Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRHF-TYS Tysk, årsstudium, haust 2019

Namn på grad

Årsstudiet gir ingen grad.

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 60 studiepoeng og er normert til eitt år på full tid.

Fulltid/deltid

Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Vår

Mål og innhald

Tyskstudiet skal gi innsikt i tysk språk og dei tyskspråklege landa sin litteratur, kultur, historie og samfunnsforhold, øve opp den praktiske språkdugleiken til studentane og utvikle dugleiken deira til å skrive, lese og snakke om ulike typar tekst. I språkdelen av studiet skal studenten tileigne seg kunnskapar om tysk grammatikk, språkstruktur og lydlære og viktige skilnader mellom tysk og norsk. Litteraturdelen omfattar ei generell innføring i tyskspråkleg litteraturhistorie og litterær analyse. I kulturdelen skal studenten tileigne seg kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i historisk og samfunnsmessig samanheng. Eit av emna i årsstudiet er eit komparativt emne om europeisk kultur. I alle tre delane av tyskstudiet vert det lagt vekt på å utvikle eit reflektert og sjølvstendig forhold til stoffet gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har gode kunnskapar i tysk grammatikk og lydlære, derunder kjennskap til viktige kontrastive aspekt tysk-norsk
  • har kunnskap om hovudtrekk i utviklinga av den tyskspråklege litteraturen etter ca. 1750
  • har grunnleggjande kunnskap om utvalte tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida fram til i dag, og dessutan grunnleggjande kunnskap om europeisk kultur

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har opparbeidd grunnleggjande dugleik i språkleg, kulturell og litterær analyse gjennom varierte øvingsoppgåver
  • har god evne til å uttrykkje seg på tysk både munnleg og skriftleg

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har utvikla ei reflektert og sjølvstendig haldning til lærestoffet gjennom analysar av ulike språklege, litterære og kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng
  • kan nytte årstudiet som ein del av den vidare utdanninga eller i yrkesplanar

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Studiet har ingen innføringsemne.

Obligatoriske emne

TYS105, Grunnemne i tysk språk I, V, 10 stp.

TYS115, Grunnemne i tysk språk II, H, 10 stp.

TYS106, Tyskspråkleg kultur, V, 10 stp.

TYS116, Tyskspråkleg litteratur, H, 10 stp.

TYS107, Tysk språk og tekstkunnskap, V, 10 stp.

SEK100, Samanliknande europeiske kulturstudium, H, 10 stp.

Tilrådde valemne

Det er ingen valemne i årsstudiet.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (vår)

  • TYS105, Grunnemne i tysk språk I, 10 stp.
  • TYS106, Tyskspråkleg kultur, 10 stp.
  • TYS107, Tysk språk og tekstkunnskap, 10 stp.

Tre veker av undervisninga på TYS105 og TYS106 kan tas ved Universitetet i Kiel. Opphaldet finansierast ved eigenbetaling.

2. semester (haust)

  • TYS115, Grunnemne i tysk språk II, 10 stp.
  • TYS116, Tyskspråkleg litteratur, 10 stp.
  • SEK100, Samanliknande europeiske kulturstudium, 10 stp.

Delstudium i utlandet

Studentar på årsstudium har ikkje høve til å ta delstudiar i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. 

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve,  heimeeksamen, munnleg presentasjon, og munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane. 

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • A-F, der F er stryk
  • greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Årsstudiet gir ingen grad og heller ikkje vitnemål. Ein kan bestille karakterutskrift når ein er ferdig med studiet.

Grunnlag for videre studium

Eit årsstudium kan normalt inngå i ein bachelorgrad, anten som del av spesialiseringa eller som frie studiepoeng.

Årsstudiet i tysk kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i bachelorprogram i tysk.

Årsstudium i tysk gir grunnlag for opptak til Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) i tysk. Meir informasjon om opptakskrava finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Årstudiet i tysk kvalifiserer for undervisning innanfor skuleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig, til dømes informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd.

Evaluering

Årsstudiet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@if.uib.no

Studierettleiar@if.uib.no
Tlf 55 58 93 70