Studieplan for ÅRSV-SAPO Samanliknande politikk, årsstudium, haust 2024
Mål og innhald
Årsstudiet i samanliknande politikk er eit eittårig studium som omfattar 60 studiepoeng fordelt på to semestre.
Samanliknande politikk er eit spesialisert statsvitskapleg fag, og utgjer det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosesser og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt. Det vert lagt vekt på politisk utvikling og aktuelle politiske forhold i Europa, fordi solid kunnskap om eins eige kulturområde og dette sin historie ofte er ein naudsynt føresetnad for å kunne studere politiske forhold i andre deler av verda.
Spørsmål som vert stilte i faget er mellom andre: Kva er føresetnadene for demokratiske styreformer? Kvifor fekk nokre land tidlegare utvikling i retning massedemokrati enn andre? Kva bestemte tempoet i denne utviklinga og kvifor fekk vi demokratiske system med ulik form? Kva slags stadier har stats- og nasjonsbygginga gjennomløpt i ulike land, og kva var drivkreftene bak denne prosessen? Kva slags prosesser førte til utviklinga av einskaplege nasjonalstatar, og kva slags ga utvikling mot føderale statsdanningar eller andre former for statar som omfatta ulike nasjonale folkegrupper? Kva karakteriserer samspelet mellom staten og ulike interessegrupper og parti i statar med få og mange konfliktlinjer?
Årsstudiet skal gi grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor statsvitskapen og kunne tilby ein kombinasjon av emne som kan føre fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlege skuleverket.
Læringsutbyte
Studentane skal gjennom årsstudiet ha fått kjennskap til ulike demokratiteoriar - og omgrep, og lært å bruke dei komparativt med empiriske dømer på tvers av land. Studentane skal også vere kjent med politiske utviklingsteoriar og korleis desse kan sjåast i samanheng med utvikling av demokrati, demokratisk transisjon og konsolidering.
Studentane skal også ha tileigna seg grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter innan samfunnsvitskapleg metode med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av ulike typar data. Studentane skal mellom anna ha fått kjennskap til casestudiar, komparativ metode, regresjonsanalyse og diskursanalyse.
Gjennom årsstudiet i samanliknande politikk skal studentane sitje igjen med ei grunnleggjande forståing av føresetnadene for og stadia i stats- og nasjonsbygging i Europa, samt gi ein empirisk belysning av europeiske politiske system si utvikling og struktur. Studentane skal vere i stand til å kunne drøfte variasjonar mellom land og korleis likskapar og skilnader kan bli forklart og kunne gjere greie for dei ulike fasane i stats- og nasjonsbygging ved å ta i bruk følgjande omgrep som står sentralt: stat, makt og legitimitet; Kultur og verdiar; Deltaking, rettar, innverknad; Fordeling, utvikling og globalisering.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Rekkefølgje for emne i studiet
Årsstudium med spesialiseringsemne:
1. semester (høst)
2. semester (vår)
- SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging
- SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati
- SAMPOL107 Politisk mobilisering
Årsstudium med innføringsemne og Ex.phil:
1. semester (høst)
- EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum- skuleeksamen
- SAMPOL100 Innføring i samanliknande politikk
- SAMPOL103 Faglege tilnærmingsmåtar og ideologiar i studiet av politikk
2. semester (vår)
- SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging
- SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati
- SAMPOL107 Politisk mobilisering
Delstudium i utlandet
Årsstudium opner ikkje for muligheiter til å ta delar av studiet i utlandet.
Undervisningsmetodar
Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformar: heime-, skriftleg- og munnleg eksamen.
Karakterskala
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Grunnlag for videre studium
Eit årsstudium kan inngå i ein bachelorgrad som eitt av tre år i denne. Det tilrådde årsstudiet i samanliknande politikk kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i samanliknande politikk innan eit bachelorprogram med spesialisering i samanliknande politikk. Det vil vere høve til å søkje om intern overgang frå årsstudiet til bachelorprogrammet.
Relevans for arbeidsliv
Årsstudiet er ikkje i seg sjølv eit grads- eller vitnemålsgivande studium. Årsstudiar er ei kortare utdanning som kan brukast til å komplettere tidlegare utdanning anten ved å spisse denne eller ved å gi ein større bredde. Årsstudiet er satt saman mellom anna for å gi ytterlegare undervisningskompetanse for tilsetting i skuleverket.