Hjem

Engelsk, bachelor, 3 år

Engelsk er antakeleg det mest utbreidde språket nokosinne. Når vi treff nokon med eit anna morsmål kommuniserer vi oftast på engelsk, uansett kva det handlar om: internasjonal politikk og diplomati, handel, forsking, kultur mm.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

På bachelorstudiet vil du få ei innføring i engelsk lingvistikk, litteratur og kultur. Du blir kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du lærer om ulike vitskaplege tilnærmingar til dette mangfaldet, og får fordjupe deg i eit tema du er interessert i.   

Vi diskuterer spørsmål som: 

  • Korleis fungerer det engelske språket? 
  • Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag?   
  • Korleis kan vi forstå kultur og historie gjennom litteraturen, og vice versa?  

Engelskstudiet gir god innsikt i det engelske språket og i engelskspråkleg litteratur og kultur. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket. Gjennom tolking av ulike tekstar får du kunnskap om sambandet mellom litteratur og samfunnsforhold i USA og Storbritannia og andre engelskspråklege land. 

Meir informasjon under

Velg Språk!

Producer:
Flimmer Film

Jobb

Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring og kunnskap om kulturen og samfunnet i landet/området.  

Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet, media m.fl. treng folk med denne kompetansen.  

Studentar med språkutdanning finn du i mange ulike yrke: 

  • lærar 
  • i offentleg forvaltning (gjerne innan administrasjon/høgare utdanning)
  • kommunikasjonsmedarbeidar/informasjonsmedarbeidar 
  • tolk/omsettar 
  • i frivillige organisasjonar

Etter fullført bachelorgrad i engelsk kan du søke deg vidare til masterprogrammet i engelsk

Kva jobbar kan du få med humanistisk utdanning? 

Meir informasjon under

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i engelsk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. 

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. Semester, haust   

  • Ex.phil. (10 studiepoeng)  
  • Innføringsemne (EXFAC00SK tilrådd) (10 studiepoeng)   
  • ENG100 (10 studiepoeng)  

2. semester, vår

  • ENG110 – Lydar og strukturar (15 studiepoeng) 
  • ENG125 – Britisk litteratur og kultur (15 studiepoeng)  

3. Semester, haust

  • ENG120 – System og variasjon (15 studiepoeng) 
  • ENG122 – Amerikansk litteratur og kultur (15 studiepoeng)  

4. Semester, vår

Vel ei spesialisering: 

Spesialisering i moderne lingvistikk:

  • ENG225 Engelsk lingvistikk: språkhistorie (15 studiepoeng)  
  • ENG267 Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (15 studiepoeng)  

Spesialisering i språkhistorie: 

  • ENG227 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (15 studiepoeng)  
  • ENG265 Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: språkhistorie (15 studiepoeng) 

Spesialisering i britisk litteratur og kultur:  

  • ENG226 Engelskspråkleg litteratur og kultur (15 studiepoeng)  
  • ENG268 Semesteroppgåve i britisk* litteratur og kultur (15 studiepoeng)  

Spesialisering i amerikansk litteratur og kultur:   

  • ENG228 Engelskspråkleg litteratur og kultur (15 studiepoeng)  
  • ENG266 Semesteroppgåve i amerikansk* litteratur og kultur (15 studiepoeng)  

*Emna konsentrerer seg normalt om enten britisk eller amerikansk engelsk, men andre språkvariantar kan òg vere aktuelle. 

5. Semester, haust  

6. Semester, vår

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen 

Bachelorstudiet i engelsk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha rundt 10 timar undervisning, som forelesningar og seminargrupper. I tillegg vil du bruke tid på lesesalen med pensumlitteratur. Undervisninga og litteraturen er på engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabellen.  

Som student på engelsk held du til på Sydnes i Bergen sentrum. Det er lesesalar på Sydneshaugen skole, og mange vel å sitte på Bibliotek for humaniora. Vi har også mange kollokvierom tilgjengeleg som du kan reservere og bruke gjennom heile semesteret.  

Hos oss møter du forelesarar frå ulike land. Vi har til dømes ein professor som kjem frå eit amerikansk universitet for å undervise i Noreg i eitt år av gangen.  

I det andre semesteret kan du bli med på studietur til Det norske studiesenteret i York, for ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.  

Det er òg mogleg å skrive semesteroppgåva (det fjerde semesteret) i utlandet. Vi har ein særs god avtale med Det norske studiesenteret i York, der du kan ta alle emna som høyrer til på 200-nivået.  i

Totalt 90 studiepoeng av grada er obligatorisk spesialisering i engelsk. Her tar du emne innanfor disiplinane engelskspråkleg litteratur/kultur og lingvistikk. I løpet av spesialiseringa vel du kva disiplin du vil fordjupe deg litt ekstra i. Du må skrive ei større, sjølvstendig oppgåve innanfor den disiplinen som interesserer deg mest.   

I tillegg er innføringsemna ex.phil. og ex.fac. obligatorisk i studiet.  

Det er òg 60 valfrie studiepoeng. Her kan du ta andre opne emne ved UiB, og på denne måten skreddarsy grada di inn mot framtidig karriere eller interesse. Kva har du lyst å kombinere språkutdanninga di med? Dette er ein måte å skaffe seg ei heilt unik utdanning på, med ei emnesamansetning og fordjuping ingen andre har.  

Dersom du vil ha praksis i løpet av studiet, kan du ta emnet PRAKTINF – Praktisk informasjonsarbeid. Dette emnet tar sikte på å trene studentane i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver med praksis i løpet av semesteret du tar emnet.  

Vi tilrår òg sterkt å reise på utveksling som del av dei valfrie studiepoenga.  

Som engelskstudent lærer du så mykje meir enn språket, lingvistikken og litteraturen. Du lærer òg å både lese og tenke kritisk, og å bygge opp eigne argument og forsvare desse.  

Kva lærer du? 

Med denne utdanninga: 

  • får du brei, forskingsbasert kunnskap om engelsk språk, engelsk lingvistikk og engelskspråklege litteraturar/kulturar 
  • får du ei vitskapleg tilnærming til språket og litteraturar/kulturar 
  • utviklar du sjølvstendig, kritisk tenking, samt å analysere og utvikle eigne argument 

Sjå heile lista over læringsutbyte

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Dette kan skje i det fjerde, femte eller sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Storbritannia, USA, Canada, Australia eller Sør-Afrika.

Vi vil framheve det langvarige samarbeidet vårt med Norwegian Study Centre i York. Reiser du hit, blir kursa du tar automatisk godkjent som tilsvarande våre kurs på 200-nivå, noko som gjer planlegginga av studieopphaldet enkel og grei. 

Korleis søke om å reise på utveksling? 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Opptak

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her