Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i arkeologi

Undervisningsspråk

Engelsk eller skandinaviske språk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Arkeologifaget har som mål å gi ei forståing av korleis menneska har tilpassa seg naturtilhøve og økologi, og av korleis dei har utvikla levemåtar og samfunnsformer opp gjennom tidene. Faget tek for seg heile tidsspennet frå dei første menneska fram til og med mellomalderen.

Sidan kjeldene til denne forståinga i hovudsak er ikkje-skriftlege, vil fortolkingane som arkeologane gjer av fortida, oftast basera seg på studiar av gjenstandar og av materiell kultur i vidare forstand.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:


Kunnskapar:
Kandidaten:

  • har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor arkeologi
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor arkeologi
  • kan oppdatere sin kunnskap innanfor arkeologi
  • kjenner til arkeologifaget si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Kandidaten har godt oversyn over nordisk, europeisk og global arkeologi frå menneska si tidlege utvikling og fram til og med mellomalder. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale arkeologiske tema, teoriar og forskingstradisjonar innanfor steinalder, bronsealder, jernalder, mellomalder, Midtausten si arkeologi, Afrika si arkeologi eller klassisk arkeologi. Vidare vil kandidaten ha god innsikt i arkeologisk teori og sentrale kjelde- og metodespørsmål.

Ferdigheiter:

Kandidaten:

  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og gjere greie for val knytt til arkeologisk materiale og problemstillingar
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ei problemstilling
  • kan anvende relevante faglige verktøy, teknikker og uttrykksformer

Studenten kan drøfte arkeologiske problemstillingar og kritisk vurdere arkeologiske framstillingar. Studenten kan analysere arkeologiske data, kjelder og litteratur, samt dra konklusjonar basert på dette materialet.

Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar i arkeologi
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner, og kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i arkeologifaget

Kandidaten har røynsle med å handsame store informasjonsmengder, og i å formidle arkeologisk kunnskap både munnleg og skriftleg. Kandidaten har kompetanse til å setje seg inn i nye problemfelt, og analysere og diskutere tema og problemfelt. Kandidaten har kompetanse i akademisk drøfting og til å relatere seg til akademisk litteratur på ein vitskapleg måte.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og innføringsemne (10-20 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. Studentar skal velje eitt av innføringsemna EXFAC00AS - Akademisk skriving eller EXFAC00SK - Språkkunnskap. I tillegg er ARK100 - Innføring i arkeologi tilrådd i det første semesteret.

Obligatoriske emne

I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i ein bachelorgrad i arkeologi: ARK110, ARK120, ARK210, ARK250. I tillegg vel studentane eitt av fordjupingsemna ARK111, ARK112, ARK113 og ARK114, eitt av fordjupingsemna ARK121, ARK122, ARK123, ARK124 og ARK125 og eitt av fordjupingsemna ARK212, ARK213, ARK214 eller ARK215.

Spesialisering

Spesialiseringa i arkeologi består av totalt 90 studiepoeng i arkeologi, fordelt på 4 emne på 100-nivå og 3 emne på 200-nivå.

Tilrådde valemne

Liste over emne som er tilrådde på bachelorprogrammet: Bachelorprogrammet i arkeologi har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor fag som er relevante for studentens vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiet startar med innføringsemne i første semester. Det andre semesteret tar studenten oversiktsemnet ARK110 og eitt av fordjupingsemna ARK111, ARK112, ARK113 og ARK114. Tredje semester er sett saman av oversiktsemnet ARK120 og eitt av fordjupingsemna ARK121, ARK122, ARK123, ARK124 og ARK125. I det fjerde og det femte semesteret tar studenten frie studiepoeng. I det sjette semesteret tar ein emnet ARK210 Teori og metode, ARK250 Bacheloroppgåve i Arkeologi, og eitt fordjupingsemne i arkeologisk teori og metode, anten ARK212, ARK213,ARK214 eller ARK215.

Det blir tilrådd at studentane har avlagt eksamen i alle emna på 100-nivå og ARK210 Teori og metode, før dei avlegg eksamen i ARK250 Bacheloroppgåve i arkeologi.

Delstudium i utlandet

Programmet kan inkludere eit delstudium i utlandet for dei som ynskjer det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdfull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er University of Durham, Christian-Albrechts-Universität zu Kiel og Universitetet i Lund.

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Vurderingsformer

Gjennom spesialiseringa i arkeologi vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved skoleeksamen, heimeeksamen, munnleg prøve og semesteroppgåve.

Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i ulike former for skriftleg presentasjon.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  1. A-F der F er ikkje bestått
  2. greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad i arkeologi kan gje grunnlag for vidare studium på masterprogram i

arkeologi.

Relevans for arbeidsliv

Personar som har tatt bachelorgrad i arkeologi har gode, solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar. Arkeologi opnar for arbeid mellom anna i offentlig forvaltning, på museum, i reiseliv, i skoleverket, i medieverksemder, internasjonalt arbeid eller i organisasjonslivet.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:

Studierettleiar@ahkr.uib.no