Hjem
Utdanning

Studieplan for BADESIGN Design, bachelor, 3 år, haust 2019

Læringsutbyte

Læringsutbytte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kandidaten:

- kan realisere og formidle sine designfaglige intensjoner på et profesjonelt nivå.

- kan utvikle og gjennomføre prosjekter ved å kombinere relevante verktøy, teknikker, metoder og uttrykksformer for helhetlige designkonsepter

- kan utvikle design som uttrykker vilje til eksperimentering og evne til innlevelse i brukerens situasjon.

- kan bruke sentrale teorier og relevant historisk kunnskap om design i egne prosjekter

- har kunnskap om forskjeller mellom fakta og meninger knyttet til design

- kan orientere seg i relevant forskning og anvende denne i eget arbeid

- kan reflektere kritisk over egen og andres designpraksis, og sette denne inn i en videre samfunnsmessig sammenheng

Generell kompetanse

Kandidaten:

- er åpen overfor nye faglige idéer og verdsetter diversitet i perspektiver på design

- kan ta informert hensyn til aktuelle og sosiale problemstillinger knyttet til design

- har empati for andre og kan forplikte seg til egne verdier

- kan kommunisere muntlig og skriftlig om designfaglige problemstillinger, også med målgrupper utenfor eget fagmiljø.

- kan ta ansvar for egen designfaglig utvikling

- kan bruke sin kompetanse i ulike arbeidssituasjoner gjennom kritisk og kreativ tenkning og praksis

Studieplan

Namn på grad: Bachelor i Design

Omfang og studiepoeng: 180 studiepoeng

Fulltid/deltid: Fulltid

Undervisningsspråk: Norsk

Studiestart - Haust

Mål og innhald
Bachelorprogrammet i design har to studieretningar, møbel- og romdesign/interiørarkitektur og visuell kommunikasjon. Møbel- og romdesign/interiørarkitektur handlar om relasjonen mellom menneske og omgjevnaden, og er ei studieretning der idear og konsept kjem til uttrykk i form av tredimensjonale objekt og romlige former. Studieretninga vektlegg det symbiotiske forholdet mellom møbeldesign og interiørarkitektur, der fagfelt som form, farge, lys og ergonomi står sentralt. Visuell kommunikasjon er ei studieretning med heilskapsperspektiv på korleis idear og konsept kan bli formidla gjennom ulike verktøy, materialar og medium. Sentrale fagfelt som typografi, illustrasjon, visuell identitet, redaksjonell design, rørlege bilde og animasjon er alle uttrykksformer for å gjere idear synlege, tenkelege og forståelege for andre. Interaksjon er integrert. De to studieretningane representerer spesialisering, samstundes som dei har fleire kurs og prosjektperiodar felles.

Design er skapande verksamheit, og ein sosial, kritisk og empatisk praksis. Kontekst for utdanninga er ei samfunnsutvikling kjenneteikna av komplekse utfordringar som set både nærmiljø og storsamfunn på prøve. Utdanninga set lys på designfaglege utfordringar knytt til aktuelle sosiale og politiske spørsmål.

Studieprogrammet er forankra i eit fagmiljø som fører vidare og fornyar ein sterk tradisjon for arbeid i verkstad og spesialrom, kritisk tenking og samarbeid med verda omkring. Læring skjer i stor grad gjennom eksperimentelt og praktisk arbeid. Studentane opparbeider kunnskap, ferdigheiter og haldningar som bidreg til at dei kan arbeide kreativt og systematisk med design, sjølvstendig og i samarbeid med andre. Erfaringsbasert læring skjer ved at studentane lærer å beskrive, analysere og delta i faglege samtalar om designpraksis, også i eit faghistorisk perspektiv. Slik lærer dei og å analysere design i ein vidare samfunnsmessig, kulturell og historisk samanheng.

Til grunn for utdanninga ligg ein progresjonsmodell med vekt på studentane si mestring, sjølvstende og tilknyting i fagmiljøet. I takt med at studentane utvidar sitt kunnskapsgrunnlag møter dei faglege utfordringar som aukar i kompleksitet, i eit fagmiljø som anerkjenner at det å ta risiko og feile kan vere like utviklande som andre læringserfaringar. I et læringsperspektiv kan dei tre studieåra i bachelorprogrammet samanfattast slik:

Første år: Grunnlag, orientering og utprøving

Andre år: Kontekstualisering og relasjonar, eksperimentering og individuell fagleg utvikling

Tredje år: Samarbeid, meiningsskaping og gjennomføring

På same måte som i arbeidslivet, er utdanninga for designaren kjenneteikna av at fleire aktørar er involvert i designprosesser. Gjennom studiet utviklar studentane fagleg integritet og evne til etisk refleksjon, eit viktig utgangspunkt for samarbeid og dialog med brukarar av design og fagfolk frå andre miljø. Evne til å sjå eigen designpraksis i ein større fagleg og samfunnsmessig samanheng er nødvendig arbeidslivskunnskap.

Designarar med bachelorutdanning frå Institutt for design har opparbeida seg samansette kvalifikasjonar. Dei kan utvikle idear og konsept, og arbeide målretta. Studentane lærer å gi det abstrakte form, å realisere og materialisere konkrete designkonsept, og formidle sine arbeid, skriftleg, munnleg og visuelt. Samla bidreg studieprogrammet til at dei kan arbeide med komplekse designsituasjonar.

Utdanninga er kjenneteikna av tett kontakt mellom studentar og rettleiarar. Frå studiestart møter studentane fagleg aktive designarar, og får tidlig oppgåver som krev sjølvstendig arbeid. Undervisninga er basert på kunstnarleg utviklingsarbeid og anna forsking i fagmiljøet ved institutt for design.

Læringsutbytte - Etter fullført og greidd bachelorprogram i design har kandidaten følgande læringsutbytte:

Kunnskap og ferdigheter

Designaren

-kan realisere og formidle sine faglege intensjonar i eit profesjonelt designfelt

-kan utvikle og gjennomføre prosjekt ved å kombinere relevante verktøy, teknikkar, metodar og uttrykksformer for heilskapleg designkonsept

-kan utvikle design som uttrykker vilje til eksperimentering og evne til innleving i brukarens situasjon.

- kan bruke sentrale teoriar og relevant historisk kunnskap om design i egne prosjekter

-har kunnskap om forskjell mellom fakta og meiningar knytt til design

-kan orientere seg i relevant forsking og anvende denne i eige arbeid

-kan reflektere kritisk over eigen og andre sin designpraksis, og sette denne inn i en vidare samfunnsmessig samanheng

Generell kompetanse

Designaren

-er open overfor nye faglege idear og verdset mangfald i perspektiv på design

-kan ta omsyn til aktuelle og sosiale problemstillingar knytt til design

-har empati for andre og kan forplikte seg til eigne verdiar

-kan kommunisere munnleg og skriftleg om designfaglege problemstillingar, også med målgrupper utanfor eige fagmiljø.

-kan ta ansvar for eigen designfaglege utvikling

-kan bruke sin kompetanse i ulike arbeidssituasjonar gjennom kritisk og kreativ tenking og praksis

Opptakskrav
Opptak til bachelorprogrammet i design er basert på realkompetanse. Denne blir vurdert på grunnlag av ein todelt opptaksprøve og intervju. Kvart år blir det utforma spesifikke oppgåver til kvar av dei to studieretningane.

Søkerane blir vurderte ut frå ei rekke kriterier, som inkluderer kreativitet, motivasjon, samfunnsbevissthet, form- og fargesans, teikneferdigheiter, idéutvikling, skriftleg og munnleg formuleringsevne, samt samarbeidsevne.

Opptakskomiteen gjer ei heilskapleg vurdering av den einskilde søkar, med særleg vekt på hans eller hennar designfaglege utviklingspotensiale.

Obligatoriske emne

Møbel- og romdesign/interiørarkitektur:

BAR1, BAR2, BAR3, BAR4, BAR5, BAR6

Visuell kommunikasjon:

BAV1, BAV2, BAV3, BAV4, BAV5, BAV6

Spesialisering

- Møbel- og romdesign/interiørarkitektur

- Visuell kommunikasjon

Rekkefølgje for emne i studiet

Møbel- og romdesign/interiørarkitektur:

BAR1, BAR2, BAR3, BAR4, BAR5, BAR6

Visuell kommunikasjon:

BAV1, BAV2, BAV3, BAV4, BAV5, BAV6

Delstudium i utlandet

Fagmiljøet legg til rette for utvekslingsopphald ved partnerinstitusjonar eller praksisperiodar i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer
Innanfor begge studieretningane er variasjon i undervisningsformer stort og variert, frå kurs, prosjektperiodar, førelesningar og seminar til workshops og studieturar. Teori er integrert i fagspesifikke kurs og prosjektperiodar, samtidig som større tema blir drøfta i førelesningsrekker og i seminar der både bachelorstudentar, masterstudentar og fagleg tilsette er aktive deltakarar.

Rettleiing i grupper og individuelt, er sentrale undervisningsformer. Kombinasjonen av dette er eit kjenneteikn for bachelorprogrammet. Det gjeld både i undervisninga generelt, og knytt til studentane sitt eigendefinerte og sjølvstendige arbeid. For læringsmiljøet er det avgjerande at studentane deltek aktivt og forpliktande i undervisning, og er til stades der undervisninga og arbeidet skjer. Prosjektarbeid får gradvis ein auande plass i utdanninga. I prosjekta inngår periodar med sjølvstendig arbeid. Prosjekta vert avslutta med felles gjennomgang, der studentane presenterer eigne arbeid og får fagleg tilbakemelding frå rettleiar og medstudentar. Metodisk tilnærming er ein del av alle prosjekt. Rettleiing er integrert i prosjektarbeid, samtidig som det blir kravd at studentane styrer eigne arbeidsprosesser og arbeider sjølvstendig med utvikling av konsept og løysingar.

Fagleg dialog mellom studentane er vesentleg i utdanninga. Studentstyrte seminar og diskusjonsgrupper er viktig for utviklinga av felles omgrep og ei kritisk, reflektert forståing av designfeltet. Skriveseminar og utvikling av faglege skriveferdigheter har ein sjølvsagt plass. Godt verbalspråk er heilt naudsynt i designpraksis og i bachelorprogrammet.

Vurderingsformer

Studentane blir mot slutten av semester 1 ¿ 5 vurderte på grunnlag av læringsmåla som er sett for det enkelte semester og tilhøyrande vurderingskriterier. Hovudrettleiar og ein annan fagleg tilsett gjer vurderinga, som skjer i form av ein samtale basert på studenten si semesterrapport og munnlege utgreiing om eigen læring og arbeidsinnsats. Semestervurderinga vert avslutta med at studenten får strukturert tilbakemelding om eiget arbeid og progresjon.

Ved semestervurderinga nyttar ein karakterane greidd og ikkje greidd. Ein student som oppnår karakteren greidd har nådd læringsmåla for det aktuelle semesteret, og har dermed realisert læringsmåla som sitt faktiske læringsutbytte. Greidd semestervurdering er eit krav for vidare studie i bachelorprogrammet, og utløyser 30 studiepoeng.

Eksamen

Bachelorprogrammet vert avslutta med eksamen i sjette semester. Ved eksamensvurderinga blir studentane vurderte på grunnlag av læringsmåla som er fastsett for bachelorprogrammet og tilhøyrande vurderingskriterier for eksamen. Det blir fastsett separate fristar for innlevering av skriftleg del av eksamensprosjektet og fullføring av den praktiske delen.

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.01 for det komande semesteret.

Karakterskala

Greidd / Ikkje greidd

Vitnemål og vitnemålstillegg - Vitnemål blir skriven etter at graden er oppnådd.

Grunnlag for vidare studium

Fullført og greidd bachelorutdanning gir grunnlag for å søke opptak til UiBs masterprogram i design. Kandidatar med bachelorutdanning i design kan også ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar med spesialisering i visuell kommunikasjon kan blant anna jobbe med illustrasjon, grafisk design, redaksjonell design, animasjon, teikneseriar og målretta kommunikasjon knytt til visuell identitet og rørlege bilde.

Kandidatar med fordjuping i møbel- og romdesign/interiørarkitektur kan jobbe med utforming av rom, møbler og objekt. Dei kan designe møbler og andre gjenstandar, som enkelteksemplar eller for produksjon i ulike skalaer. Dei kan utforme og planlegge romlege konsept, og bruke sin fagkompetanse på andre område der relasjon mellom menneske og omgjevnader står sentralt.

Designarar er tilsette i offentlege og private føretak. Mange er gründerar som starter små verksemder eller enkeltpersonføretak.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuereleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for koordinering av studieprogrammet, og gir råd til institutt og fakultet i saker som gjeld faglege prioriteringar, emne og kvalitetsutvikling.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ institutt for design har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studieveileder@kmd.uib.no

Tlf. 55 58 73 27