Hjem
Utdanning

Studieplan for ÅRSV-SOS Sosiologi, årsstudium, haust 2021

Undervisningsspråk

Norsk/Engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Sosiologi er eit samfunnsfag som studerer menneskeleg liv, grupper og samfunn ut frå ulike perspektiv. Sosiologar er opptatt av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å fortolke og forklare korleis menneske vert forma av samfunnsforhold, samstundes som dei sjølve med sine handlingar og reaksjonar endrar desse betingelsene. Sosiologiske studiar kan dreie seg om alt frå analyse av møter mellom enkeltindivid til utforsking av globale sosiale prosesser. I undervisninga og forskinga ved instituttet har dimensjonane kjønn, makt og ulikskap stått sentralt. I tillegg arbeider vi mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering.

Årsstudiet skal gi grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor sosiologi og føre fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlege skuleverket.

Læringsutbyte

Studenten skal ha kjennskap til sentrale idear, teoriar og kunnskapsområde innanfor faget.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Rekkefølgje for emne i studiet

Årsstudium med spesialisering:

1. semester

  • SOS103
  • MET102 eller eit valfritt sosiologiemne i rekkja SOS105-SOS119

2. semester

  • SOS101
  • MET102 eller eit valfritt sosiologiemne i rekkja SOS105-SOS119

Årsstudium med innføringsemne og exphil:

1. semester:

2. semester:

Delstudium i utlandet

Årsstudium åpner ikkje for høve til å ta deler av studiet i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformar: heime-, skriftleg- og munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterer ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar;

  1. som "Bestått" eller "Ikkje bestått"
  2. som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Grunnlag for videre studium

Eit årsstudium kan inngå i ein bachelorgrad som eitt av tre år i denne. Det tilrådde årsstudiet i sosiologi kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i sosiologi innan eit bachelorprogram med spesialisering i sosiologi. Det vil vere høve til å søkje om intern overgang frå årsstudiet til bachelorprogrammet.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet er ikkje i seg sjølv eit grads- eller vitnemålsgjevande studium. Årsstudier er ei kortare utdanning som kan brukast til å komplettere tidligare utdanning. Det er satt saman blant anna for å gje undervisningskompetanse for ansettelse i skuleverket.

Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad dersom du går over til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt . Dette gjeld spesielt for dei "frie" bachelorprogramma der det er stor grad av valfridom i delar av studiet . Når du er teken opp på eit årsstudium er det mogleg å søkje intern overgang til dei "frie" bachelorprogramma.

Evaluering

Evaluering av årsstudiet er regulert gjennom generelle kvalitetssikringsrutinar. Emna som inngår i studiet vert evaluert av studentar og faglærarar jevnlig.