Politikk og forvaltning, årsstudium
- Lengde1 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar25
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng60
- StartHaust
Hovedinnhold
Årsstudiet i politikk og forvaltning er eit eittårig studium som omfattar 60 studiepoeng fordelt på to semester. Studiet gir grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor statsvitskapen.
Politikk og forvaltning er eit spesialisert statsvitskapleg fag. Det er eit samanliknande studium av politikk, forvaltning og organisasjon. Vi er opptatt av samfunnet sin politiske organisering og styringsformer, korleis grunnlaget deira vert utvikla og endra, og kva slags konsekvensar dette har.
Vi drøftar til dømes:
- Korleis utforme og sette i verk offentleg politikk?
- Korleis blir innhald og organisering av offentleg politikk til?
- Kva konsekvensar har innhald og organisering av offentleg politikk for verdifordelinga i samfunnet?
Meir informasjon under

Kvifor velje årsstudium?
Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer for å komplettere tidlegare utdanning, eller om du berre vil studere i eit år. Årsstudiet med spesialiseringsemne i administrasjon og organisasjonsvitskap gir undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i samfunnsfaga.
Årsstudiet i politikk og forvaltning vil være eit viktig og nyttig springbrett inn i ein kvar vidare utdanning og karriere der kunnskap om organisasjonen si verkemåte, politikk og samfunn er sentrale element.
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i politikk og forvaltning. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du gå vidare til masterprogrammet i politikk og forvaltning, masterprogrammet i samanliknande politikk eller Master's Programme in Politics and Governance of Global Challenges.
Oppbygging
Årsstudium i politikk og forvaltning går over to semester og startar i august.
Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.
Årsstudium med innføringsemne
Passer for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i politikk og forvaltning.
1. semester
- GOV100 Innføring i politikk og forvaltning (20 studiepoeng)
- EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester
- GOV104 Politisk teori og styreformer (15 studiepoeng)
- MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng)
Årsstudium med spesialiseringsemne
Passer for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i samfunnsfaga.
1. semester
- GOV101 Organisasjonsteori (15 studiepoeng)
- GOV103 Politikk og forvaltning (15 studiepoeng) eller GOV107 EU og internasjonale organisasjonar (15 studiepoeng)
2. semester
- GOV104 Politisk teori og styreformer (15 studiepoeng)
- MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng)
Studiekvardag
Årsstudiet i politikk og forvaltning er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervising i form av førelesningar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Som student på politikk og forvaltning høyrer du til Det samfunnsvitskaplige fakultet. Her vil du finne lesesalar, studentkafear og bibliotek. Undervisninga vil hovudsakleg gå føre seg i Lauritz Meltzers hus (SV-bygget) og Ulrike Pihls hus.
Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Kva lærer du
På årsstudiet får du mellom anna:
- kjennskap til sentrale idear, teoriar og kunnskapsområde innafor faget.
- analytisk og metodisk kompetanse og ha forståing for ein vitskapleg arbeidsmåte.
- ei kritisk og prøvande holdning til forskingsresultat og samfunnsdebatter.
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.
Korleis søke
For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse.