Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRSV-MEVI Medier og kommunikasjon, årsstudium, vår 2022

Mål og innhald

Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling. Mediene inngår i våre daglegliv, dei pregar politikk og samfunnsliv, og inngår i kulturelle og sosiale identitetsprosessar. Med digitalisering, internett, sosiale medier og stordata har det vakse fram nye kommunikasjons- og samhandlingsformer. Tradisjonelle medieinstitusjonar vert utfordra av nye aktørar, ny teknologi og nye estetiske uttrykk. Tilgangen til informasjon, underhaldning og kulturelle erfaringar er nær sagt uavgrensa, men mediebruk er likevel prega av sosiale skiljeliner. Samstundes er strategisk kommunikasjon i sterkare grad blitt ein integrert del av politikk og samfunnsliv, slik at vi som medborgarar og konsumentar kontinuerleg blir utsette for planlagte påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar.

I medievitskapen studerer vi medie- og samfunnsutviklinga ved å kombinera sosiologiske og statsvitskaplege perspektiv på mediene med kultur- og tekstanalytiske tradisjonar. Vi studerer korleis det vert skapt nye former for samhandling og maktutøving, når individ, organisasjonar og institusjonar tar i bruk nye kommunikasjonsformer og medieformat. Vi studerer mediene si rolle i offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar, og vi studerer korleis identitetsdanning og deltaking i samfunnslivet vert påverka av mediesamfunnet og mediekulturen.

Årsstudiet i medier og kommunikasjon gjev ei innføring i mediene som institusjonar, om mediebruk og mediene sitt publikum, om mediene som tekstar og estetiske uttrykk, og om strategisk kommunikasjon i mediesamfunnet. Teoriar, metodar og historisk innsikt frå samfunnsvitskap og humaniora vert nytta til å forstå mediene si rolle i dagens samfunn. Undervisninga legg vekt på å kombinera systematiske analysar med praktiske øvingar og studentaktive læringsformer.

Eit årsstudium gir ikkje nokon form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Årsstudium med spesialiseringsemner

Årsstudium med innføringsemne og ex.phil

Relevans for arbeidsliv

Eit årsstudium i medier og kommunikasjon gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde. Eit fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i medier og kommunikasjon, noko som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i medier og kommunikasjon. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.