Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-JAP Japansk, bachelor, 3 år, vår 2021

Namn på grad

Bachelor i japansk

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i japansk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på japanskemna er japansk og norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studiet skal formidle forståing for japansk språk og kultur. Med oppnådd bachelorgrad i japansk, meistrar studenten munnleg og skriftlig japansk på høgare mellomnivå. Dette vil svare til nivå 2 i Japanese Language Profiency Test, som er det nest høgaste nivået i den offisielle japanske språktestinga retta mot utlendingar. Ein vil vidare ha tileigna seg grunnleggjande kunnskapar om regionen som Japan ligg i, og hovudtrekka i japansk historie. Kunnskap om ulike sider ved japansk kultur og samfunn utgjer ein integrert del av språkstudiet, og vil bli forsterka og levandegjort gjennom eit obligatorisk utvekslingsopphald.

Hovudvekta i studiet er lagd på kunnskapar om japansk språk, inkludert praktisk meistring av munnleg og skriftleg japansk på høgare mellomnivå. Studenten får òg grunnleggjande kunnskapar om japansk historie og samfunnstilhøve, samt inngåande kjennskap til den japanske kulturen gjennom språket. Ei avsluttande semesteroppgåve set studenten i stand til å avgrense og analysere eit Japan-relatert saksfelt samt søkje fram og handtere relevant kjeldemateriale.

Eit utvekslingsopphald på to semester ved et japansk universitet er ein integrert del av studiet. Denne utvekslinga går føre seg i siste del av fjerde, heile femte, og første del av sjette semester. I tillegg til vidare undervisning i moderne japansk språk på mellomnivå, vil studenten òg kunne følgje japanskspråklege eller engelskspråklege kurs over eit breitt spekter av lingvistiske, kulturelle, historiske og litterære emne.

Etter fullført utvekslingsopphald blir studiet avslutta ved Universitetet i Bergen.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Etter fullført studium:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har inngåande metakunnskap om strukturar i det japanske språket.
  • har spesialisert kunnskap om eit avgrensa Japan/japansk-relatert felt.
  • veit korleis ein leitar fram japansk og engelskspråkleg Japan/japansk-relatert stoff frå bibliotek, databasar, internett og andre kjelder.
  • kan lese slikt stoff med kritisk og kunnskapsbasert blikk.
  • kan presentere og diskutere problemstillingar relatert til japansk språk og/eller realia, både skriftleg og munnleg.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan skrive og lese rundt 1200 ideografiske skriftteikn (kanji).
  • har tileigna seg vokabular og grammatikk på høgare mellomnivå.
  • kan lese, skrive, snakke og forstå japansk på høgare mellomnivå.
  • kan meistre ulike høflegheitsnivå.
  • kan til ein viss grad bruke respektfullt og audmjukt språk.
  • kan produsere ein akademisk tekst om ein Japan/japansk-relatert problemstilling.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante japanskfaglege problemstillingar.
  • kan planleggje og gjennomføre prosjektoppgåve som strekkjer seg over tid, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • kan greie N2 i Japanese Language Proficiency Test.

Opptakskrav

 Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester:

· EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)

· EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)

· JAP100 Japansk historie, samfunn og språk (10 stp.)

JAP100 er obligatorisk del av studieprogrammet.

For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det være ønskjeleg å bytte det ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

EX.PHIL. Examen Philosophicum (10stp) (H)

EX.FAC. Examen Facultatum (10stp) (H)

JAP100 Japansk historie, samfunn og språk (10stp) (H)

JAP110 Japansk språk 1 (30stp) (V)

JAP120 Japansk språk 2 (30stp) (H)

JAP205 Japansk språk 3 (20stp) (V)

EAS250 Bacheloroppgåve i japansk (10 stp) (V)

Utveksling i Japan (60 stp) (V & H)

Spesialisering

JAP110 Japansk språk 1 (30stp) (V)

JAP120 Japansk språk 2 (30stp) (H)

JAP205 Japansk språk 3 (20stp) (V)

EAS250 Bacheloroppgåve i japansk (10 stp) (V)

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., ex.fac., JAP100 og spesialiseringa inneheld programmet 60 frie studiepoeng.

Dei frie studiepoenga tas ved eit japansk universitet. Universiteta vi samarbeider med tilbyr eit breitt spekter av emne. For at studenten skal kunne tileigne seg den dugleiken og kunnskapen studieplanen legg opp til, tilrår vi sterkt at studenten vel emne i japansk språk. Ein kan òg velje emne i andre språkfag, historie- og kulturfag, litteratur, politikk, business eller estetiske fag, eller andre fag som er relevante for studenten sine vidare yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust)

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
  • JAP100 Japansk historie, samfunn og språk (10 stp.)

2. semester (vår)

  • JAP110 Japansk språk 1 (30 stp)

3. semester (haust)

  • JAP120 Japansk språk 2 (30 stp)

4. semester (vår)

  • JAP205 Japansk språk 3 (20 stp)
  • Utveksling (start ultimo mars): frie studiepoeng (10 stp)

5. semester (haust)

  • Utveksling: frie studiepoeng (30 stp)

6. semester (vår)

  • Utveksling: frie studiepoeng (20 stp)
  • EAS250 (start primo mars) (10 stp)

Ein må vere merksam på at japanskemna har faste undervisningssemester. Generelt gjeld at ein fullfører 100-nivå i japansk før ein tek fatt på 200-nivå. Vi tilrår at studenten tar EAS250 i siste semester av studiet.

Delstudium i utlandet

Eit utvekslingsopphald ved eit av dei japanske universiteta vi har avtaler med, er ein obligatorisk del av studiet. Utvekslinga går føre seg i siste del av fjerde, heile femte og første del av sjette semester. Det er progresjonskrav for å kunne reise på utveksling. Studentar må ha bestått JAP110 og JAP120 før utreise.

Studiestaden blir bestemt på bakgrunn av den einskilde studenten sitt eige ønskje og faglege kvalifikasjonar. Vi gjer merksam på at det japanske studieåret byrjar 1. april. Kontakt studierettleiar eller faglærar for nærare informasjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skoleeksamen, rettleidd oppgåve,  heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane. 

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

UiB tilbyr ikkje mastergrad i japansk, men ein bachelor i faget kan kvalifisere for opptak til masterprogram ved andre lærestader, til dømes ved UiO eller universitet i utlandet.

Relevans for arbeidsliv

Blant yrkesgrupper der kompetanse i japansk og kjennskap til Japan er nyttig, kan nemnast næringsliv (til dømes turistnæringa, fiskeeksport), og internasjonalt retta organisasjonar, og elles undervisning, forsking, presse og media. Kandidatar med japansk er òg å finne i utanrikstenesta, eller dei er sysselsette med bibliotekarbeid eller omsetjingsoppgåver.

For å kunne bruke japansk aktivt i jobbsamanheng, er eit lengre opphald i Japan naudsynt.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@if.uib.noStudierettleiar@if.uib.no

Studierettleiar@if.uib.no
Tlf 55 58 93 70