Kulturvitskap, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kulturen er til stades i alt vi gjer – i maten vi et, i omgangen vår med vener og familie, i haldningar til kropp og hygiene, ja, til og med i korleis vi går og står.
Kulturvitskap er studiet av kvardagen og korleis menneske skaper meining i tilværet. Du lærer å analysere samtidsfenomen, men du får òg kunnskap om kulturhistoriske fenomen som til dømes magi og folketru. Vi kjem òg inn på korleis fortida er til stades i notida, ikkje berre som kulturarv og på museum, men som vanar og tradisjonar i kvardagslivet.
Kulturvitarar stiller spørsmål ved det som verkar sjølvsagt og rutineprega i kvardagslivet. Samtidig studerer kulturvitarar også augeblikka når tilværet kollapsar, frå samlivsbrot til naturkatastrofar.
Nokre av spørsmåla vi prøver å finne svar på, er:
- Korleis er kulturen til stades i alt vi gjer – i for eksempel seksualiteten vår og haldninga vår til kropp, i maten vi et eller i bruken vår av sosiale medium?
- Kvifor kan kvardagskulturen seiast å vere fundamentet for heile samfunnslivet?
Dette studiet passar for deg med interesse for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, til dømes historie, religion, samfunnsfag, sosiologi, sosialantropologi og filosofi. Studiet har lite obligatoriske aktivitetar knytt til undervisninga, og studiet passer difor best for deg som likar å styre dagen din sjølv og som set pris på friheit under ansvar.
Meir informasjon under
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i kulturvitskap er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I tillegg til sjølvstudium, vil ei typisk veke innehalde forelesningar og seminargrupper.
Kor mange timar undervisningsaktivitetar du har, varierer litt frå semester til semester. Utanom sjølvstudium, vil du typisk bruke 6–8 timar i veka på ulike undervisningsaktivitetar.
Meir om studiekvardagen ved HF
Vi held til på lesesalane på Sydneshaugen skole, der det er eigne lesesalar for bachelorstudentar. Du kan også bruke Universitetsbiblioteket.
Det er mogleg å booke eigne rom om de ønsker å jobbe i grupper. Dette er eit tilbod som blir meir og meir populært. Alle studentar ved UiB har òg tilgang til å bestille rom som ikkje er nytta til undervisning.
I 6. og siste semester kan du få relevant arbeidspraksis, gjennom emnet AHKR201 – praksis i arbeidslivet. Her får du moglegheit til å ha praksis i ei bedrift eller institusjon der du kan få utnytta den faglege kompetanse du har fått gjennom studia.
Jobb
Kulturvitarar evner å sjå kulturen i dei heilt daglege hendingar og ting. Dei ser verda gjennom humanistiske briller, og kan sette notidige fenomen inn i ei historisk samanheng. Dette kan gjere deg attraktiv for ein rekke arbeidsgivarar.
Kulturvitarar får ofte jobb innan desse sektorane:
- museum
- arkiv
- kulturminnesektor
- kulturforvaltning i kommune, fylke- eller stat
- bibliotek
- festivalar og andre kulturinstitusjonar
UiB tilbyr eit toårig masterprogram i kulturvitskap, om du ønsker vidare studiar hos oss.
Meir informasjon under
Kva lærer eg?
På dette studiet får du kunnskap om mennesket som kulturskapande og kulturberande vesen. I tillegg tileignar du deg omgrep og teoriar som er grunnleggande i kulturvitskapen.
Med ein bachelorgrad i kulturvitskap, er du god til å:
- analysere og tolke kulturelle fenomen
- arbeide med store menger tekst og andre kjelder
- skrive analytiske og vitskaplege tekstar
- tileigne seg kunnskap om både smale og breie tema
- sjå på kvardagslege fenomen med eit overordna kulturvitskapleg blikk
Du får kunnskap om ei rekke fenomen i fortid og notid, blant anna forteljing, mediebruk, folketru, forestillingsverder, kulturarv og migrasjon. I tillegg får du grunnleggjande ferdigheiter i å analysere ulike sider ved kvardagslivet i fortid og notid med kulturvitskaplege perspektiv, og ein grunnleggjande kulturfagleg kompetanse som gjer at du kan forstå og analysere kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.
Meir informasjon under
Oppbygging
Vi tilrår denne rekkefølga for studiet:
1. semester
- Ex.phil. Vel enten seminarmodell eller skulemodell (10 studiepoeng)
- Innføringsemne. Vel enten akademisk skriving eller språkkunnskap (10 studiepoeng)
- KUVI100 - Innføring i kulturvitskap (10 studiepoeng)
2. semester
- KUVI101 - Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda (obligatorisk emne, 15 studiepoeng)
- Fritt emne (15 studiepoeng)
3. semester
- KUVI104 - Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til falske nyheiter (15 studiepoeng)
- KUVI105 - Tinga og vi. Materialitet og meining (15 studiepoeng)
4. semester
- KUVI250 - Bacheloroppgåve i kulturvitskap (15 studiepoeng)
- Fritt emne (15 studiepoeng)
5. semester
- Frie studiepoeng/utveksling/praksis
6. semester
- Frie studiepoeng/utveksling/praksis
Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Her kan du sjå den detaljerte studieplanen for programmet.
Utveksling
Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet, og du får finansiering frå Lånekassa. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. For deg som tar kulturvitskap kan det til dømes vere interessant å reise til Danmark, Tyskland eller Sverige.
Du kan vere ute eitt eller to semester, etter eige ønske. Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie studiepoeng, altså i 5. og/eller 6. semester.
Studierettleiar kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar din situasjon og ønskjer.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.