Hjem

Energi (sivilingeniør), master, 5 år

Dette er sivilingeniørstudiet for deg som vil vere med å løyse verdas energiutfordringar. Korleis kan energiforsyning og energibruk bli lagt om slik at vi kan sikre ei berekraftig framtid? Ta ei framtidsretta sivilingeniørutdanning og bli ein ressurs for framtidas energiløysingar!
  • Lengde5 År
  • Ordinær54,8
  • Primær50,8
  • Plassar49
  • OpptakskravSIVING
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?  

Ein ferdig utdanna sivilingeniør frå dette programmet    

  • har solid, vitskapeleg fundert kunnskap om ulike energiressursar, deira utnytting, fordelar og ulemper 

  • har spesialisering innan eit av felta  1) vind- og havenergi, 2) reservoar og geoenergi, 3) energi – og prosessteknologi, 4) kjemiske energiløysingar eller 5) modellering av energisystem 

  • kan utføre avanserte analysar av for eksempel ressursar,  fornybar  energi, systemverknad og  miljøkonsekvensar   

  • kjenner dei teknologiske, samfunns- og miljømessige utfordringane og moglegheitene knytt til verdas energibruk og energikjelder 

Meir informasjon under

Sivilingeniør i energi: Håkon ønsket et studie med gode framtidsutsikter

Produsent:
Sølvrev

Studiekvardag  

På energiprogrammet blir du del av eit kull som følger kvarandre gjennom studiet. Vi har eit inkluderande studentmiljø på tvers av kulla, og du vil treffe studentar på liknande studieprogram i dei ulike emna. Emna i programmet er innan fysikk, informatikk, kjemi og matematikk, og vêr, hav og klima.

Studiekvardagen består av undervisning i store og små grupper, data- og rekneøvingar, laboratoriearbeid og sjølvstudium. Du kan rekne med å bruke rundt 40 timar i veka på̊ studia. Du finn lesesalplassar på̊ læringssenteret til Universitetsbiblioteket i Realfagbygget eller i Allégaten 66. Om sommaren sit mange studentar i den fine hagen framfor Geofysisk institutt.

På programmet har vi eit aktivt fagutval (Lumen), som står for både sosiale og faglege  arrangement. Følg studentane her. Du får vere ein del av eit internasjonalt fagmiljø gjennom samarbeid med for eksempel Bergen Offshore Wind Centre (BOW), Bergen Energy Lab og Bjerknessenteret for klimaforsking.   

Kva kan du jobbe som?  

Sivilingeniørar med mastergrad i energi er etterspurt. Dagens utfordringar skapar aukande behov for spesialistar innan energi og energiomstilling, både i Noreg og i verda.  

Utdanninga opnar for ein karriere i både privat og offentleg sektor, for eksempel innan  

  • energiselskap (som Equinor, Statkraft og Eviny)  
  • energiteknologiselskap   
  • konsulentselskap (som StormGeo, Multiconsult)  
  • universitet, høgskolar og forskingsinstitutt  
  • transportbedrifter (som NCE Maritime Cleantech)  
  • leverandørindustrien (som Aker Solutions, Aibel, Kværner)  

Opptakskrav og søknadsfrist 

Generell studiekompetanse og SIVING:

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.

Du dekker kravet, sjølv om du ikkje har generell studiekompetanse, hvis du har

  • bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 eller
  • bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning eller
  • bestått 2-årig teknisk fagskole (rammeplan fra 1998/99 eller tidligare ordningar).

Søknadsfristen er 15. april.  Søk her

Studiets oppbygging 

Det integrerte masterprogrammet i energi er eit femårig fulltidsstudium. Dei første to åra (1.-4. semester) er felles for alle studentane på kullet. Deretter vel studentane kva spesialisering dei ønsker å fordjupe seg i. Studiet vert avslutta med ei individuell mastergradsoppgåve. 

Du kan spesialisere deg i retningane 

  • Vind- og havenergi  
  • Kjemiske energiløysingar 
  • Modellering av energisystem  
  • Reservoar- og geoenergi   
  • Energi- og prosessteknologi  

Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha forelesingar, seminar og  praktiske øvingar. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på nettsidene til kvar enkelt emne. Sjå nærmare på Introduksjon til energikjelder ENERGI101. Du kjem i kontakt med næringslivet  gjennom  emnet  ENERGI240 Praksisutplassering, samt gjennom ekskursjonar og bedriftspresentasjonar.    

Masteroppgåva  er på 60 studiepoeng, altså eitt år. Dette gjer det mogleg å fordjupe deg godt i stoffet. Du  kan  velje mellom ulike oppgåvetema, avhengig av kva studieretning du vel.  

Oppbygginga og studieløpet for dei ulike studieretningane finn du i studieplanen. Dette er eit eksempel på korleis studieløpet ditt kan sjå ut: 

1. semester (haust)  

  • Introduksjon til energikjelder og forbruk (ENERGI101, 10 studiepoeng) 
  • Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng) 
  • Innføring i programmering (INF100 , 10 studiepoeng) 

2. semester (vår) 

  • Livsløpsanalyse (ENERGI102, 10 studiepoeng) 
  • Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng) 
  • Mekanikk 1 (PHYS111, 10 studiepoeng) 

3. semester (haust) 

  • Miljø og energi (ENERGI230, 10 studiepoeng) 
  • Kjemi og energi (KJEM110, 10 studiepoeng) 
  • Grunnkurs i statistikk (STAT110, 10 studiepoeng) 

4. semester (vår) 

  • Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng) 
  • Innovasjon ved designtenkning (INNOV201, 10 studiepoeng) 
  • EXPHIL-MNSEM (10 studiepoeng) 

5. semester (haust) 

  • Praksisutplassering (ENERGI240, 10 studiepoeng) 
  • Retningsval (10 studiepoeng) 
  • Retningsval (10 studiepoeng) 

6. semester (vår) 

  • Retningsval (10 studiepoeng) 
  • Retningsval (10 studiepoeng) 
  • Retningsval (10 studiepoeng) 

7. semester (haust) 

  • Retningsval/valemne (10 studiepoeng) 
  • Retningsval/valemne (10 studiepoeng) 
  • Retningsval/valemne (10 studiepoeng) 

8. semester (vår) 

  • Valemne (10 studiepoeng) 
  • Valemne (10 studiepoeng) 
  • Valemne (10 studiepoeng) 

9. semester (haust) 

10. semester (vår)  

Utveksling 

Dersom du ønsker eit utanlandsopphald, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar tidleg i studiet.   

Vidare studiemoglegheiter 

Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.  

Studieplan 

Studieplan for 5MAMN-ENER Energi (sivilingeniør), master, 5 år, haust 2023 | Universitetet i Bergen (uib.no)