Hjem

Kjønnsstudium, bachelor, 3 år

Problemstillingar knytt til kjønn og seksualitet er ein nøkkel til å forstå menneske, samfunn og kultur. I dag blir det stadig større fokus på likestilling og arbeid mot diskriminering. I tillegg blir kunnskap om og forståing av mangfald meir og meir viktig i vår globaliserte samtid
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Døme på spørsmål vi drøftar:  

  • Kva er kjønn? 
  • Korleis forstår vi kjønn i ulike kulturelle kontekstar?  
  • Korleis endrar forståinga av kjønn seg over tid?  
  • Kan film, litteratur og kunst skape alternative former for kjønn? 

Kjønnsstudiet undersøker ei rekke tydingar av kjønn i ein global samanheng og du får utfordra oppfatningane og verdiane dine kring kjønn og seksualitet. Du lærer ulike teoretiske perspektiv som til dømes feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori og globalisering.  

Meir informasjon under

Studer kjønnsstudium

Producer:
SKOK

Jobb

Du tileignar deg kunnskap om kjønn og seksualitet, mellom anna med tanke på diskriminering, likestilling og inkludering. Slik kunnskap er stadig meir etterspurt i ulike deler av arbeidslivet. 

Du kan til dømes arbeide med:  

  • Kommunikasjon  
  • Forsking 
  • Undervisning 
  • Administrasjon  
  • Rådgiving 

Med ei slik utdanning får du både allmennkunnskapar og spesialkunnskap som kan nyttast i ei rekke jobbsamanhengar. Kjønnsstudium gir ein god breiddekunnskap, samt spesialkunnskap som i aukande grad vert etterspurd i utdanningssektoren, personaladministrasjon, media, arbeids- og inkluderingsfeltet, offentleg forvaltning og i næringsliv.  

Etter ferdig bachelorgrad er du kvalifisert for masterprogram. Universitetet i Bergen tilbyr masterprogram i fordjupingsområda allmenn litteratur, engelsk, filosofi, historie, kulturvitskap, nordisk språk og litteratur, sosialantropologi og sosiologi. Masterprogram i kjønnsstudium finn du på NTNU og UiO.  

Les meir om kva moglegheiter ein har som humanist her

Meir informasjon under

Oppbygging 

Programmet omfattar tre akademiske år (seks semester) og startar i august. Du fordjupar deg i to fagområde der det eine er kjønnsstudium. Det andre fagområdet vel du sjølv. Enten litteraturvitskap, engelsk, filosofi, historie, kulturvitskap, nordisk språk og litteratur, sosialantropologi eller sosiologi.  

Studieløpet ditt kan til dømes sjå slik ut:  

1. semester (haust) 

2. semester (vår) 

  • KVIK101: Kjønn i det moderne (15 studiepoeng)  

Vel eitt av fylgjande emne:  

  • SOS111: Familien i endring (15 studiepoeng)  
  • KUVI106: Kjønn, seksualitet og kultur (15 studiepoeng)  
  • HIS108: Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 studiepoeng)  

3. semester (haust) 

  • KVIK201: Nyare teoriar om kjønn og seksualitet (15 studiepoeng)  
  • KVIK102: Likestilling og mangfald (15 studiepoeng)  

4. semester (vår)  

5. semester (haust) 

  • Spesialisering innan same fagområde (30 studiepoeng)  

6. semester (vår) 

  • Spesialisering og bacheloroppgåve (30 studiepoeng)  

Fullstendig liste over emne i dette studieprogrammet  

Studieløpet ditt kan òg settast saman på andre måtar. Ta kontakt med studierettleiar for å få hjelp til å setje opp ein plan tilpassa deg og dine ønsker.  

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag  

Bergen har eit av dei mest attraktive studentmiljøa i Noreg, med ein godt utvikla studentkultur. Som bachelorstudent i kjønnsstudium får du moglegheit til å ta del i eit svært engasjert miljø der du får møte mange folk med ulik fagleg bakgrunn.  

Du vil høyre til Det humanistiske fakultet der dei fleste førelesningane vil gå føre seg. På fakultetet finn du òg lesesalsplassar.  

Bachelorprogrammet i kjønnsstudium er eit fulltidsstudium og baserer seg i stor grad på sjølvstendig arbeid. Ei vanleg arbeidsveke inneheld om lag 6 – 14 timar undervisning, fordelt mellom seminargrupper og førelesningar. Førelesningane går føre seg på norsk, men pensumlitteraturen er både på norsk og engelsk. 

I undervisinga vert det lagt vekt på at studentane skal vere aktive og delta i diskusjon. Diskusjonen vil vere sentrert rundt dei sentrale teoretiske perspektiva og omgrepa som faget bygger på.  

På dette bachelorprogrammet vel du to spesialiseringsfelt og får difor ei nyttig dobbelkompetanse.  

Kva lærer eg?  

Kjønnsstudium vil utfordre oppfatningane og verdiane dine kring kjønn og seksualitet. Studiet vil òg  hjelpe deg å utvikle gode evner til å samarbeide med ulike menneske. 

Du vil få:  

  • brei kunnskap om den samfunnsmessige, politiske og kulturelle tydinga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit globalt perspektiv 
  • ta i bruk kjønnsteoretiske omgrep og omgrep knytt til seksualitet og mangfald til å analysere aktuelle problemstillingar i samfunnet 
  • sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultatet av denne i skriftleg og munnleg form 

Full liste med læringsutbyte 

Utveksling  

Du kan reise på utveksling i eitt semester. UiB har avtalar med mange universitet verda over. Land som er særleg aktuelle for deg som studerer kjønnsstudium er Sverige og Danmark. Det vanlegaste er å reise på utveksling det tredje semesteret.  

Kontakt studierettleiar for meir informasjon om når og kvar du kan reise.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her