Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i litteraturvitskap

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk. Engelsk ved behov.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål

Målet med studieprogrammet er at studentane skal kunne leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar, arbeide sjølvstendig med ulike problemstillingar og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form.

Studenten skal kunne skildre, fortolke og samanlikne litteraturteoretiske tekstar og til sist framvise grundige kunnskapar om avgrensa felt eller emne innafor ei retning, eit forfattarskap og/eller eit problemområde. Studieprogrammet vil i sum gi eit godt grunnlag for vidare forsking og arbeid med litteratur i ulike yrke der litteratur blir produsert og formidla.

Innhald

Bachelorprogrammet i allmenn litteraturvitskap har ein teoretisk profil og ei internasjonal, komparativ orientering. I sentrum for studiet står ei brei og djuptgåande innføring i dei mest kjende verka i verdslitteraturen frå antikken til vår eiga tid. Faget tilbyr òg kunnskap om litterære sjangrar og teksttypar, samt litteraturteoretiske grunnlagsproblem og deira historiske variasjonar. Av desse kan nemnast sambandet mellom litteraturen, forfattaren og lesaren, og relasjonane mellom litteraturen og ulike kontekstar (historie, kultur, samfunn). Det vert òg lagt vekt på korleis litteraturen til alle tider har relatert seg til ulike sosiale, estetiske og språklege praksisar. I tillegg vil studentane få innføring i korleis litterære kanondanningar har oppstått, og kva rolle den litterære institusjonen har hatt i historia.

Studiet tilbyr opplæring i det sentrale litteraturvitskaplege omgrepsapparatet og lærer studentane å bruke dette analytisk i arbeidet med litterære tekstar og litteraturvitskaplege problemstillingar.

Studiet tilbyr ei djupare forståing av både den litteraturteoretiske tradisjonen og moderne, aktuell litteraturvitskapleg forsking. Tilhøvet mellom litteratur, retorikk, kjønn og sosiale klassar er vesentleg i denne samanhengen.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har oversyn over hovudliner i litteraturhistoria frå antikken til i dag
  • har eit overblikk over dei litterære hovudsjangrane (prosa, lyrikk, drama og essay)
  • har innsikt i grunnleggjande problemstillingar innanfor eldre poetikk og moderne litteraturteori (t.d. relasjonen mellom fiksjon og fakta, litteratur og samfunn, språk og røyndom)
  • kjenner til ulike funksjonar og roller som litteraturen har hatt i samfunnet (som estetisk, sosial og kritisk praksis)

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kjenner til det sentrale litteraturvitskaplege omgrepsapparatet og kan nytte det i analysar av litterære tekstar
  • kan reflektere over og arbeide sjølvstendig med litteraturvitskaplege problemstillingar
  • kan leite opp og bruke naudsynt informasjon og sekundærlitteratur til analytisk arbeid med litterære tekstar og problemstillingar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet munnleg og skriftleg
  • kan drøfte relevansen av litteraturvitskapen for andre fagområde og for aktuelle problemstillingar
  • har kompetanse til å skrive akademiske tekstar om komplekse tema og samanhengar

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

Obligatoriske emne

Eitt av emna:

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

Eitt av emna:

Tilrådde valemne

Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant alle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. EXFAC eller EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.

Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Dersom ein planlegg ein karriere som lærar, bør ein ta omsyn til dette ved val av frie emne. For seinare opptak til PPU kan det vere fornuftig å ta språkdelen av nordisk årsstudium som frie emne i bachelorgraden.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 sp.)
  • EXFAC00AS Akademisk skriving (10 sp.)
  • ALLV100 Innføringsemne i litteraturvitskap (10 sp.)

2. semester (vår)

  • ALLV111 Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse (15 sp.)
  • ALLV112 Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysningstida/romantikken (15 sp.)

3. semester (haust)

  • ALLV113 Moderne litteratur og poetikk frå opplysningstida/romantikken til i dag (15 sp.)
  • ALLV114 Moderne litteraturteori (15 sp.)

4.-5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

  • Obligatoriske spesialiseringsemne på 200-nivå med bacheloroppgåve (30 sp. til saman)

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Les meir om utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden.

Dei som utdannar seg innafor litteraturvitskap får eit godt grunnlag for å kunne handtere store mengder tekst og trekke ut dei viktigaste aspekta ved tekstane, uavhengig av sjanger. Denne utdanninga er attraktiv for arbeidsgivarar som treng folk som kan skrive strukturert, redigere andre sine tekstar og ikkje minst kunne formidle god litteratur og kvifor noko er god litteratur.

Kandidatar med bachelorgrad i litteraturvitskap får mange ulike kvalifikasjonar. Fleire jobbar innafor:

  • bok- og forlagsbransjen, som til dømes daglege leiarar, konsulentar og redaktørar
  • offentleg forvalting, som til dømes sakshandsamar eller konsulentar
  • mediebransjen, som til dømes skribentar og kritikarar
  • bibliotek
  • undervisning
  • informasjonsarbeid
  • språk- og tekstkonsultasjon
  • sals- og marknadsføring

Om ein vel å gå vidare med mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no

Tlf: 55 58 24 00