Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i italiensk

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i italiensk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på italienskemna er italiensk og norsk.Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorstudium i italiensk har som mål å gje generelle og spesialiserte kunnskapar i italiensk språk og italienskspråkleg litteratur og kultur. Gjennom studiet av pensum og bruk av ulike læringsformer, skal ein tileigne seg god praktisk dugleik i munnleg og skriftleg italiensk, samstundes som ein utviklar ei sjølvstendig haldning til stoffet. Studentane skal på bachelornivå dessutan skaffe seg ein viss kjennskap til italiensk språk- og litteraturvitskap og til italienske kulturtilhøve i vid tyding.I italienskstudiet heng språk- og litteraturstudia nøye saman.
Italiensk, som høyrer til dei romanske språka og altså går attende til latin, vert tala av oppunder 60 millionar menneske. Det er nasjonalspråk i Italia, og italiensk er eitt av dei fire offisielle språka i Sveits, der særleg kantonen Ticino er italienskspråkleg. Italiensk er berar av ein særs rik kultur som gjennom tidene har gjeve djuptgripande impulsar til resten av Europa og verda i det heile. I vår tid spelar Italia ei sentral rolle så vel kulturelt som politisk og økonomisk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha føljande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:


Kunnskapar:

Kandidaten

  • har brei generell kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan italiensk språk, litteratur og kultur- og samfunnstilhøve
  • har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
  • er i stand til å oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet
  • har god innsikt i italiensk språk- og litteraturvitskap
  • har inngåande kjennskap til eit representativt utval litterære tekstar
  • har tileigna seg dei språkkunnskapar som trengst for å skjøne dei litterære verka

Dugleik:

Kandidaten

  • kan bruke moderne italiensk skriftleg og munnleg
  • kan arbeide sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kan skjøne og bruke moderne italiensk munnleg og skriftleg i prosjektbaserte arbeid
  • kan bruke kunnskapane sine kritisk og reflektere over eigen fagleg praksis innanfor:

a) grammatikk

b) språkleg variasjon

c) litteraturvitskap

  • kan gå vidare med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte innanfor begge disiplinane
  • har bygd opp ei sjølvstendig og reflekterande haldning til stoffet

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • har skaffa seg nok kunnskap og innsikt til å dra nytte av vekselspelet mellom dei to disiplinane språk og litteratur
  • kan nytte kombinasjonen av fag i spesialiseringa i italiensk og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har forkunnskapar i italiensk som svarar til høgste nivå frå vidaregåande skole, ITAL001 Innføring i italiensk språk, ITAL100 Innføring i italienskstudium eller tilsvarande.

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester:

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 studiepoeng)
  • ITAL100 Innføring i italiensk (10 studiepoeng)

For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det vere ønskjeleg å byte dei ut med adre emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

EX.PHIL. Examen Philosophicum (H, 10 stp.)
Innføringsemne: anten EXFAC00SK eller EXFAC00AS (H, 10 stp.)

ITAL121 Italiensk språk I (V, 10 stp.)

ITAL123 Munnleg italiensk med fonetikk (V, 10stp.)

ITAL125 Moderne italiensk kortprosa (V, 10stp.)

ITAL122 Italiensk litteratur (H, 10stp.)

ITAL124 Italiensk språk 2 (H, 10stp.)

SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (H, 10stp.)

ITAL203 Italiensk språk og lingvistikk (V, 15stp.)

ITAL250 Eldre italiensk litteratur (V, 10 stp.)

LITTIF200 Litteraturteori (V, 5stp.)

Spesialisering

Spesialiseringa i italiensk omfattar emna

ITAL121 Italiensk språk I (V, 10 stp.)
ITAL122 Italiensk litteratur (H, 10 stp.)
ITAL123 Munnleg italiensk med fonetikk (V, 10 stp.)
ITAL124 Italiensk språk II (H, 10 stp.)
ITAL125 Moderne italiensk kortprosa (V, 10 stp.)
SEK100 Samanliknande europeisk kulturstudium (H, 10 stp.)
LITTIF200 Litteraturteori (V, 5 stp.)
ITAL203 Italiensk språk og lingvistikk (V, 15 stp.)
ITAL250 Eldre italiensk litteratur (V, 10 stp.)

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., ex.fac. og spesialiseringa inneheld programmet 70 frie studiepoeng. Merk at introduksjonsemnet ITAL100 reknast med i dei frie studiepoenga.

I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust):

EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)

EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)

ITAL100 Innføring i Italiensk (10 stp.)

2. semester (vår):

ITAL121 Italiensk språk I (10 stp)

ITAL123 Munnleg italiensk med fonetikk (10 stp)

ITAL125 Moderne italiensk kortprosa (10 stp)

3. semester (haust)

ITAL122 Italiensk litteratur (10 stp)

ITAL124 Italiensk språk II (10 stp)

Obligatorisk fellesemne: SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 stp)

4. semester (vår)

ITAL203 Italiensk språk og lingvistikk (15 stp)

ITAL250 Eldre italiensk litteratur (10 stp)

Obligatorisk fellesemne: LITTIF200 Litteraturteori (5 stp)

For å oppretthalde kontinuitet i italienskopplæringa tilrår vi å ta 200-nivå i det 4. semesteret. Studentar som tek frie studiepoeng i eit fag med oppstart på våren, tek 200-nivå i det 6. semesteret.

5. semester (haust):

Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

6. semester (vår):

Frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)

Studentar kan sjølv velje om dei vil følgje det tilrådde løpet eller om dei vil byte om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vere merksam på at italienskemna har faste undervisningssemester. Det er uansett tilrådd at ein fullfører 100-nivå i italiensk før ein tek fatt på 200-nivået.

Delstudium i utlandet

Eit utvekslingsopphald ved eit italienskspråkleg universitet er ein forventa og fagleg tilrådd del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte eller sjette semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: www.uib.no/studieprogram/BAHF-ITAL.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane høve til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  1. A-F, der F er stryk
  2. Greidd/ikkje greidd

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogram i italiensk ved UiB.

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studiet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Gode kunnskapar i italiensk språk og kultur er etterspurde innanfor visse segment av næringsliv, informasjonsarbeid, media, omsetjing og kulturliv. Italia er ein viktig handelspartnar for Noreg. Turistnæringa er òg svært viktig for begge landa. Noreg er eit populært reisemål for italienske turistar, og potensialet for vidareutvikling er stort. Italienskstudiet, kombinert med eit anna skulefag og praktisk-pedagogisk utdanning, kvalifiserer for undervisning innanfor skuleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet gjennom Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@if.uib.no

Studierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 93 70