Hjem

Administrasjon og organisasjonsvitskap, årsstudium

Administrasjon og organisasjonsvitskap er studiet av politikk og demokrati, staten og forvaltninga sine rollar, og det organiserte samfunnslivet generelt.
  • Lengde1 år
  • Ordinær52.8
  • Primær35.0
  • Plassar21
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Velkommen til studiestart på årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap, eit studium ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. 

Frammøte: Du møter måndag 12. august kl. 09.30 i Grieghallen.

Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt den første dagen.

Program: Her finn du fullt program for studiestarten

Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia. Du treng ikkje gjere alt før du møter opp den første dagen. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 98 50 eller studieveileder@svfa.uib.no.

Studiestart Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap er eit eittårig studium som omfattar 60 studiepoeng fordelt på to semester. Studiet gir grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor statsvitskapen.

Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag. Det er eit samanliknande studium av politikk, forvaltning og organisasjon. Vi er opptatt av samfunnet sin politiske organisering og styringsformer, korleis grunnlaget deira vert utvikla og endra, og kva slags konsekvensar dette har.

Vi drøftar til dømes:

  • Korleis utforme og sette i verk offentleg politikk?
  • Korleis blir innhald og organisering av offentleg politikk til?
  • Kva konsekvensar har innhald og organisering av offentleg politikk for verdifordelinga i samfunnet?

Meir informasjon under

Administrasjon og organisasjonsvitenskap

Produsent:
UiB

Kvifor velje årsstudium?

Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer for å komplettere tidlegare utdanning, eller om du berre vil studere i eit år. Årsstudiet med spesialiseringsemne i administrasjon og organisasjonsvitskap gir undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i samfunnsfaga.

Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap vil være eit viktig og nyttig springbrett inn i ein kvar vidare utdanning og karriere der kunnskap om organisasjonen si verkemåte, politikk og samfunn er sentrale element.

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i administrasjon og organisasjonsvitskap. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du gå vidare til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap, masterprogrammet i samanliknande politikk eller Master's Programme in Public Administration.

Oppgygging

Årsstudium i administrasjon og organisasjonsvitskap går over to semester og startar i august.

Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.

Årsstudium med innføringsemne

Passer for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

1. semester

  • AORG100A Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar (20 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester

  • AORG104 Politisk teori og styreformer (15 studiepoeng)
  • MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng)

Årsstudium med spesialiseringsemne

Passer for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i samfunnsfaga.

1. semester

  • AORG101 Organisasjonsteori (15 studiepoeng)
  • AORG103 Politikk og forvaltning (15 studiepoeng) eller AORG107 EU og internasjonale organisasjonar (15 studiepoeng)

2. semester

  • AORG104 Politisk teori og styreformer (15 studiepoeng)
  • MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag

Årsstudiet i administrasjons- og organisasjonsvitskap er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervising i form av førelesningar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Som student på administrasjon og organisasjonsvitskap høyrer du til Det samfunnsvitskaplige fakultet. Her vil du finne lesesalar, studentkafear og bibliotek. Undervisninga vil hovudsakleg gå føre seg i Lauritz Meltzers hus (SV-bygget) og Ulrike Pihls hus.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

På årsstudiet får du mellom anna:

  • kjennskap til sentrale idear, teoriar og kunnskapsområde innafor faget.
  • analytisk og metodisk kompetanse og ha forståing for ein vitskapleg arbeidsmåte.
  • ei kritisk og prøvande holdning til forskingsresultat og samfunnsdebatter.

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Korleis søke

For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her