Studieplan for ÅRPED Pedagogikk, årsstudium, haust 2024
Omfang og studiepoeng
1 år
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Årsstudiet omhandlar eit utval av tema som strekkjer seg frå individets læring til korleis globale utdanningspolitiske trendar påverkar utviklinga av det norske utdanningssystemet. Det handlar om ulike perspektiv på læring og undervising, faglege og etiske problemstillingar knytt til pedagogiske aktivitetar, pedagogiske grunnlagsspørsmål knytt til danning, rettferd og ulikskap, og utdanning i eit samfunn i endring. Dette er emne som ikkje berre er viktige i tradisjonelle utdanningsinstitusjonar, men og i arbeidslivet og i samfunnet generelt. Målet med programmet er å fremje studentane sin kunnskap om og forståing for pedagogiske prosessar og utfordringar. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg eit teoretisk grunnlag for pedagogisk arbeid, og lære om korleis oppseding, undervising og utdanning blir påverka av sosiale, politiske og økonomiske vilkår.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
- har kunnskap om og forståing for sentrale tema innan fagområdet pedagogikk.
- har kunnskap om og forståing for fagområdet sin eigenart og historie.
- har kjennskap til relevante faglege og etiske problemstillingar.
Ferdigheiter
Studenten ..
- kan analysere og reflektere over spørsmål og tema knytt til sentrale pedagogiske tema, omgrep og prosessar.
- kan halde seg oppdatert på fagområdet pedagogikk
- kan søke, behandle og vurdere kunnskap på fagfeltet
Generell kompetanse
Studenten..
- kan skrive ein resonnerande tekst og beherske fagområdet sine normer for dokumentasjon.
- kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
- kan kommunisere om og formidle faglege tema både skriftleg og munnleg
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester: PED110 Innføring i pedagogikk (15 sp) og PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 sp)
2. semester: PED111 Pedagogisk filosofi (15 sp) og PED113 Læring i og for arbeidslivet (15 sp)
Undervisningsmetodar
Undervisninga på årsstudiet inneheld ei rekkje undervisingsformar, til dømes førelesingar, seminar, oppgåveskriving, rettleiing og litteraturstudium. Deler av skrive- og læringsaktiviteten vil skje i form av datastøtta samarbeidslæring. Det blir lagt opp til aktiv deltaking og kunnskapsdeling mellom studentar og lærarar.
Vurderingsformer
Årsstudiet nyttar ulike vurderingsformer, til dømes mappevurdering, heimeeksamen og skuleeksamen.
Karakterskala
A-F
Grunnlag for videre studium
Det vil være mogleg å fortsetje på bachelorprogrammet i pedagogikk frå dette årsstudiet
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no. I tillegg vil programmet fylgje Det psykologiske fakultet sine retningslinjer for deltakande evaluering.
Programansvarleg
Insitutt for pedagogikk
Adminstrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet