnlag for opptak til PPU (Praktisk pedagogisk utdanning).

Årsstudiet kan inngå i ein bachelorgrad, og eignar seg godt som etter- eller vidareutdanning.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudium religionsvitenskap gir undervisningskompetanse i religionsfagene i grunnskole og videregåande skole.

Personar med årsstudium i religionsvitskap arbeider òg i mange ulike yrke, mellom anna i offentleg forvalting, innvandringsrelatert arbeid, sakshandsaming, museum, reiseliv, media, organisasjonsliv, næringsliv, utanriksteneste og humanitært arbeid.

Evaluering

Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Adminstrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no

Mål og innhald

Eit årsstudium i faget religionsvitskap skal gi studentane eit oversyn over religionshistoria, gode kunnskapar om ei rekke av dei viktigaste religionane og djupare innsikt i verdsreligionane. Studentane skal gjera seg fortrulege med historiske og systematiske metodar og tileigna seg ein generell kunnskap om fenomenet religion. Studiet gir kunnskap om den rolla religion spelar i kultur og samfunn i fortida og i verda i dag i eit krysskulturelt, og eit samanliknande perspektiv.

Denne tilnærminga inneber at faget er meir enn separate studium av dei enkelte religionane; det er eit breitt studium av religion som eit eigenarta menneskeleg fenomen. I dette studiet er det eit gjensidig samspel mellom generell religionshistorisk innsikt og fordjuping på avgrensa felt.

Dei religiøse verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av menneskeleg kultur. Ei vidare målsetting for faget er såleis at det skal kunna fungera som ein innfallsport til idé- og åtferdstradisjonar i kulturtradisjonar i eit globalt perspektiv.

Religionsvitskap er eit kulturfag som med utbytte kan kombinerast med dei fleste fag både innan humaniora og ved andre fakultet, særleg samfunnsvitskaplege fag, men også jus, psykologi og økonomiske fag.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Undervisning

Programmet omfattar ulike undervisningsformer: førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Fageining og spesialisering

Krav til årsstudiet er 60 studiepoeng i religionsvitskap. RELV101 Systematisk religionsvitskap (15 studiepoeng), RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam (15 studiepoeng) og RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar (15 studiepoeng), er obligatoriske. RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion (15 studiepoeng) kan byttast ut med eitt spesialiseringsemne på 200-nivå (RELV202).

Krav om rekkefølgje - emne

Dersom RELV105 blir bytta ut med eit spesialiseringsemne på 200-nivå blir det rådd til at spesialiseringsemnet blir tatt anten same semester eller semesteret etter at emnet er blitt gjennomgått på innføringsnivå (100-nivå).

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom årsstudiet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, semesteroppgåve og munnleg eksamen.

Yrkesvegar

Faget gir full undervisningskompetanse i faga Kristendom med religions- og livssynsorientering (KRL) i grunnskolen og Religion og etikk i den vidaregåande skolen, og eignar seg godt for arbeidsoppgåver innan kulturformidling og internasjonalt arbeid. Årsstudiet kan i tillegg inngå i ein bachelorgrad, og eignar seg godt som etter- eller vidareutdanningsemne.

Oppstart

Kan startast haust- eller vårsemester.

Planforslag

RELV101 Systematisk religionsvitskap,15sp, Haust, obligatorisk

RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam, 15sp, Haustsemester, obligatorisk

RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar,15sp, vårsemester, obligatorisk

RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion, 15sp, vårsemester. Kan byttast ut med emnet RELV202.