Sosiologi, årsstudium
- Lengde1 år
- Ordinær51.9
- Primær45.8
- Plassar21
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng60
- StartHaust
Sosiologistudiet gjer deg kompetent til å sjå samfunnsforholda frå forskjellige synsvinklar og til å drøfte ulike perspektiv opp mot kvarandre. Det trengst slik kompetanse i mange verksemder på ei rekke samfunnsområde.
Vi drøftar spørsmål som:
- Korleis kan vi analysere korleis samfunnsforholda har blitt til, og korleis dei blir endra?
- Korleis kan samfunnsforholda skape sjansar og sette grenser for einskilde menneske og gruppene dei høyrer til?
Studiet passar for deg som er interessert i korleis samfunnet er organisert og endrar seg. Som sosiologistudent vil du få innsikt i levemåtane og levekåra til ulike samfunnsgrupper og i ulike måtar å løyse samfunnsproblem på.
Sosiologi i Bergen har lenge vore sentral i norsk sosiologiutdanning. Vi underviser og gir rettleiing i mange emne, særleg viktige er sosial ulikskap, velferd, familie, utdanning, arbeidsliv, økonomiske relasjonar og migrasjon.
Meir informasjon under

Kvifor velje årsstudium?
Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer for å komplettere tidlegare utdanning, eller om du berre vil studere i eit år. Årsstudiet med spesialiseringsemne i sosiologi gir undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i samfunnsfaga.
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i sosiologi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein mastergrad i sosiologi.
Meir informasjon under
Oppgygging
Årsstudium i sosiologi går over to semester og startar i august.
Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.
Årsstudium med innføringsemne
Passer for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i sosiologi.
1. semester
- EXPHIL-SVEKS / EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum – skuleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
- SOS100A Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema (20 studiepoeng)
2. semester
- SOS101 Klassisk og moderne sosiologisk teori (10 studiepoeng)
- MET102 eller eit valemne i rekka SOS105-118
Årsstudium med spesialiseringsemne
Passer for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.
1. semester
- SOS103 Samfunnsstrukturar i endring (15 studiepoeng)
- MET102 Samfunnsvitskapleg metode eller eit valfritt sosiologiemne
2. semester
- SOS101 Klassisk og moderne sosiologisk teori (15 studiepoeng)
- MET102 Samfunnsvitskapleg metode eller eit valfritt sosiologiemne
Du finn detaljert timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Studiekvardag
Studiekvardagen har ein god del sjølvstudium, så studiet passar godt for deg som er sjølvstendig og liker å legge opp studieveka på eigehand. Undervisning og litteratur vil vere på norsk og engelsk og du vil ha om lag åtte undervisningstimar i veka.
Som student ved SV-fakultetet kan du lese på biblioteket eller bruke lesesalane på Ulrike Pihls hus.
Sosiologisk institutt og Fagutvalet legg godt til rette for at studentane skal føle seg inkluderte i studiekvardagen. Fagutvalet arrangerer ofte sosialt samvær som quizkveld, eksamensfrukost på instituttet og eksamensfestar. En fredag i månaden har vi noko vi kallar fredagssalongen kor tilsette ved instituttet diskuterer aktuelle tema.
Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Kva lærer du
Du skal lære å anvende sosiologiske teoriar og omgrep for å drøfte sentrale utviklingstrekk ved historia og ved globaliseringa i vår tid.
I tillegg skal du lære å ta i bruk sosiologiske omgrep i utgreiing av:
- ulike historiske former for industrialisering og kapitalisme
- kolonisering og imperialisme
- klasseprosessar og endringar i kvinnene si stilling i samfunnet
- den moderne staten sin karakter
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.
Korleis søke
For å søke opptak på dette studiet må du ha generell studiekompetanse.