Hjem
Utdanning

Studieplan for 5MAMN-HTEK Havteknologi (sivilingeniør), master, 5 år, haust 2020

Namn på grad

Integrert masterprogram i havteknologi (sivilingeniør)

Omfang og studiepoeng

Integrert masterprogram i havteknologi (sivilingeniør) har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål
Utforsking, kartlegging og overvaking av marine miljø og ressursar er basert på marine målesystem og marine installasjonar. Dette har grunnleggjande betyding for utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringen, for overvaking av marine miljø (havstrømmer, biomasse, økosystem, havbotntopografi og havbotnseigenskaper), for klima (havtemperatur, og ismasse i nordområda), for fornybar energi (bølgje- og offshore vindkraft), for Sjøforsvaret (aktive og passive overvakingsteknikkar), for petroleumsnæringa, samt ved utforsking av nye mineral- og bio-ressursar i djuphava. Studieprogrammet har som mål å gje studentane avanserte kunnskapar innan sentrale tema i havteknologi med spesiell fokus på marine målesystem og marine installasjonar. Programmet er bygd opp slik at kandidatane skal utvikle evne til å forstå eksisterande havteknologi samtidig som det er fokus på moglegheiter for vidareutvikling mot framtidig havteknologi. Innovasjon og nytenking vektleggjast.

Studiets faglige profil baserer seg på anvendt fysikk og teknologi med sentrale tema som marin akustikk og optikk, måleteknologi og instrumentering og marine konstruksjonar.

Verdiskapinga i den marine næringen i Noreg er sterkt vaksande og sentral for næringsutviklinga i årene framover. For å sikre ei god og framtidsretta utvikling treng den marine næringa tilsette med avanserte kunnskapar i sentrale tema i havteknologi, som er kjernen i studieprogrammet i havteknologi.

Innhald
Studieprogrammet i havteknologi har fokus på «Marine målesystem» og «Marine installasjonar» med spesialiserte emne i akustikk / optikk / måleteknologi og instrumentering og konstruksjon.

I tillegg til grunnleggjande emne i matematikk, fysikk, statistikk og dataprogrammering, inneheld studiet eit introduksjonsemne i havmiljø som er obligatorisk i første semester. Vidare inngår eit emne i teknologileiing, økonomi og nyskaping, samt praksisutplassering i ei verksemd/ forskingsverksemd med arbeidsoppgåver relatert til havteknologi.

I studieretninga «Marine målesystem» inneheld studieprogrammet emne i måleteknologi, instrumentering, signal- og systemanalyse og hydrodynamikk med vidare spesialisering innan instrumentering, akustikk eller optikk.

I studieretninga «Marine installasjonar» inneheld studieprogrammet emne i termodynamikk, materiallære, måleteknologi, og hydrodynamikk samt i eksperimentelle metodar og verktøy som CFD-analyse og 3D-modellering.

Arbeidsforma er førelesningar, kollokvia, laboratoriearbeid, praksisopphald i verksemd/ forskingsverksemd og ekskursjonar, samt eit rettleia forskingsprosjekt i form av ei masteroppgåve. Studieprogrammet består av emne ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta studieprogram ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om havteknologi og kan drøfte sentrale utfordringar og mogelegheiter i fagfeltet
  • har djupkunnskap innan eit av studie-programmets studieretningar; Marine målesystem eller Marine installasjonar
  • har avanserte kunnskapar innan valt spesialisering i instrumentering, akustikk eller optikk i studieretninga Marine målesystem eller innan fagområdet der kandidaten har spesialisert seg i studieretninga Marine installasjonar
  • har kunnskapar i fag som matematikk, fysikk, programmering/IKT og teknologifag, som gir grunnlag for kontinuerleg oppdatering og utviding av kompetansen i havteknologi

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan analysere problemstillingar i havteknologi, og drøfte korleis desse kan utforskas ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • kan gjennomføre avanserte berekningar, målingar og analyser innan marine målesystem eller marine installasjonar
  • kan handtere og presentere måledata samt drøfte presisjon og nøyaktighet
  • kan bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle måledata samt til modellering og/eller prosessregulering
  • kan utføre et rettleia forskingsprosjekt innan eit tema relatert til Marine målesystem eller Marine installasjonar etter forskingsetiske normer på sjølvstendig grunnlag og initiativ.

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan analysere relevante faglige problemstillingar innan valt studieretning (Marine målesystem eller Marine installasjonar), samt diskutere og kommunisere disse både til fagspesialister og andre interesserte som ikkje har djupkunnskap i fagfeltet
  • kan med sine kunnskapar og ferdigheiter arbeide sjølvstendig og i grupper med praktisk teknologiske og/eller vitskapelige oppgåver av høg kompleksitet
  • kan analysere problemstillingar relatert til havteknologi med fokus på yrkes- og forskingsetikk, samt vise respekt for verdiar som etikk, åpenhet og pålitelighet i eige arbeid
  • har fagleg grunnlag for aktiv deltaking i nytenking- og innovasjonsprosesser basert på inngåande kunnskap om havteknologi generelt samt djupkunnskap innan ein av studieretningane «Marine målesystem» eller «Marine installasjonar» spesielt

Opptakskrav

Generell studiekompetanse samt Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.
Opptakskode: SIVING

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskaper i matematikk og fysikk er ein føremon. Vi tilrår fysikk på 3. klasse nivå frå vidaregåande skule.

Innføringsemne

EX.PHIL. og HTEK101

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel på 240 sp og individuell mastergradsoppgåve på 60 sp.

Studieplan for studieretningane og spesialiseringane i studieprogrammet er vist i tabellane under. Alle emne som er oppført med emnekode er obligatoriske. HTEK101 er obligatorisk i første semester. Omfanget av obligatoriske og valfrie emne er noko ulikt mellom studieretningane og spesialiseringane. Valemne frå og med 7. semester vert valt i samråd med fagleg rettleiar.

Emne i tabellen som er markert med * vert undervist ved Høgskulen på Vestlandet.

Tabellane under gjeld frå og med kull 2019. Det er utarbeidd eigne overgangstabellar for kull 2017 og 2018. Kontakt studierettleiar dersom du treng desse tabellane.

Studieplan for studieretning Marine målesystem - spesialisering akustikk

10. semester (vår): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
9. semester (haust): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
8. semester (vår): valemne (10 sp) - valemne (10 sp) - valemne (10 sp)
7. semester (haust): HTEK301 (10 sp) - PHYS372 (10 sp) - Marin akustikk (10 sp)
6. semester (vår): HTEK202 (10 sp) - PHYS271(10 sp) - MAS116* (10 sp)
5. semester (haust): HTEK201 (10 sp) - PHYS116 (10 sp) - MAT212(10 sp)
4. semester (vår): MAT121 (10 sp) - PHYS114 (10 sp) - Ex.Phil (10 sp)
3. semester (haust): STAT110 (10 sp) - PHYS112 (10 sp) - HTEK102 (10 sp)
2. semester (vår): MAT112 (10 sp) - PHYS111 (10 sp) - ING101* (10 sp)
1. semester (haust): MAT111 (10 sp) - INF100 (10 sp) - HTEK101 (10 sp)

* Undervises ved Høgskulen på Vestlandet

Studieplan for studieretning Marine målesystem - spesialisering optikk

10. semester (vår): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
9. semester (haust): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
8. semester (vår): Valemne (10 sp) - valemne (10 sp) - valemne (10 sp)
7. semester (haust): HTEK301 (10 sp) - PHYS263 (10 sp) - PHYS205 (10 sp)
6. semester (vår): HTEK202 (10 sp) - PHYS264(10 sp) - MAS116* (10 sp)
5. semester (haust): HTEK201 (10 sp) - PHYS116 (10 sp) - MAT212 (10 sp)
4. semester (vår): MAT121 (10 sp) - PHYS114 (10 sp) - Ex.Phil (10 sp)
3. semester (haust): STAT110 (10 sp) - PHYS112 (10 sp) - HTEK102 (10 sp)
2. semester (vår): MAT112 (10 sp) - PHYS111 (10 sp) - ING101* (10 sp)
1. semester (haust): MAT111 (10 sp) - INF100 (10 sp) - HTEK101 (10 sp)

* Undervises ved Høgskulen på Vestlandet

Studieplan for studieretning Marine målesystem - spesialisering instrumentering

10. semester (vår): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
9. semester (haust): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
8. semester (vår): Vel eit av emna: PHYS271/PHYS264/PHYS231 (10 sp) - ELE301* (10 sp) - valemne (10 sp)
7. semester (haust): HTEK301 (10 sp) - ELE306* (10 sp) - valemne (10 sp)
6. semester (vår): HTEK202 (10 sp) - ELE102*(10 sp) - MAS116* (10 sp)
5. semester (haust): HTEK201 (10 sp) - PHYS116 (10 sp) - ELE115* (10 sp)
4. semester (vår): MAT121 (10 sp) - PHYS114 (10 sp) - Ex.Phil (10 sp)
3. semester (haust): STAT110 (10 sp) - PHYS112 (10 sp) - HTEK102 (10 sp)
2. semester (vår): MAT112 (10 sp) - PHYS111 (10 sp) - ING101* (10 sp)
1. semester (haust): MAT111 (10 sp) - INF100 (10 sp) - HTEK101 (10 sp)

* Undervises ved Høgskulen på Vestlandet

Studieplan for studieretning Marine installasjonar

10. semester (vår): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
9. semester (haust): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
8. semester (vår): HTEK202 (10 sp) - valemne (10 sp) - valemne (10 sp)
7. semester (haust): HTEK201 (10 sp) - MAS304* (5 sp) /MAS305* (5 sp) - MAS121* (10 sp)
6. semester (vår): MAS143* (10 sp) - MAT131 - MAS116* (10 sp)
5. semester (haust): MAS209* (5 sp) - MAS109* (5 sp) - MAS144* (10 sp) - MAS117* (10 sp)
4. semester (vår): MAT121 (10 sp) - PHYS114 (10 sp) - Ex.Phil (10 sp)
3. semester (haust): STAT110 (10 sp) - PHYS112 (10 sp) - HTEK102 (10 sp)
2. semester (vår): MAT112 (10 sp) - PHYS111 (10 sp) - ING101* (10 sp)
1. semester (haust): MAT111 (10 sp) - INF100 (10 sp) - HTEK101 (10 sp)

* Undervises ved Høgskulen på Vestlandet

Tilrådde valemne

Omfanget av obligatoriske og valfrie emne er noko ulikt mellom studieretningane og spesialiseringane. Valemne frå og med 7. semester vert valt i samråd med fagleg rettleiar.

Rettleiar eller studierettleiar kan kontaktas for liste over tilrådde valemne.

Emne ved UiB som skal inngå frå og med 7. semester må være på 200- eller 300- talls nivå.

Emne ved HVL som skal inngå i graden frå og med 7. semester må være klassifisert som «tekniske spesialiseringsemne» eller på tilsvarande nivå. Det er avgrensingar i kva emne ved HVL som kan nyttast.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisingsformene i studiet inkluderer: forelesingar, seminar/ kollokvium, gruppearbeid, ekskursjonar, laboratorieøvingar, regneverksted, oppgåvegjennomgang, erfaringslæring (brettspel/ simuleringsspel), kontakttime, orakel og praksis-utplassering i bedrift.
Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført med fagleg rettleiing.

Vurderingsformer

Vurderingsformene i studiet inkluderer: skriftleg eksamen, munnleg eksamen, munnleg prosjektpresentasjon, midtvegseksamen, fleirvalseksamen, semesteroppgåve, laboratoriejournalar og mappevurdering.
Studiet avsluttas med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og godkjend.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.
Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre-
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Verdiskapinga i den marine næringa i Norge er sterkt vaksande og sentral for den totale næringsutviklinga i åra framover. Det marine næringslivet inkluderer teknologiselskap som utviklar og tilverkar marine sensorar og marine observasjonsplattformer. Det inkluderer subseaselskaper som bruker fjernstyrte og autonome undervassrobotar (ROV/AUV) til inspeksjon og vedlikehald av havbotn-installasjonar. Vidare omfattas fiskeindustri som baserer innhausting av marine ressursar på bruk av akustiske sensorar, og havbruksnæring som nyttar marin sensorteknologi til overvaking av produksjon og miljø.

I tillegg baserer en rekke FOU-institusjonar og statlige forvaltningsinstitusjonar i Bergensområdet sin marine datainnsamling og forsking på denne type teknologi. Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Sjøforsvaret, Havforskningsinstituttet og NORCE har alle kompetansemiljø som ligg i fronten av marin forsking og gjer avansert bruk av marin teknologi. Ei utdanning i havteknologi kvalifiserer til ei stilling i teknologi hos bedrifter, selskap og forskingsinstitusjonar innan marin næringsverksemd og forsking. Ein mastergrad i havteknologi kvalifiserer til Ph.D.-studium, som vil opne for arbeid som naturvitskapleg forskar.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie.htek@uib.no