Hjem

Digital kultur, bachelor, 3 år

Er du interessert i forholdet mellom digital teknologi og kultur? På dette studiet får du kunnskap om elektronisk litteratur, dataspel og digital kunst. Du lærer både grunnleggande og avansert webdesign og du får erfaring med å kommunisere i digitale sjangrar både visuelt og tekstleg.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på bachelorprogrammet i digital kultur ved Det humanistiske fakultet.  

Frammøte: Studiestart er måndag 14.august kl 08.30. Her finn du oppmøtestad

Ta med: Ta gjerne med matpakke, og noko å drikke. 

ProgramProgram for velkomstveka ved Det humanistiske fakultet 

Bli klar som student: Alt du treng å vite til studiestart og program for velkomstveka finn du i «UiBtreet». I slutten av juli får du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang.

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller studieveileder@hf.uib.no.  

Velkommen til UiB
Foto/ill.:
Foto: UiB

Dei fleste teknologiutdanningar gjer deg til ein utviklar. Med utdanning i digital kultur blir du i staden ein som forstår kva teknologien betyr. Du får den filosofiske og faglege ballasten til å kunne reflektere over og formidle teknologi, både til utviklarar og andre utan særskilt teknologikompetanse.  

Du vil òg kunne nok om kulturelle, estetiske og etiske aspekt ved teknologien til at du kan vurdere korleis teknologiar bør brukast, og til at du kan delta i idéutvikling av nye digitale verktøy og plattformar. Alle vil lage nye ting, men kva er den rette tingen å lage? Kor skal vi bruke teknologi, og kor skal vi ikkje bruke den? 

Du vil kunne plassere individuell deltaking, samarbeid og demokrati i sentrum av din digitale kompetanse. 

Spørsmål vi drøftar er:  

  • Kva skjer med vår måte å forstå verda på når vi brukar teknologi meir og meir? 
  • Kva slags kunst kan ein skape med digital kultur? 
  • Kva nye kunstnariske og kulturelle uttrykksformer blir utvikla med digitale medium?  

På studiet drøftar vi òg etiske spørsmål knytt til kunstig intelligens, overvaking, nye bildeteknologiar, sosiale medium, og spørsmål om korleis teknologi kan henge saman med rettferd, likestilling, aktivisme, undertrykking og diskriminering.  

Meir informasjon under

Studer digital kultur i Bergen

Jobb

Etter kvart som teknologi blir stadig meir vevd inn i liva våre, treng vi kompetanse på korleis teknologi påverkar oss og korleis vi kan bruke den på ein måte som er trygg, rettferdig og demokratisk.  

I kultursektoren treng ein folk som veit korleis nye forteljarformar og digital estetikk kan nyttas i å lage nye kulturelle opplevingar, nye kulturarenaer og nye formidlingsformer.  

I offentleg sektor og i det private næringslivet treng ein fleire som kan vurdere kva det vil bety for organisasjonen eller brukarane å ta i bruk ein bestemt teknologi.  

Du kan blant anna arbeide med:  

  • Digitalisering 
  • Rådgiving 
  • Brukartesting 

Etter ferdig bachelorgrad kan du søke på masterprogrammet i digital kultur. Dette kan auke jobbmoglegheitene dine etter studia er over. Dei som held fram med mastergrad jobbar i etterkant gjerne med digitalisering i det offentlege, i kultursektoren og i det private. Nokre startar òg eigen bedrift. 

Kva du kan bli når du har studert digital kultur?

Meir informasjon under

Oppbygging

Bachelorprogrammet i digital kultur er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.     

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på kvar emneside. Studiet kan sjå slik ut:  

1. semester (haust)

2. semester (vår)

  • DIKULT103 Digitale sjangrar: digital kunst, elektronisk litteratur og dataspel (15 studiepoeng) 
  • DIKULT104 Datateknologi: Historie, teori og praksis (15 studiepoeng)  

3. semester (haust)

  • DIKULT105 Webdesign I (15 studiepoeng) 
  • DIKULT106 Kultur og normer i informasjonssamfunnet: identitet, kjønn og samhandling (15 studiepoeng)      

4.-5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

Du kan legge opp studiet på ulike måtar. Ta kontakt med studierettleiar for å setje opp ein plan tilpassa deg og dine ønsker.  

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Som student i digital kultur vil du høyre til Det humanistiske fakultet (HF). Du får tilgang til datarom, datalab og lesesalar på Sydneshaugen skole. Du kan òg reservere grupperom dersom du vil samle kollokviegruppa di. 

Dette er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Ei typisk veke på dette studiet har 12-14 timar i veka med forelesingar, seminargrupper og laboratorium og praktiske øvingar — dette varierer frå semester til semester. Du har litt mindre undervisning det semesteret du skriv bacheloroppgåve

Undervisninga  og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne. 

På studiet får du arbeide kreativt og praktisk i tillegg til teoretisk, og fleire emne har eksamensformar kor du leverer ein nettstad, eit kreativt, digitalt litterært prosjekt eller gjer eit forskingsarbeid med bruk av digitale metodar som nettverksanalyse og visualisering. 

Med heile 60 frie studiepoeng, altså til saman eitt år, har du moglegheit til å fordjupe deg i andre fag du interesserer deg for eller som er relevante for di karriere. Du kan også velje å reise på utveksling. 

Ta kontakt med studierettleiar om du ynskjer meir informasjon om korleis du kan setje opp bachelorgraden din.  

Kva lærer eg?

Gjennom bachelorprogrammet i digital kultur lærer du:  

  • viktige tema, teoriar og metodar innan digital kultur, og om sentrale digitale verktøy. 
  • å løyse praktiske og teoretiske problem innan design, koding og evaluering av informasjonssystem, identitetsutvikling, lese- og skrivedugleikar og estetikk, og vidare løyse utfordringar knytt til nettaktørar si sjølvforståing. 
  • å nytte kombinasjon av fag i spesialiseringa og i dei valfrie emna i vidare utdanning eller yrkesplanar. 

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.   

Vi tilrår og legg godt til rette for at du skal kunne reise på utveksling i eitt eller to semester. Du kan velje blant eit mangfald av ulike kurs frå høgt anerkjende utdanningsinstitusjonar i for eksempel Hong Kong eller Frankrike.   

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her