Studieplan for BAHF-KUVI Kulturvitskap, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelor i kulturvitskap
Fulltid/deltid
Fulltid 3 år/ deltid 6 år
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Kulturvitskap er studiet av kvardagskultur og korleis menneske skaper meining i tilværet. Studiet gir grunnleggande kunnskap om mennesket som kulturskapande og kulturberande vesen. Både kulturhistorie og kulturanalyse av samtidsfenomen står sentralt i studiet, og det analyserer kultur som ein viktig dimensjon i eit globalisert og moderne samfunn. Kulturvitskap handlar mellom anna om materialitet, kulturarv og forteljartradisjonar frå folkeeventyr og segner til falske nyheiter. Kulturvitskap behandlar også dei kulturelle dimensjonane ved en rekkje andre sider ved kvardagslivet, som til dømes kjønn og seksualitet, magi og møte med det overnaturlege.
Studiet skal også gi innsikt i utviklinga av moderne kulturstudiar og faghistoria meir generelt. I tillegg vil faget gi innsikt i ulike metodiske og teoretiske tilnærmingar som er sentrale i kulturvitskapen. Studiet inneheld både oversikts- og fordjupingsemne, slik at studentane kan kombinere generell innsikt med meir inngåande studiar av spesielle problemfelt.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har grunnleggjande teoretiske og empiriske kunnskapar om mennesket som kulturskapande og kulturberande vesen.
- har kunnskapar om ei rekke fenomen i fortid og notid, blant anna forteljing, mediebruk, folketru, forestillingsverder, kulturarv, materialitet, museumsprosessar, seksualitet og migrasjon
- har fordjupa kunnskap om eit sentralt felt i kulturvitskapen.
- har grunnleggjande kunnskap om viktige metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar i faget.
Ferdigheiter
Kandidaten
- har grunnleggjande innsikt i kulturvitskaplege tenkjemåtar.
- har tileigna seg omgrep og teoriar som er grunnleggjande i kulturvitskapen, og som kan brukast for å studere kulturelle fenomen i fortid og notid.
- har grunnleggjande ferdigheiter i å analysere ulike sider ved kvardagslivet i fortid og notid med kulturvitskaplege perspektiv.
- har grunnleggjande ferdigheiter i å handtere eit kjeldemateriale med kvalitative metodar.
Generell kompetanse
Kandidaten
- har grunnleggjande kulturfagleg kompetanse og kan forstå og analysere kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.
- kan setje seg inn i nye problemfelt og til å sjå og analysere saker frå fleire sider.
- har grunnleggjande kompetanse i akademisk argumentasjon.
- har grunnleggjande kompetanse i å formidle kulturvitskapleg kunnskap både munnleg og skriftleg.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk og skandinaviske språk er ein føremon.
Innføringsemne
Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og innføringsemne (10-20 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. Studentar skal velje eitt av innføringsemna EXFAC00AS - Akademisk skriving eller EXFAC00SK - Språkkunnskap.I tillegg er det tilrådd at ein i første semester tar KUVI100.
Tilrådd første semester:
Ex.phil (10 stp)
Akademisk skriving (10 stp)
KUVI100 (10 stp)
Obligatoriske emne
KUVI101, KUVI104, KUVI105 og KUVI250 er obligatoriske i ei spesialisering i kulturvitskap.
KUVI250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Spesialisering
Graden må innehalde ei spesialisering i kulturvitskap på 90 studiepoeng:
Spesialiseringa må vere sett saman av emna KUVI101, KUVI104, KUVI105, to valemne og KUVI250.
Tilrådde valemne
Liste over emne som er tilrådde i bachelorprogrammet:Valemne i studieretninga i kulturvitskap:
KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur
KUVI108 Museologi
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester (haust): ex.phil, Akademisk skriving, KUVI100 (30 stp)
2. semester (vår): KUVI101 og eitt valfritt kulturvitskapleg emne (30 stp)
3. semester (haust): KUVI104 og KUVI105 (30 stp)
4. semester (vår): KUVI250 og eitt valfritt kulturvitskapleg emne (30 stp)
5. semester (haust): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
6. semester (vår): frie studiepoeng eller delstudium i utlandet (30 stp)
Delstudium i utlandet
Programmet kan inkludera eit delstudium i utlandet for dei som ynsker det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i heile verda. Døme på avtalar som programmet vil trekke fram er Humboldt University Berlin og University of Zagreb. Kulturvitskap er også med i eit aktivt Nordplusnettverk som gjer det mogleg med utveksling til Island, Sverige og Finland.
Eit utanlandsopphald bør planleggast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skuleeksamen, heimeeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Ein bachelorgrad i kulturvitskap gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i kulturvitskap.
Relevans for arbeidsliv
Bachelorprogrammet i kulturvitskap gir kunnskapar og ferdigheiter til å analysere samtidsfenomen i eit historisk lys, og sjå mønster og samanhengar som er nyttige i mange yrke. Arbeidsplassar der kulturvitskapleg kompetanse er særleg etterspurd, er for eksempel museum, kulturarvssektoren, arkiv og kulturadministrasjon, men også medieverksemder og informasjonsarbeid.
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.
Programansvarleg
Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet, dersom du har spørsmål: