Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRSV-SANT Sosialantropologi, årsstudium, haust 2019

Omfang og studiepoeng

Studiet er eittårig (60 studiepoeng).

Undervisningsspråk

I hovudsak norsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Sosialantropologi er ein sentral disiplin i det globalt samanliknande studiet av kultur og samfunn. Sosialantropologar undersøkjer det kulturelle mangfaldet blant menneske verda over og dei sosiale prosessane som utfaldar seg i dette globale mangfaldet. Faget er difor vidt tematisk - all menneskeleg verksemd og kunnskap er interessant når sosialantropologar freistar å forstå variasjon, samanheng og endring i samfunn og kultur. Dette kjem òg til syne i faget sitt geografiske spenn. Sosialantropologar forskar overalt i verda og har ein særskilt tradisjon for studiar av ikkje-vestlege samfunn, men faget bidreg òg i høg grad til kunnskap om kultur, samfunn og organiseringsformer i Noreg og andre vestlege samfunn. Metodisk vektlegg faget feltarbeid, komparasjon og heilskapelege perspektiv. Under feltarbeid oppheld sosialantropologar seg i lang tid (månader eller år) i nært samliv med menneske for å få innsikt i liva deira. Den komparative metode tyder at sosialantropologar handsamar sine data ved å samanlikne med livsforhold andre stadar, òg forskaren sitt eige samfunn. Og, det heilskapelege overgripande blikket inspirerar sosialantropologar til å tenkje på tvers av livsområde (familieliv, økonomi, politikk, religion osv.) som gjerne handsamast meir isolert i andre fag. Sosialantropologi har i særskilt grad tilgjenge på menneske sine kvardagserfaringar, gjerne blant grupper som ikkje er i ålmenta sitt søkelys. Den djupe innsikta faget gjev i uvante tenkemåtar og levevis legg såleis grunnlag for kritiske og alternative perspektiv på eige samfunn.

Årsstudiet gjev innsikt i sosial og kulturell variasjon verda over og har som mål å gje studenten nokre metodiske og teoretiske reiskapar for å analysera strukturar, institusjonar og prosessar i mellommenneskeleg liv. Målsetjinga er for det første å gje ei brei og grunnleggjande innsikt i korleis menneske utformar og formast av røyndomsoppfatningar og samfunnsmessige forhold på ulike livsområde.

Tema som handsamast er mellom anna slektskap, ekteskap, familie, sosiale nettverk og andre former for organisering av kvardagslivet; former for ulikskap som til dømes kjønn, kaste, klasse og etnisitet; tilpassingar til miljøet gjennom produksjonsformer, bytte og konsum; makt, legitimering, motstand og politisk spel; verdsbilete, magi, hekseri, religion og ritual, og kvardagslivet sitt forhold til stat, nasjon, migrasjon, globalisering og utviklingsprosessar. I tillegg til denne breie globale handsaminga av sentrale tematikkar i menneske sine livstilhøve får studenten òg meir djuptgåande kjennskap til sosiale og kulturelle særtrekk i to verdsregionar. For det tredje problematiserar årsstudiet tilhøvet mellom teori og empiri gjennom å leggje vekt på korleis ulike teoretiske perspektiv på røynda gjev ulike forståingar av sosialt og kulturelt mangfald.

Læringsutbyte

Etter årsstudiet i sosialantropologi skal studenten ha tileigna seg kunnskap om ei rekkje menneskelege livsformer verda over som til vanleg ikkje er i ålmenta sitt søkelys. Studenten skal kunne gjere greie for alternative forståingar og praksisar på ulike livsområde og vere i stand til å reflektere over konvensjonar i eige samfunn i kontrast til desse. I tillegg til denne breie globale forståinga av livsforholda til menneske skal studenten ha ei djupare etnografisk innsikt i to regionar av verda. Studenten skal vidare kunne gjere greie for nokre av dei sentrale teoretiske perspektiva som ligg til grunn for ulike forståingar av kultur og samfunn innan sosialantropologi, og gjere bruk av sentrale fagomgrep i analysar av mellommenneskelege forhold på utvalte livsområde. Studenten skal òg ha etablert ei grunnleggjande forståing av sentrale metodar i faget, særskilt feltarbeid.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester:

  • SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon (15 studiepoeng)
  • SANT105 Maktas uttrykk og løyning (15 studiepoeng)

2. semester:

  • SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv (15 poeng)
  • SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 poeng)

For studentar som ikkje ønskjer undervisningskompetanse anbefalast følgjande kurs i første semester (haust):

  • SANT100 Invitasjon til sosialantropologi (10 studiepoeng)
  • SANT150 Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar
  • EXPHIL-SVEKS (10 studiepoeng)

Delstudium i utlandet

Årsstudium opnar ikkje for moglegheit til å ta deler av studiet i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftelege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar i hovudsak obligatoriske oppgåver samt skuleeksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bestått / ikkje bestått (obligatoriske oppgåver) samt bokstavkarakterar A-F (skuleeksamen).

Grunnlag for videre studium

Eit årsstudium kan inngå i ein bachelorgrad som eitt av tre år i denne. Det tilrådde årsstudiet i sosialantropologi kan i si heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i sosialantropologi innan eit bachelorprogram med spesialisering i sosialantropologi. Det vil vere høve til å søkje om intern overgang frå årsstudiet til bachelorprogrammet.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet i sosialantropologi har som mål og utdanne kandidatar som kan ta på seg oppgåver i samfunnet der det er behov for ekspertise på sosiokulturelle tilhøve - i Noreg eller utlandet. Studiet gjev ei særskilt innsikt i kulturelle og organisatoriske tilhøve i ulike miljø som sjeldan er i ålmenta sitt søkjelys. Årsstudiet gjev undervisningskompetanse i samfunnsfag innan det offentlege skuleverket.

Evaluering

Evalueringa av årsstudiet er regulert gjennom generelle kvalitetssikringsrutinar. Emna som inngår i studiet blir evaluert av studentar og faglærarar regelmessig.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for sosialantropologi

E-post: studieveileder@sosantr.uib.no

Heimeside: http://www.uib.no/antro/