Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-KUN Kunsthistorie, bachelor, 3 år, haust 2021

Namn på grad

Bachelor i kunsthistorie

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i kunsthistorie har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter melding til instituttet også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Normalt norsk/skandinavisk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i kunsthistorie skal gi teoretiske, analytiske og metodiske føresetnader for å forstå visuell kunst, arkitektur og visuell kultur som historiske, kulturelle og sosiale fenomen. Programmet gir eit godt grunnlag for arbeid i kultursektoren, både i offentleg og privat sektor. Programmet gir også teoretisk og praktisk kompetanse for dei som vil skape eigne karrierevegar knytt til kulturforvaltning og frie næringar.

Kunsthistoriestudiet utforskar den visuelle kulturhistoria frå antikken til i dag - måleri, skulptur, masseproduserte bilete og moderne sjangrar som fotografi, film og elektroniske bilete, samt arkitekturhistorie, kulturminnevern og byplanlegging. I starten av studiet blir det lagt stor vekt på å gi studentane ei brei innføring i faget, både historisk og når det gjeld kunstnarlege uttrykksformer. Siste del av studiet  gir ei fordjuping i teoretiske spørsmål og moglegheit for spesialisering. Kandidatane blir introduserte for relevant forskingslitteratur og den pågåande diskusjonen kring teoretiske og metodiske tilnærmingar. Programmet gjev såleis innsikt i analytiske, teoretiske og metodiske føresetnader for å forstå kunst, arkitektur og visuell kultur som estetiske, historiske, kulturelle og sosiale fenomen. Hovudtyngda i studiet av antikken vil ligge på høgkulturane i middelhavsområdet med ei særleg vekt på dei greske bystatane og Romarriket. I studiet av mellomalderen legg ein vekt på både Vesten og Det bysantinske riket. Studiet av nyare tid er i hovudsak avgrensa til den vestlege kunsten, men ein problematiserer og postkoloniale perspektiv og globalisering. Ein har blikk for visuell og materiell kulturarv frå Noreg, samstundes som dette blir kombinert med kritiske og internasjonale perspektiv.

Studiet utnyttar forsking og ekspertise knytt til eldre og nyare visuell og materiell kunst, og ein gjer aktivt bruk av kulturarv og kunstinstitusjonar som finst i Bergen. Studieprogrammet gir grunnlag for vidare spesialisering på mastergradsnivå.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten..

  • har brei oversikt over kunst, arkitektur, visuell kultur og teoriar om det visuelle frå antikken og fram til i dag
  • har kjennskap til dei viktigaste problemstillingane, metodane og analytiske verktøya som vert nytta i kunsthistoriefaget.
  • har kjennskap til sentrale forskingstradisjonar innanfor kunsthistoriefaget.
  • har føresetnad for sjølvstendig fordjuping i kunsthistorie på bakgrunn av brei kunnskap og oversyn over fagområdet
  • har oversikt over den moderne kunsthistoriedisiplinen si historie frå om lag 1750 fram til i dag
  • kjenner til fagområdet sitt tradisjonelle nedslagsfelt i forskingsinstitusjonar, museum, kulturminneforvaltning og i offentlege og private kunstformidlingsinstitusjonar.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan grunngi praktiske tiltak og teoretisk problemløysing innafor formidling og forvaltning utifrå sin eigen kunsthistoriske fagkunnskap
  • kan reflektere over og justere si eiga faglege verksemd under rettleiing innanfor insitusjonelle rammer som er relevante for kunsthistoriefaget
  • kan finne fram kunsthistorisk informasjon frå t.d. bibliotek, museum og arkiv og framstille dette slik at det set lys på konkrete problemstillingar
  • kan uttrykke seg i eit kunsthistorisk fagspråk

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan løyse varierte arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid og vurdere om arbeidsoppgåvene vert utførte i høve til etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt kunsthistorisk fagstoff skriftleg og munnleg
  • kan utveksle eigne synspunkt og erfaringar med andre i kunst- og kulturfaglege samanhengar og slik bidra til å utvikle ein god praksis
  • har kjennskap til nyorienteringar innan det kunsthistoriske fagfeltet
  • har innsikt i etiske spørsmål innanfor kunsthistorisk forsking, formidling, museumsarbeid, kulturminneforvaltning og i offentlege og private kunstformidlingsinstitusjonar

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Innføringsemne

Det første semesteret i bachelorprogrammet i kunsthistorie skal innehalde 10 studiepoeng Examen philosophicum og minimum 10 studiepoeng Examen facultatum:

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)

og minimum eitt av emna:

Akademisk skriving er sterkt tilrådd. 

Innføringsemne i språkfag som latin, tysk, fransk, italiensk eller engelsk kan òg vere aktuelle som valfritt emne i første semester.

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng examen philosophicum og 20 studiepoeng examen facultatum.

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i kunsthistorie på 90 studiepoeng.

Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa og programmet:

  • KUN105 - Kunst og kultur i antikken, Bysants og tidleg mellomalder
  • KUN106 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1950
  • KUN107 - Kunst og kultur i mellomalder, renessanse og barokk
  • KUN108 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1950-i dag
  • KUN201 - Kunsthistoriefagets teori, metode og historiografi

Studenten må dessutan velje eitt av desse emna:

  • KUN250 - Kunstane i antikken og mellomalderen og den antikke tradisjonen
  • KUN260 - Kunst, arkitektur og visuell kultur i moderne og samtid

I det valfrie emnet på 200-nivå skal studenten skrive ei rettleidd semesteroppgåve (bacheloroppgåve). Dette for å tilfredsstille kravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultetet

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa i kunsthistorie, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

NEU201 - Nevroestetikk

og

KUN209 - Kunst, retorikk og lærdomstradisjonar i før- og tidlegmoderne tid

kan veljast som del av dei 60 frie studiepoenga i bachelorgraden

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i kunsthistorie kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust):

Examen philosophicum og Examen facultatum (minst 20 studiepoeng)

2. semester (vår):

  • KUN105 - Kunst og kultur i antikken, Bysants og tidleg mellomalder
  • KUN106 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1950

3. semester (haust):

  • KUN107 - Kunst og kultur i mellomalder, renessanse og barokk
  • KUN108 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1950-i dag

4.-6. semester:

I dei siste tre semestera tar studentane 200-nivået i spesialiseringa i kunsthistorie og dessutan valemne tilsvarande 60 studiepoeng i andre fag.

200-nivået i spesialiseringa i kunsthistorie må takast i anten 4. eller 6. semester.

På 200-nivå skal studentane ta:

  • KUN201 - Kunsthistoriefagets teori, metode og historiografi

og anten

  • KUN250 - Kunstane i antikken og mellomalderen og den antikke tradisjonen eller
  • KUN260 - Kunst, arkitektur og visuell kultur i moderne og samtid

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivået.

Delstudium i utlandet

Det er lagt til rette for at ein skal kunne ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei fleste vel å reise på utveksling når dei skal ta frie studiepoeng, men det er òg mogleg å reise i spesialiseringa. Emna ein tek på utveksling må godkjennast av Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) i forkant av utanlandsopphaldet.

Ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon.

Les mer om utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål vert skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i kunsthistorie gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i kunsthistorie.

Relevans for arbeidsliv

 Bachelorstudiet i kunsthistorie gir kompetanse for arbeid med til dømes:

  • kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar
  • kulturjournalistikk og informasjonsarbeid innanfor kunst- og kulturfeltet
  • kulturminneforvaltning, kunst- og kulturadministrasjon på sentralt og lokalt plan
  • undervisning i ulike samanhengar

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

 Programstyret for kunsthistorie har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no.

Tlf. 55 58 24 00.