Hjem

Energi (sivilingeniør), master, 5 år

Verda står ovanfor tøffe klimautfordringar og energisituasjonen i verda er i rask endring. Korleis kan energiforsyning og energibruk bli lagt om, slik at vi klarer å halde oss under 2-gradersgrensa for global oppvarming – samstundes som vi skal imøtegå eit stadig veksande energibehov?
  • Lengde5 År
  • Ordinær54,8
  • Primær50,8
  • Plassar51
  • OpptakskravSIVING
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva fornybare energikjelder kan sikre global energiforsyning på sikt? Skal vi nå FN-målet om påliteleg og berekraftig energi til alle er energiomstilling og reduksjon av CO2-utslepp avgjerande. Korleis kan vi redusere CO2-utslepp raskt nok?

I studiet vil du få innsikt i  teknologiske, samfunnsmessige og miljømessige  konsekvensar av vår bruk av ulike energikjelder.  

Du lærer  om  energiressursar,  og  korleis dei blir omforma og brukt.  Nokre  energikjelder er i rask vekst, som til dømes  vindenergi, solenergi og  bioenergi, men fossil energi er framleis dominerande. Kan teknologi for CO2-handtering bli ein del av løysninga på utsleppsproblemet? 

Andre teknologiar  er  i liten grad tatt i bruk, men har  stort  potensial, som  bølgjeenergi, tidvatnenergi, geotermisk energi.  Slike  nye, fornybare energikjelder vil gi nye utfordringar til energisystemet  vårt  med  tanke  på handtering og  leveringstryggleik.   

Gjennom studiet opparbeider du deg  solid kompetanse i grunnleggande realfag. Dette gir deg evne til å følge med i den hurtige energiomstillinga. I tillegg får du en breiddekunnskap som hjelper deg å sette energi inn i eit samfunnsmessig perspektiv.  I studiet er det òg lagt inn tid til praksis i ei relevant verksemd. 

Studiet gir deg  sivilingeniørkompetanse. Det betyr at du i tillegg til dei grunnleggande realfaga òg får kunnskap innanfor fag som programmering, teknologileiing og økonomi og miljøfag. Masteroppgåva er eittårig, det gir deg moglegheit for fordjuping.  

Les meir om klima og energiomstilling

Meir informasjon under

Sivilingeniør i energi: Håkon ønsket et studie med gode framtidsutsikter

Producer:
Sølvrev

Jobb

I samfunnet er det eit stort fokus på energiforsyning og energibruk i framtida. Å oppnå 2 (1.5) gradars målet, FN sitt berekraftmål for 2030 og nasjonale utsleppsmål, er alle sterkt kopla til val av energikjelder og energibruk. Både industri og samfunn er i sterk omstilling på energiområdet. Det vil derfor vere eit aukande behov for arbeidstakarar med detaljert innsikt i ulike energispørsmål, og som kan sette desse inn i ein breiare samanheng.  

I næringslivet skjer det ei rivande utvikling av arbeidsformer og oppgåver innan energifeltet. Kompetansen til sivilingeniører i energi kan til dømes bli brukt i 

  • eksisterande energiselskap som opererer i Noreg (som Equinor, Statkraft og BKK)  
  • selskap som blir etablert ut frå nye forretningsmodellar (som Otovo, Greenstat) 
  • konsulentselskap som leverer tenester til energifeltet inkludert energihandel ( som StormGeo, Multiconsult) 
  • verksemder innan havvind, geotermi og CO2-lagring (som Equinor)  
  • verksemder innan bioenergi (Bergen kommune) og biodrivstoff (Statkraft) 
  • transportbedriftar, særleg på det maritime området (som reiarlag, NCE Maritime Cleantech)  
  • ingeniørbedriftar (som Aker Solutions, Aibel, Kværner) 
  • norske selskap som posisjonerer seg for nisjar innan globale marknader.  

I tillegg vil offentlege etatar på regionalt nivå, på nasjonalt og til dels internasjonalt nivå, ha nytte av slik kompetanse anten ved å tilsette kandidatar sjølv eller via bruk av konsulentselskap til utgreing- og planleggingsoppgåver.  

Studieprogrammet vil og legge eit godt fundament for videre doktorgradsstudium innan fagfeltet. 

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Oppbygging 

Det integrerte masterprogrammet i energi er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august.  Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.    

Du  kan velje mellom fire spesialiseringer/fordypninger:  

  • Vind- og havenergi 
  • Reservoar og geoenergi  
  • Energi- og prosessteknologi 
  • Kjemiske energiløysingar
  • Modellering av energisystem 

Studiet har to komponentar: emne del på 240 sp og ei individuell mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Oppbygginga og studieløpet for dei ulike studieretningane finn du i studieplanen

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene

Studiekvardagen 

Her blir du del av ein klasse der de følger kvarandre gjennom studiet. Du møter eit godt studentmiljø  med  tett oppfølging.  

Det integrerte masterstudiet  er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Mange emne krev obligatorisk oppmøte og mange av dei har obligatoriske arbeidskrav. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.   

I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha  20-25 timar med  førelesingar, seminar og  praktiske øvingar . I tillegg kjem praksis i periodar, og tid på lesesalen med pensumlitteratur.   

Undervisinga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i  studieplanen.   

Du er i kontakt med næringslivet  gjennom  emnet  ENERGI240 - Praksis utplassering  i fjerde semester, samt gjennom ekskursjonar og bedriftspresentasjonar.   

Geofysisk institutt drifter studieprogrammet, og like i nærleiken ligg  Realfagbygget, der det er  læringssenter, bibliotek og lesesalar.   

Masteroppgåva  er på 60 studiepoeng, altså eitt år. Dette gjer det mogleg å fordjupe deg godt i stoffet. Du  kan  velje mellom ulike oppgåvetema, avhengig av kva studieretning du veljer. Sjå meir detaljar under skildringa av kvar studieretning i studieplanen.  

Mentor

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.

På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!

Meir informasjon under

Mentorordning for førsteårsstudenter

Producer:
Arnt Brandseth

Studiestart

Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.

Les meir om studiestarten

 

Kva lærer du? 

Ein ferdig utdanna student på dette programmet:   

  • har solide, vitskapeleg funderte  kunnskapar  om ulike  energiressurser, deira utnytting og ulemper  
  • har spesialisert kunnskap innan eitt felt slik som 1) Vind- og havenergi, 2) Reservoar og geoenergi, 3) Energi – og prosessteknologi eller 4) Kjemiske energiløysingar 
  • kan, innan sitt spesialfelt, foreta avanserte analysar av til dømes ressurser,  nyttbar  energi, systemverknad og  miljøkonsekvensar  

Sjå full liste over læringsutbytet.  

Utveksling 

Du kan reise på utveksling, og gjerne i femte semester som er utviklingssemesteret i graden.  Du kan reise ut for å ta emne eller for jobbe med masteroppgåva.  

Ei avtale med  DTU i Danmark er på plass, og fleire tilrettelagte utvekslingsavtalar kjem snart. Sjå i studieplanen for fleire detaljar. 

Korleis søke om å reise på utveksling?

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke?

For å søke dette studieprogrammet må du ha  generell studiekompetanse  og SIVING:  Matematikk R1 (eller S1 og S2) + R2 + Fysikk 1. 

Søknadsfristen er 15. april.  

Søk her