Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRMN-INF Informatikk, årsstudium, vår 2020

Omfang og studiepoeng

Årsstudium i informatikk har eit omfang på 60 studiepoeng og er normert til 1 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

 Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål:
Informatikk er studiet om utvikling av programvare. årsstudiet har som mål å gi en grunnleggande kompetanse i programmering. Studiet rettar seg mot studentar som allereie har ei utdanning i eit anna fagfelt og ynskjer seg programmeringskompetanse. Studiet rettar seg òg mot studentar som nyleg er ferdig med vidaregåande utdanning og ynskjer seg grunnleggjande programmeringskompetanse før dei eventuelt utdannar seg vidare.

Innhald
Studiet tar opp tema som er sentrale og fundamentale innan programmering og programvareutvikling, som innføring i programmering, objektorientert programmering, modellering og optimering, og bruk av databasar. I tillegg kan studentane velja blant datatryggleik, funksjonell programmering og datanettverk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten

  • har grunnleggjande forståing av programmering og utvikling av programvare
  • har kunnskap om modellering av problem for å kunna løysa dei ved hjelp av dataprogram
  • har kjennskap til sentrale element innan programmering som databasar
  • kan dei grunnleggjande prinsippa for imperativ programmering og objektorientert design
  • har kunnskap innan sentrale tema i nokre av emna datatryggleik, datanettverk, funksjonell programmering og matematikk. Eksakte kunnskapar er avhengig av kva for emne kandidaten vel å ta

 Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan laga enkle program i Python og Java
  • kan delta i større programutviklingsteam
  • kan skildre gitte problem frå arbeidslivet i ein matematisk modell som kan danne grunnlaget for programutvikling
  • kan gjere bruk av dei grunnleggjande prinsippa for databasar
  • kan, avhengig av valde emne, a) programmere med funksjonelle programmeringsspråk, b) dei grunnleggjande prinsippa for datatryggleik og/datanettverk, c) grunnleggjande matematiske metodar og korleis dei kan nyttast til å modellere og finne løysingar på enkle praktiske problem.

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan kommunisere med andre yrkesgrupper om tema innan programmering og informasjonsteknologi
  • kan vurdere IKT-faglege problemstillingar i sitt arbeidsmiljø

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MATRS (R1 eller S1+S2)

Obligatoriske emne

INF100, INF170, INF101, INF115. I tillegg,
Eit av desse emna: INF122/MAT101/INF140
og
Eit av desse emna: INF142/MNF130

Rekkefølgje for emne i studiet

Haust: INF100, INF170, INF122/MAT101/INF140

Vår: INF101, INF115, INF142/MNF130

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid og seminar. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i årsstudiet vert omtalt i emneskildringa.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i form av skriftleg og munnleg eksamen, i tillegg til vurdering av innleverte programmeringsoppgåve gjennom heile semesteret. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i årsstudiet er omtalt i emneskildringa.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emneskildringa.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Eit årsstudium gir ikkje noko form for vitnemål/gradsbevis, men instituttet vil utarbeide dokumentasjon på fullført studium med skildring av læringsutbyte.

Grunnlag for videre studium

Viss ein tek MAT101 som valemne, vil ein dekkje R2-kravet. INF100 som inngår som obligatoriske emne i studiet vil føre til at man vil få dekkja IT1 + IT2 frå vidaregåande skule. Dermed er ein kvalifisert til alle bachelorprogram ved institutt for informatikk og kan søkje intern overgang etter fullført årsstudium.

Relevans for arbeidsliv

Næringsliv og forvalting i Noreg går i dag igjennom ei enorm omstilling og ei omfattande digitaliseringsprosess. I samband med dette er det mange som ynskjer seg ein kompetanse innan programmering sjølv om dei ikkje skal spesialisera seg innan informatikk. Dette årsstudiet vil dermed dekkje eit stort behov, og vil vera med på å auke den digitale kompetansen som næringsliv og forvalting etterspør.

Evaluering

Årsstudiet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no

Tlf: 55 58 42 00.