Hjem

Klassisk filologi, bachelor, 3 år

Gresk og latin ligg til grunn for den europeiske kulturtradisjonen som har blitt spreidd til store delar av verda, og som pregar korleis vi i dag tenker og samtalar internasjonalt om vitskap og filosofi, religion og menneskesyn, statsskikk og rettsstell, kunst og litteratur.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Klassisk filologi er studiet av gresk og latin. Desse språka har vært sentrale kulturelle språk i Europa og andre deler av verda i fleire hundreår. Dei klassiske språka er ikkje berre ein nøkkel til fortida, men også til samtida. 

Nokre av spørsmåla vi studerer, er:  

  • På kva måte er klassisk talekunst fortsett relevant for oss i dag?  
  • Korleis tolkar vi greske drama og lyrikk frå antikken?  
  • Korleis kom alfabetet til Noreg?  

Etter det første året spesialiserer du deg i enten gresk eller latin, begge språk som har hatt enorm innverknad globalt. I tillegg får du praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Kunnskap om gammalgresk og latin gir deg evna til å tolke antikkens poesi og prosa, men også bøker, filmar og drama frå nyare tid.  

Fagside for klassiske fag

Meir informasjon under

Studer klassisk filologi

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i klassisk filologi er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

Du vil typisk bruke 4-16 timar i veka på ulike undervisningsaktivitetar, avhengig av kva nivå du er på. I starten får du tilbod om å delta i nesten daglege forelesningar, og når du kjem vidare i studiane har du gjerne seminar to gonger i veka. I tillegg kjem sjølvstudium, og etter kvart arbeid med bacheloroppgåve.  

Undervisninga er på norsk og engelsk, mens pensum er på norsk, engelsk, latin og gresk.  

Du kan gå ut i praksis gjennom valemnet PRAKTINF – Praktisk informasjonsarbeid. I løpet av dette emnet kan du bli kjend med mange ulike kulturformidlande arbeidsplassar som kan vere aktuelle etter du har fullført dette studiet.  

Du kan bruke lesesalane ved HF-bygget i Bergen sentrum, på Sydneshaugen skole eller på Universitetsbiblioteket for humaniora.  

Hos oss finn du eit lite fagmiljø med store mogelegheiter for å bli godt kjend med dei andre studentane, og du møter engasjerte forelesarar. Du lærer eit språk svært få kjenner, og får eit unikt perspektiv på dagens kulturelle liv. 

Meir om studiekvardagen ved HF

Jobb 

Ved dette studiet får du ein kompetanse som er etterspurd i institusjonar over heile verda der eldre historie er ein del av området for verksemda.   

Arbeidsplassar der kunnskap i latin og gresk er etterspurde, er for eksempel: 

  • museum og andre antikvariske samlingar og institusjonar, som museumsvert, konservator og formidlar 
  • kyrkja, som formidlar 
  • universitetet, som forskingsassistent og undervisar 
  • bibliotek, som formidlar 
  • skuleverk, som lærar  

Evna til både å tenke sjølvstendig og kritisk og evna til å samarbeide er viktig for mange arbeidsgivarar. Begge deler får du på dette studiet.  

Etter bachelorprogrammet kan du søka opprak til masterprogrammet i gresk eller masterprogrammet i latin, og kvalifisere deg for vidare studium og forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.  

Kva lærer eg? 

Med ein bachelorgrad i klassisk filologi kan du:  

  • lese greske eller latinske tekstar sjølvstendig, og omsetje dei til norsk 
  • formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer 
  • mykje om fagområdets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet 

Sjå full liste over læringsutbyte

Oppbygging 

Vi tilrår denne rekkefølga for studiet:  

1. semester (haust)

Spesialisering i gresk 

2. semester (vår)

  • GRE101 Gresk elementærkurs (15 studiepoeng) 
  • GRE102 Gresk prosa og grammatikk(15 studiepoeng)  

3. semester (haust)

  • GRE103 Gresk: Attisk prosa (15 studiepoeng) 
  • GRE104 Gresk: Epikk og lyrikk (15 studiepoeng)   

Spesialisering i latin 

2. semester  (vår)

  • LAT102 Latin: Prosa og grammatikk I(15 studiepoeng) 
  • LAT105 Latinsk prosa og grammatikk II (15 studiepoeng)  

3. semester (haust)

  • LAT104 Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid (15 studiepoeng) 
  • LAT107 Middelalderlatin (15 studiepoeng)  

For begge spesialiseringar

4.-5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet eitt eller to semester. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. For deg som tar klassisk filologi vil det naturlegvis vere interessant å reise til Hellas og Italia

Dei norske institutta i Athen og Roma arrangerer kurs i gresk og romersk kultur på BA-nivå, utan krav om språkkunnskapar. Desse kursa høver godt som frie studiepoeng.

Studierettleiar kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar deg.  

Les meir om utveksling

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her