Hjem

Data Science (sivilingeniør), master, 5 år.

Digitalisering påverkar og endrar samfunnet i rekordfart. Vi utdannar ekspertar i data science, som kjem eit stort samfunnsbehov i møte.
  • Lengde5 År
  • Ordinær54
  • Primær52,2
  • Plassar20
  • OpptakskravSIVING
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Introduksjon

Sivilingeniørstudiet i data science gjer deg realfagleg kompetanse som er svært etterspurt i ei verd som i aukande grad blir forma av store mengder data.

Som sivilingeniør i data science vil du få teoretiske og praktiske ferdigheiter innan alle områder av data science. Til dømes maskinlæring, matematikk, statistikk, programutvikling, nettverk og visualisering.

Du vil være ekspert på å samle inn, førebu, behandle og analysere data. Du vil få erfaring i å leie prosjekt innan IT, og i løpet av studieløpet få nyttig praksiserfaring frå arbeidslivet.

Meir informasjon under

Informatikk åpner en ny verden

Produsent:
Joakim Birkelund

Jobb

Du vil kunne jobbe i sektorar kvar det er behov for Data Science og IT-ekspertar.

Som sivilingeniør i data science vil du kunne velje om du ynskjer å arbeide i ei bedrift som er dedikert til IT, eller om du vil jobbe i andre sektorar med deira interne IT utfordringar.

Det er stadig etterspørsel etter arbeidstakarar med bakgrunn innan data science. Data scientistar jobbar innan fleire sektorar:

  • Finans, bank og forsikring
  • Høgteknologibedrifter
  • IT og telekommunikasjon
  • Konsulentbransjen
  • Gründerverksemd
  • Offentleg forvaltning og forsking
  • Store industriselskap

Vil du jobbe med forsking, ser vi eit aukande behov etter folk som vil gå vidare med ein forskarkarriere innan informatikk. Det er moglegheiter for å få ei betalt stipendiatstilling, slik at du kan ende opp med doktorgrad.

Les meir om kvar våre tidlegare studentar jobber no.

Oppbygging

Det integrerte masterprogrammet i data science er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august.

Ex.Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma ved UiB.

Masteroppgåva er på 30 studiepoeng.

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.

Slik er studiet bygd opp: 

  1. semester (haust)
  • INF140 Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
  • MAT111 Grunnkurs i matematikk eller MAT105 Matematikk for naturvitskap (10 studiepoeng)
  • INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng) 
  1. semester (vår):
  • MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng)
  • MNF130 Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
  • INF101 Objektorientert programmering (10 studiepoeng) 
  1. semester (haust):
  • INF161 Innføring i data science (10 studiepoeng)
  • STAT110 Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
  • INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng) 
  1. semester (vår):
  • INF115 Databasar og modellering (10 studiepoeng)
  • INF112 Innføring i systemutvikling (10 studiepoeng)
  • STAT111 Statistiske metodar eller STAT200 Anvendt statstikk (10 studiepoeng) 
  1. semester (haust):
  • PHYS116 Signal- og systemanalyse (10 studiepoeng)
  • INF170 Modellering og optimering (10 studiepoeng)
  • Ex.phil Examen philosophicum (10 studiepoeng) 
  1. semester (vår):
  1. semester (haust):
  • INF234 Algoritmer (10 studiepoeng)
  • INF264 Innføring i maskinlæring (10 studiepoeng)
  • AIKI210 Etikk i kunstig intelligens (10 studiepoeng) 
  1. semester (vår):
  • DSC219 Praksis i data science (10 studiepoeng)
  • INF250 Dataorientert visuell berekning (10 studiepoeng)
  • Valemne (10 studiepoeng) 
  1. semester (haust):
  • DSC300 Data science prosjektstyring (10 studiepoeng)
  • Valemne (10 studiepoeng)
  • Valemne (10 studiepoeng)

10. semester (vår):

  • DSC399K Masteroppgåve (30 studiepoeng)

Studiekvardag

Det integrerte masterprogrammet i data science er eit fulltidsstudium. Det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb.

Du kjem til å ha teoretiske emne som gir deg verktøya du trenger for å forstå problemstillingar og finne løysingar på disse. I tillegg vil du ha praktiske emne på datalab. Her vil studentar som har komme lenger i utdanningsløpet rettleie og hjelpe deg til å bli ein god programmerar og problemløysar. Du kjem også til å ha praksisutplassering og jobbe med ulike prosjekt. 

Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei typisk veke på studiet vil du ha seks forelesningar og tre seminargrupper. Du må også regne med å bruke tid på lesesalen med sjølvstudium av pensumlitteraturen. 

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabellen. 

Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.

Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforening som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar gjennom heile året.

Mentor

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.

På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!

Meir informasjon under

Mentorordning for førsteårsstudenter

Produsent:
Arnt Brandseth

Studiestart

Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.

Les meir om studiestarten

Kva lærer du 

Ein ferdig utdanna student på dette programmet:

  • har kjennskap til heile verdikjeda i data science inkludert preprosessering, organisering og vedlikehald, læring, visualisering, rapportering og operasjonalisering
  • kan planlegge og gjennomføre prosjekt i data science
  • kan både velje rette (data science) verktøy, og bruke desse strategisk for å løysa ulike problemstillingar.

Sjå full liste over læringsutbyte på dette studiet.

Utveksling

Du kan reise på utveksling, og gjerne i sjette semester som er det tilrådde utvekslingssemesteret i graden. Vi tilbyr utveksling til våre samarbeidsuniversitet i Tsjekkia, Tyskland, Slovakia, Østerrike og Finland, men du kan også velje eit anna land.

Institutt for informatikk har mange avtaler med universitet i Europa. 

Her er noken av samarbeidsuniversitetane våre

Korleis søke om å reise på utveksling

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og SIVING: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 + Fysikk 1.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her