Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-ARAB Arabisk, bachelor, 3 år, vår 2021

Namn på grad

Bachelor i arabisk

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i arabisk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på arabiskemna er normalt norsk eller engelsk. Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Arabisk er det offisielle språket og/eller morsmålet til majoriteten av befolkninga i 23 land. Språket blir snakka av meir enn 300 millionar menneske i Midtausten og Nord-Afrika. I tillegg har om lag like mange menneske arabisk som andrespråk, og dessutan er arabisk det liturgiske språket til meir enn ein milliard muslimar. I mellomalderen var arabisk berar av ein av dei rikaste vitskaplege og litterære kulturane i verda, og er framleis eit særs viktig språk både i religiøs og kulturell samanheng, òg når det gjeld politikk og økonomi. Arabisk er dessutan eitt av dei seks offisielle språka i FN, og i Noreg utgjer arabisktalande ein av dei største språklege minoritetane.

Arabisk høyrer til den semittiske språkfamilien, til liks med til dømes hebraisk og amharisk, nasjonalspråket i Etiopia. Moderne standardarabisk, som ein vektlegg i undervisninga, er ikkje morsmålet til nokon, men eit skriftspråk som arabarane må læra i tillegg til sine lokale dialektar. Standard skriftleg arabisk er felles for alle utdanna arabarar, utan omsyn til nasjonalitet, og blir ofte brukt som talemål i formelle situasjonar. Språket har endra seg lite i løpet av dei 1400 åra som har gått sidan profeten Muhammad levde. Språket i Koranen og det moderne avisspråket er i hovudtrekk det same. Dei dialektane som blir snakka, har derimot store ulikskapar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:
Kandidaten

- Har god kompetanse i lesing og skriftleg omsetjing

- Kan identifisere og beskrive forskjellige typar arabiske tekstar

- Er kjend med eit breitt utval av fagprosa og skjønlitteraturtekstar

- Har grunnleggjande ferdigheiter i lesing og forståing av arabisk pressespråk, til dømes i nettaviser

- Har grunnleggjande ferdigheiter i bruk av nokre arabiske ordbøker

- Har god kompetanse i moderne arabisk grammatikk


Ferdigheiter:

Kandidaten

- Har moderate skrive- og taleferdigheiter i lesing og forståing av arabisk pressespråk

- Har leseferdigheiter i klassisk arabisk

- Har moderat skrive- og taleferdigheiter i moderne standardarabisk

Generell kompetanse:

Kandidaten

- Kan bruke sine kunnskapar om språket på ein kritisk og sjølvstendig måte

- Kan nytte kombinasjonen av fag i spesialiseringa og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar

- Har kunnskap om arabisk kultur og samfunn og kan bruke den i arbeidslivet

Arabisk er eit tidkrevjande språk å lære i samanlikning med nære europeiske språk, ikkje minst grunna skriftssystemet. Det er derfor viktig å ha eit realistisk bilete av oppnåeleg språknivå.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre eit studium i arabisk må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og gode skriftlege ferdigheiter i norsk. Det er ikkje naudsynt med forkunnskapar i arabisk, men det er ein fordel om studentar har kjennskap til den arabiske verda og/eller språkvitskap.

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester: 

·         EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.) 

·         EXFAC00SK Språkkunnskap  (10 stp.)

ARA100 Innføringskurs i arabisk språk og kultur (10 stp.) er obligatorisk i programmet og det er tilrådd å ta emnet i første semester.

For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det være ønskjeleg å bytte det et ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

EX.PHIL. Examen Philosophicum, H, (10 stp.)
EX.FAC. Examen Facultatum, H, (10 stp.)

ARA100, Innføringskurs i arabisk språk og kultur, H, (10 stp.)

ARA111, Grunnkurs i moderne standardarabisk I, V (15 stp.)

ARA112, Grunnkurs i moderne standardarabisk II, V (15 stp.)

ARA113, Grunnkurs i moderne standardarabisk III, H, (15 stp.)

ARA115, Innføring i arabisk språkvitskap og dialektologi, H, (15 stp)

ARA211 Tekststudiar i klassisk og moderne standardarabisk, V, (15 stp.)

HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie V/H, (15 stp.)

Spesialisering

ARA100, Innføringskurs i arabisk språk og kultur, H (10 stp.)

ARA111, Grunnkurs i moderne standardarabisk I, V (15 stp.)

ARA112, Grunnkurs i moderne standardarabisk II, V (15 stp.)

ARA113, Grunnkurs i moderne standardarabisk III, H, (15 stp.)

ARA115, Innføring i arabisk språkvitskap og dialektologi, H, (15 stp)

ARA211 Tekststudiar i klassisk og moderne standardarabisk, V, (15 stp.)

HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie V/H, (15 stp.)

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., ex.fac. og spesialiseringa inneheld programmet 60 frie studiepoeng. Ein tilrår studenten å ta emne innan Midtaustenkunnskap.

For studentar som vil kvalifisere for opptak til master i historie ved Universitetet i Bergen er HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder (15 stp.) obligatorisk.

I tillegg vel studenten HIS-/HIM/RELV-emne på 45 studiepoeng i samråd med studierettleiar.

Studentar som vil søkje opptak til master i arabisk ved Universitetet i Oslo må ta til saman minimum 80 stp. i arabisk og 30 stp innanfor Midtaustenstudium. Ta kontakt med studierettleiar ved UiO for nærmare informasjon.

Studenten kan elles velje emne innanfor skulefag, språkfag, lingvistikk, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Studenten kan ta delstudium i utlandet som frie studiepoeng.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emna i studiet: 

1. semester (haust)

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
  • ARA100 Innføringskurs i arabisk språk og kultur (10 stp.)

2. semester (vår)

  • ARA111 Grunnkurs i moderne standardarabisk I
  • ARA112 Grunnkurs i moderne standardarabisk II

3. semester (haust)

  • ARA113 Grunnkurs i moderne standardarabisk III
  • ARA115 Innføring i arabisk språkvitskap og dialektologi

4. semester (vår)

  • ARA211 Tekststudiar i klassisk og moderne standardarabisk
  • HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie (vår/haust)

5. semester (haust)

  • Emne i Midtaustens historie eller valfritt emne

6. semester (vår)

  • Emne i Midtaustens historie eller valfritt emne

I bachelorprogrammet i arabisk er det tilrådd at studentar tek delstudium i eit arabisktalande land femte eller sjette semester som kan godkjennast som frie studiepoeng.

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land, anten for å ta delar av spesialiseringa eller for å ta valemne.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet. Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtalar med studiestader i heile verda. Informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

I bachelorprogrammet i arabisk er det tilrådd at studentar tek delstudium i eit arabisktalande land femte eller sjette semester, som kan godkjennast som frie studiepoeng.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. 

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg presentasjon. Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • A-F, der F er stryk
  • bestått/ikkje bestått

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

UiB tilbyr ikkje mastergrad i arabisk, men ein bachelor i faget kan kvalifisere for opptak til masterprogram ved andre lærestader. Ved å ta gitte valemne innan historie, samt midtaustenkunnskap / religionsvitskap, kan ein kvalifisere for opptak til master i historie ved UiB. Sjå avsnittet "tilrådde valemne" og kontakt studierettleiar for meir informasjon.

Relevans for arbeidsliv

På grunn av den viktige rolla som arabisk speler på det politiske og økonomiske området i dag, kan det vere interessant å kombinere dette språkfaget med fag som i seg sjølv opnar for ulike yrke. Arabisk kan med fordel kombinerast med til dømes handelsfag og marknadsføring, informasjonsvitskap, samanliknande politikk, offentleg administrasjon, jus, utviklingsstudium, mediefag eller journalistikk. Arabisk blir ofte kombinert med fag som historie, religionsvitskap, filosofi, Midtaustenkunnskap, sosialantropologi, kunsthistorie, lingvistikk, norsk som andrespråk. Språket er særskilt relevant for norskopplæring for framandspråklege, omsetjing og tolking, integreringsarbeid, helsesektoren, grunnskolelærarar i arabisk som valfag, utanrikstenesta og politiet med meir.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB.
Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@if.uib.noStudierettleiar@if.uib.no

Studierettleiar@if.uib.no
Tlf 55 58 93 70