Hjem

Havteknologi (sivilingeniør), master, 5 år

Dette studiet gir deg brei kompetanse innan sentrale tema i havteknologi, der du kan fordjupe deg i marine målesystem eller marine installasjonar. Du lærer å forstå havteknologi og å vidareutvikle havteknologi i framtida i samanheng med teknologi og samfunnsbehov.
  • Lengde5 år
  • Ordinær48,7
  • Primær46,8
  • Plassar

    22

  • OpptakskravSIVING
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Velkommen til studiestart ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat)!

Påmelding til undervisning (IGANG): Etter at du har takka ja til studieplass skal du registrere deg til undervisning via IGANG.

Oppfriskingskurs i matematikk: I veke 32 tilbyr me oppfriskingskurs i matematikk. Det kan vere klokt å følge dette kurset før du startar på studiane dine.

Frammøte: Studiestart frå måndag 10. august, kl. 13.00 på Realfagbygget, Allégaten 41, til fredag 14. august. Nøyaktig informasjon om rom får du rundt 7. august på epost og SMS. Det er godt skilta på campus.

Studiestart er obligatorisk.

Korona: Studiestart skjer på campus og UiB følgjer til kvar tid gjeldande smittevernsreglar.

Program: Her finn du program for studiestarten.

Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt.

Sjekkliste: For å bli klar for studiane, må du gjennom en sjekkliste. Du vil få hjelp til semesterregistrering i studiestartveka.

Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging, informerer du oss om dette via IGANG.

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 30 30 eller studie.matnat@uib.no.  

Les nyttig informasjon til deg som skal bli havteknologi-student her.

Følg @realfaguib på Instagram!

Studiestart matematisk-naturvitenskapelige fakultet høsten 2020

Ny realfagstudent ved UiB

Producer:
UiB

Vidareutvikling av havteknologi har grunnleggande betydning for blant anna: 

  • overvaking av tilstanden til havet (miljøovervaking) 
  • kartlegge havrommet og havbotn 
  • utvinne ressursar frå havet og havbotn på ein bærekraftig måte 

Den faglege profilen baserer seg på anvendt fysikk og teknologi, det vil seie at vi brukar vitskap til å løyse praktiske problem. Sentrale tema på studiet er fysikk, matematikk, statistikk, dataprogrammering, måleteknologi og instrumentering, robotikk, marinteknikk og marine konstruksjonar. Studiet gjer deg også kunnskap i teknologileiing, økonomi og nyskaping. 

Studieprogrammet i havteknologi er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Forsvarets høgskole - Sjøkrigsskolen. Næringsliv og forskingsinstitusjonar i nærområdet bidrar med lærarar, praksisplassar og masterprosjekt til studentane. 

Meir informasjon under

Sivilingeniør i havteknologi

Producer:
UiB

Jobb

Som utdanna sivilingeniør i havteknologi vil det vere behov for deg i uoverskodeleg framtid. Verdiskapinga er stor, og er venta å auke vidare i åra som kjem. 

Den marine industrien er variert, og både framstiller og bruker teknologi knytt til havet. 

Denne industrien inkluderer 

  • teknologiselskap som utviklar og lagar marine sensorar og marine observasjonsplattformer.  
  • subsea-selskap, som bruker fjernstyrte og autonome undervassrobotar (ROV/AUV) til inspeksjon og vedlikehald av havbotnsinstallasjonar.  
  • fiskeindustri som bruker akustiske sensorar til innhausting av marine ressursar 
  • havbruksnæring som bruker marin sensorteknologi til overvaking av produksjon og miljø.  
  • forskings- og utdanningsinstitusjonar og forvaltingsinstitusjonar som for eksempel Havforskingsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling.

Studiet gir eit godt fundament for vidare doktorgradsstudium i fagfeltet. 

Les meir om kva du kan jobbe med

Meir informasjon under

Oppbygging 

Det integrerte masterprogrammet i havteknologi er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.   

Du kan velje mellom to studieretningar: 

  • Marine målesystem
  • Marine installasjonar 

Studiet har to komponentar: emnedel på 240 sp og individuell mastergradsoppgåve 60 sp. Studieplan for studieretningane og spesialiseringane i studieprogrammet vert synt under. Valemne utgjer 30 sp i studieretninga marine målesystem og 20 sp i studieretninga marine installasjonar. Du vel desse i samråd med rettleiar.

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp: 

Studieplan for studieretning Marine målesystem - spesialisering akustikk

* Blir undervist ved Høgskulen på Vestlandet

Studieplan for studieretning Marin målesystem- spesialisering optikk

* Blir undervist ved Høgskulen på Vestlandet

Studieplan for studieretning Marin målesystem- spesialisering instrumentering

* Blir undervist ved Høgskulen på Vestlandet

Studieplan for studieretning Marine installasjonar

* Blir undervist ved Høgskulen på Vestlandet

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardagen 

Her blir du ein del av ein liten klasse (22 studieplassar) der de følger kvarandre gjennom studiet. Her møter du eit godt studentmiljø med tett oppfølging. 

Studiet er eit fulltidsstudium, og mange emne krev obligatorisk oppmøte gjennom semesteret. Dermed lar det seg ikkje kombinere med fulltidsjobbing utanom. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Ein del emne har krav om obligatorisk oppmøte og dei fleste emna har obligatoriske arbeidskrav.  

20 – 30 studiepoeng (altså to til tre emne) i studieplanen er valfrie. Dei fleste av desse studiepoenga vel du i samråd med rettleiaren for masterprosjektet ditt

I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 20-25 timar med forelesningar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg kjem praksis i periodar, og tid på lesesalen med pensumlitteratur.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.  

Du får tidleg kontakt med og  ein smakebit på fagfeltet gjennom emnet HTEK101 i første semester. 

Du er i tett kontakt med næringslivet med praksis gjennom emnet HTEK102 i tredje semester. Institutt for fysikk og teknologi skaffar praksisplassane. 

Vi er ein del av Institutt for fysikk og teknologi. Like i nærleiken ligg Realfagsbygget der det er læringssenter, bibliotek og lesesalar.  

Masteroppgåva du skal skrive er på 60 studiepoeng, altså eitt år. Dette gjer det mogleg å fordjupe seg i stoffet. Det er òg gode moglegheiter for masterprosjekt i samarbeid med ein bedrift. 

Meir informasjon under

Bli sivilingeniør i havteknologi

Mentor

Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er studentar på andre og tredje studieår, og studerer det same som deg. Du møter dei gjennom heile det første året på universitetet.

På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om læringsstrategiar, studieteknikk og life hacks for studentar.

Meir informasjon under

Mentorordning for førsteårsstudenter

Producer:
Arnt Brandseth

Studiestart

Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.

Les meir om studiestarten

 

Kva lærer du? 

Ein ferdig utdanna student på dette programmet:  

  • har inngåande kunnskap om havteknologi og kan drøfte sentrale utfordringar og moglegheiter i fagfeltet 
  • kan gjennomføre avanserte berekningar, målingar og analyser innan marine målesystem og marine installasjonar 
  • har fagleg grunnlag for aktiv deltaking i nytenking- og innovasjonsprosessar basert på inngåande kunnskap om havteknologi generelt samt djupkunnskap innan den valde studieretninga  

Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.  

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i sjette semester. Dette studiet er så nytt at vi ikkje har tilrådde utvekslingsland ennå. Tilrettelagte utvekslingsavtalar kjem snart! 

Korleis søke om å reise på utveksling

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og SIVING: Matematikk R1 (eller S1 og S2) + R2 + Fysikk 1.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her