Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-MUS Utøvande musikk eller komposisjon, bachelor, 4 år, haust 2020

Undervisningsspråk

Norsk. I enkelte emne er undervisninga på engelsk, sjå emnebeskrivingane.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet har som mål

  • å utdanna utøvande/skapande musikarar til profesjonelt virke.
  • å gje ei utdanning som kvalifiserer til vidare studium innan utøvande/skapande musikk.
  • å gje ei utdanning som kan integrerast i andre utdanningar og arbeid innan fagområdet musikk.

Studieprogrammet er tilrettelagd over 4 år, 8 semester, og inneheld ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne.

Dei fleste emna er organiserte over 2 semester. Semester 1 - 4, 1. og 2. studieår, består av obligatoriske emne. I semester 5 - 8, 3. og 4. studieår, er det mogleg med ei rekkje ulike musikkfaglege spesialiseringar basert på valfrie emne. Andre kunst- og/eller kulturfaglege emne kan også inngå.

Instituttet tilbyr musikkfagleg praktisk-pedagogisk utdanning som kan inngå i bachelorgraden.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • kan dokumentere kunnskap om musikkhistorie, musikkteori, musikalske tradisjonar, stil og estetikk
  • har grunnleggjande kunnskap om musikken sine funksjonar i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv, og i høve til musikklivet og -bransjen sine krav og forventningar til ein profesjonell musikar

Ferdigheiter
Studenten

  • kan realisere og formidle sine eigne kunstnarlege intensjonar på eit profesjonelt nivå
  • kan orientere seg i materiale frå kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking innanfor fagområdet og bruke dette i eige arbeid
  • kan kommunisere munnleg og skriftleg omkring musikkfaglege problemstillingar, både innanfor fagmiljøet og med publikum.

Generell kompetanse
Studenten

  • kan oppdatere eigen kunnskap, reflektere rundt eigen praksis og faglege problemstillingar, og slik ta ansvar for eiga fagleg utvikling
  • kan arbeide målretta og sjølvstendig, åleine og saman med andre
    kjenner til og kan reflektere over fag- og yrkesetiske retningsliner og problemstillingar

Opptakskrav

Følgjande krav må vere oppfylt for opptak til programmet:

Generell studiekompetanse/realkompetanse.

Godkjent musikkfagleg opptaksprøve (for studieretning klassisk gjeld felles opptakskrav for utøvande musikkutdanning i Noreg) Gjennom opptaksprøva vert spesielt musikalsk uttrykksevne og utøvande/skapande kvalitet målt.

Greidd teoriprøve i musikk.

Instituttet tek omsyn til samansetting av instrumental/vokalgrupper og ressursgrunnlag ved opptak. Sjå www.griegakademiet.no for meir informasjon om søknadsfrist og opptakskrav.

Spesielt for opptak til tradisjonsmusikk:

Tradisjonsmusikk I: Søknad om opptak skal ha som vedlegg ei repertoarliste med 90 minutt spel eller 60 minutt song (kveding), med eit godt og breitt utval av ulike slåttetypar/vokalsjangrar innanfor folkemusikk.

Søkjarane blir kalla inn til opptaksprøve, der hovuddelen er framføring av stoff frå repertoarlista som søkjaren sjølv har valt ut. I tillegg vél så opptakskommisjonen ut slåttar/vokalmelodiar frå repertoarlista som skal presenterast og framførast. Vidare skal

søkjaren vise at han/ho meistrar innlæring på tradisjonell vis. Gjennom presentasjonen av det repertoaret som blir spela, og gjennom intervju, skal søkjaren vise kunnskap om og dugleik i eigen musikktradisjon.

Eksterne søkjarar til Tradisjonsmusikk II: Greidd opptaksprøve og 2-årig høgre utdanning som inkluderer minimum 15 stp. folkemusikkutøving og 15 stp. folkemusikkrelevante teori/basisdisiplinar. Vedtak om innpassing av utdanning frå andre

institusjonar skjer etter individuell vurdering.

Tradisjonsmusikk II: Studentar som ikkje har fullført tradisjonsmusikk I ved Ole Bull Akademiet, må søkje om opptak. Søknaden skal innehalde dokumentasjon av utdanning og utøvande verksemd. Det er opptaksprøver for alle eksterne søkjarar. Ved opptaksprøva skal det framførast eit musikkprogram på 20 minutt. Gjennom intervju skal søkjaren vise god tradisjonskunnskap og motivasjon for studiet.

Obligatoriske emne

Minimumskrava til ein bachelorgrad i utøving/komposisjon ved Griegakademiet er til saman 240 studiepoeng med:

  • utøvande/komposisjon (inkludert utøvande støttedisiplin): 120 stp
  • musikkteori: 30 stp
  • musikkhistorie: 10 stp
  • akademisk skriving: 5 stp
  • musikk, kultur, samfunn: 15 stp
  • frie emne: 60 stp


Det er tre moglege retningar i bachelorprogrammet; klassisk, jazz eller komposisjon.

Klassisk

MUG140 Hovudinstrument klassisk 1 (25 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert (5 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
eller MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert (5 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG141 Hovudinstrument klassisk 2 (25 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing (5 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUF101 Musikk, kultur og samfunn (15 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG107 Musikkteori I (15 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG112 Musikkteori fordjuping (15 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG117 Musikkhistorie klassisk (10 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon (5 stp) - 1. studieår, haust, obligatorisk
MUV290 Hovudinstrument klassisk 3 (25 stp) - 3. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUV296 Utøvande støttedisiplin, profesjonskunnskap (5 stp) - 3. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUV291 Hovudinstrument klassisk 4 (25 stp) - 4. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUV297 Utøvande støttedisiplin, kritisk refleksjon og formidling (5 stp) - 4. studieår, haust og vår, obligatorisk

I 1. studieår tar studentane utøvande støttedisiplin i høve til hovudinstrumentet. For studieretning klassisk fordeler det seg normalt slik: Studentar med piano eller gitar som hovudinstrument skal ha MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert. Organistar skal ha MUG152 Utøvande støttedisiplin, klassisk klaver. Studentar med andre hovudinstrument skal ha MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert.

Jazz

MUG142 Hovudinstrument jazz 1 (25 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert (5 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
eller MUG153 Utøvande støttedisiplin, trommer/rytmikk (5 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG143 Hovudinstrument jazz 2 (25 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing (5 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUF101 Musikk, kultur og samfunn (15 stp) - 1. eller 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG110 Musikkteori I - jazz (15 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG111 Musikkteori II - jazz (15 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG118 Musikkhistorie jazz (10 stp) - 1. eller 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon (5 stp) - 1. studieår, haust, obligatorisk
MUV292 Hovudinstrument jazz 3 (25 stp) - 3.studieår, haust og vår, obligatorisk
MUV296 Utøvande støttedisiplin, profesjonskunnskap (5 stp) - 3. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUV293 Hovudinstrument jazz 4 (25 stp) - 4. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUV297 Utøvande støttedisiplin, kritisk refleksjon og formidling (5 stp) - 4. studieår, haust og vår, obligatorisk

I 1. studieår tar studentane utøvande støttedisiplin i høve til hovudinstrumentet. For studieretning jazz fordeler det seg normalt slik: Pianistar, gitaristar og studentar med ev. andre akkordinstrument skal ha MUG153 Utøvande støttedisiplin, trommer/rytmikk. Studentar med andre hovudinstrument skal ha MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert.

Komposisjon

MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1 (25 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert (5 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2 (25 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing (5 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUF101 Musikk, kultur og samfunn (15 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG107 Musikkteori I (15 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG112 Musikkteori fordjuping (15 stp) - 2. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG117 Musikkhistorie klassisk (10 stp) - 1. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon (5 stp) - 1. studieår, haust, obligatorisk
MUV294 Hovuddisiplin komposisjon 3 (25 stp) - 3. studieår, haust og vår, obligatorisk MUV296 Utøvande støttedisiplin, profesjonskunnskap (5 stp) - 3. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUV295 Hovuddisiplin komposisjon 4 (25 stp) - 4. studieår, haust og vår, obligatorisk
MUV297 Utøvande støttedisiplin, kritisk refleksjon og formidling (5 stp) - 4. studieår, haust og vår, obligatorisk

Studentar som har gjennomført dei to første studieåra eller meir innafor bachelorgraden i utøvande musikk eller komposisjon med spesialisering klassisk eller jazz, kan etter intern vurdering erstatte MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1 og MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2 med MUG146 Hovuddisiplin komposisjon 1, variant B og MUG147 Hovuddisiplin komposisjon 2, variant B. Instituttet legger individuelle utdanningsplanar for studentane dette gjeld.

Instituttet tilbyr også eit bachelorprogram i tradisjonsmusikk i samarbeid med Ole Bull Akademiet. Det er utarbeidd ein eigen studieplan for dette programmet.

Tilrådde valemne

Ved tildeling av valemne må studentane normalt vere ferdige med andre studieår. Krav og prosedyre på opptaksregulerte valemne: Sjå emneplan for det einskilde emnet.

Nokre av emna har avgrensa kapasitet. Følgjande rangering gjeld når det er naudsynt å avgrensa tilgangen til undervisning på eit emne:

  1. Studentar på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon, 4. studieår
  2. Studentar på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon, 3. studieår
  3. Studentar med studierett på andre studieprogram ved Griegakademiet - Institutt for musikk
  4. Studentar med poststudierett.

Innanfor grupperingane prioriterast studentane med flest avlagte studiepoeng ved tildeling.

Studentane kan velje mellom desse emna:

MUF202 Improvisasjon (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUF203 Folkemusikk (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUG105 Music in World Cultures (15 stp) - 3. eller 4. studieår, vår, ingen særskilte opptakskrav

MUG118 Musikkhistorie jazz (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV211 Ensembleleiing korps (30 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, intern opptaksprøve

MUV214 Ensemblefordjuping / Kammermusikk I (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, prosjektskisse for opptak.

MUV215 Ensemblefordjuping / Kammermusikk II (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, prosjektskisse for opptak. Emnet MUV214 Ensemblefordjuping / Kammermusikk I må vere greidd før ein kan begynne på emnet.

MUV221 Musikkformidling (15 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV225 Akkompagnement I (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV226 Akkompagnement II (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår. Emnet MUV225 Akkompagnement I må vere greidd før ein kan begynne på emnet.

MUV227 Bi-instrument A (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, opptaksprøve

MUV228 Bi-instrument B (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, opptaksprøve

MUV229 Bi-instrument påbygging (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår. Emnet MUV227 Bi-instrument A eller MUV228 Bi-instrument B må vere greidd før ein kan begynne på emnet.

MUV242 Barokkmusikkens historie og idègrunnlag (15 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, greidd emnet MUG117 Musikkhistorie klassisk.

MUV243 Musikkdramatikk (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, for songarar (for andre: intern opptaksprøve, song)

MUV244 Samtidsmusikk (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV245 Musikkdramatikk påbygging (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår. Emnet MUV243 Musikkdramatikk må vere greidd før ein kan begynne på emnet.

MUV246 Tidleg musikk, Ensemble I (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV247 Tidleg musikk, Ensemble II (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår. Emnet MUV246 Tidleg musikk, Ensemble I må vere greidd før ein kan begynne på emnet.

MUV248 Tidleg musikk, Ensemble III (20 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV271 Liturgikk og hymnologi (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV272 Liturgisk orgelspel (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, for organistar (for andre: intern opptaksprøve orgel)

MUV273 Korleiing (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV275 Liturgisk improvisasjon (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, for organistar (for andre: intern opptaksprøve orgel)

MUV276 Arrangering / instrumentasjon (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV277 Kontrapunkt / generalbass (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MUV280 Populærmusikkstudiar (15 stp) - 3. eller 4. studieår, haust, ingen særskilte opptakskrav.

MUV281 Nyare komposisjonsteknikkar, for utøvarar (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, for utøvarar

MUV282 Musikkhistorie fordjuping (10 stp) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

Andre opne emne ved UiB kan òg inngå.

Praktisk-pedagogisk utdanning

Instituttet tilbyr ei praktisk-pedagogisk utdanning for utøvande musikk (PPU-MUS) på 60 studiepoeng. Desse kan inngå som valemne i bachelorgraden. Det er utarbeidd ein eigen studieplan med tilhøyrande emne for PPU-MUS. For opptakskrav og søknadsprosedyre, sjå denne.

 

Spesielt for tradisjonsmusikk:

Ved opptak til valemne må studentane normalt vere ferdige med andre studieår, med unnatak for emnegruppa i hardingfelebygging, som må takast samla og startar i andre studieår. Studentane kan velje mellom desse emna, i tillegg til andre emne ved Griegakademiet - Institutt for musikk og UiB:

MOB203 Stil, sjanger og tradisjon (15 stp.) - 3. eller 4. studieår, haust og vår, ingen særskilte opptakskrav

MOB207 Biinstrument for tradisjonsmusikk (15 stp.) - 3. eller 4. studieår, haust og vår,opptaksprøve

Emnegruppe i hardingfelebygging (alle emna må takast dersom ein vel slik fordjuping):

MOB109 Hardingfelebygging 1 (20 stp.) - 2. studieår, haust og vår, opptaksprøve

MOB110 Felemakarhistorie (10 stp.) - 2. studieår, haust og vår

MOB208 Hardingfelebygging 2 (20 stp.) - 3. studieår, haust og vår

MOB209 Hardingfeledekor 1 (10 stp.) - 3. studieår, haust og vår

MOB210 Hardingfelebygging 3 (20 stp.) - 4. studieår, haust og vår

MOB211 Hardingfeledekor 2 (10 stp.) - 4. studieår, haust og vår

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieretning klassisk

År 1:

  • MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon (5 stp), haust
  • MUG117 Musikkhistorie klassisk (10 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG107 Musikkteori I (15 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG140 Hovudinstrument klassisk 1 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert (5 stp), begynner haust og går over to semester
    eller MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert (5 stp), begynner haust og går over to semester
    eller MUG152 Utøvande støttedisiplin, klassisk klaver (5 stp), begynner haust og går over to semester

År 2:

  • MUF101 Musikk, kultur og samfunn (15 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG112 Musikkteori fordjuping (15 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG141 Hovudinstrument klassisk 2 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing (5 stp), begynner haust og går over to semester

År 3:

  • MUV290 Hovudinstrument klassisk 3 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUV296 Utøvande støttedisiplin, profesjonskunnskap (5 stp), begynner haust og går over to semester
  • Frie emne (til saman 30 stp)

År 4:

  • MUV291 Hovudinstrument klassisk 4 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUV297 Utøvande støttedisiplin, kritisk refleksjon og formidling (5 stp), begynner haust og går over to semester
  • Frie emne (til saman 30 stp)

Studieretning jazz

År 1:

  • MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon (5 stp), haust
  • MUG118 Musikkhistorie jazz (10 stp), begynner haust og går over to semester
    eller MUF101 Musikk, kultur og samfunn (15 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG110 Musikkteori I - jazz (15 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG142 Hovudinstrument jazz 1 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert (5 stp), begynner haust og går over to semester
    eller MUG153 Utøvande støttedisiplin, trommer/rytmikk (5 stp), begynner haust og går over to semester

År 2:

  • MUF101 Musikk, kultur og samfunn (15 stp), begynner haust og går over to semester
    eller MUG118 Musikkhistorie jazz (10 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG111 Musikkteori II - jazz (15 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG143 Hovudinstrument jazz 2 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing (5 stp), begynner haust og går over to semester

År 3:

  • MUV292 Hovudinstrument jazz 3 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUV296 Utøvande støttedisiplin, profesjonskunnskap (5 stp), begynner haust og går over to semester
  • Frie emne (til saman 30 stp)

År 4:

  • MUV293 Hovudinstrument jazz 4 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUV297 Utøvande støttedisiplin, kritisk refleksjon og formidling (5 stp), begynner haust og går over to semester
  • Frie emne (til saman 30 stp)

Studieretning komposisjon

År 1:

  • MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon (5 stp), haust
  • MUG117 Musikkhistorie klassisk (10 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG107 Musikkteori I (15 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert (5 stp), begynner haust og går over to semester

År 2:

  • MUF101 Musikk, kultur og samfunn (15 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG112 Musikkteori fordjuping (15 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing (5 stp), begynner haust og går over to semester

År 3:

  • MUV294 Hovuddisiplin komposisjon 3 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUV296 Utøvande støttedisiplin, profesjonskunnskap (5 stp), begynner haust og går over to semester
  • Frie emne (til saman 30 stp)

År 4:

  • MUV295 Hovuddisiplin komposisjon 4 (25 stp), begynner haust og går over to semester
  • MUV297 Utøvande støttedisiplin, kritisk refleksjon og formidling (5 stp), begynner haust og går over to semester
  • Frie emne (til saman 30 stp)

Studieretning tradisjonsmusikk (i samarbeid med Ole Bull Akademiet)

Tradisjonsmusikk I

MOB120 Folkemusikkutøving 1 (30 stp), 1. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB105 Tradisjonskunnskap 1 (15 stp), 1. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB106 Musikkteori folkemusikk 1 (15 stp), 1. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB121 Folkemusikkutøving 2 (30 stp), 2. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB107 Tradisjonskunnskap 2 (15 stp), 2. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB108 Musikkteori folkemusikk 2 (15 stp), 2. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB107 og 108 kan erstattast av:

MOB109 Hardingfelebygging 1 (20 stp), 2. studieår, haust og vår

MOB110 Felemakarhistorie (10 stp), 2. studieår, haust og vår

Tradisjonsmusikk II

MOB230 Folkemusikkutøving 3 (30 stp), 3. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB205 Folkemusikkarrangering og samspel (15 stp), 3. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB206 Musikkformidling for tradisjonsmusikk (undervisning annakvart år, 15 stp), 3. studieår, haust og vår, obligatorisk

I år det ikkje er undervisning i MOB206: 15 stp frie emne, 3. studieår, haust og vår

MOB231 Folkemusikkutøving 4 (30 stp), 4. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB206 Musikkformidling for tradisjonsmusikk (undervisning annakvart år, 15 stp), 4. studieår, haust og vår, obligatorisk

I år det ikkje er undervisning i MOB206: 15 stp frie emne, 4. studieår, haust og vår, obligatorisk

For studentar med fordjuping i hardingfelebygging skal MOB205 og MOB206/frie emne, erstattast av:

MOB208 Hardingfelebygging 2 (20 stp), 3. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB209 Hardingfeledekor 1 (10 stp), 3. studieår, haust og vår, obligatorisk

Frie emne 15 stp. (I år det ikkje er undervisning i MOB206: til saman 30 stp for heile studieåret.)

MOB210 Hardingfelebygging 3 (20 stp), 4. studieår, haust og vår, obligatorisk

MOB211 Hardingfeledekor 2 (10 stp), 4. studieår, haust og vår, obligatorisk

Krav til progresjon i studiet

Det er eit krav at studentane følgjer oppsett progresjon for å få avleggje utøvande eksamen.

For å avleggje eksamen i MUG141 Hovudinstrument klassisk 2 eller MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2 må studenten ha greidd:

  • MUG140 Hovudinstrument klassisk 1 eller MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1
  • MUG107 Musikkteori I
  • MUG117 Musikkhistorie klassisk
  • MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon
  • MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert, MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert eller MUG152 Utøvande støttedisiplin, klassisk klaver.

Likeeins må studentar som skal ta eksamen i MUG143 Hovudinstrument jazz 2 ha greidd:

  • MUG142 Hovudinstrument jazz 1
  • MUG110 Musikkteori I - jazz
  • MUG118 Musikkhistorie jazz eller MUF101 Musikk, kultur og samfunn
  • MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon
  • MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert eller MUG153 Utøvande støttedisiplin, trommer/rytmikk

For å avleggje eksamen i MUV290 Hovudinstrument klassisk 3 og MUV294 Hovuddisiplin komposisjon 3 må studentane ha greidd eksamen i

  • MUG141 Hovudinstrument klassisk 2 eller MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2
  • MUF101 Musikk, kultur og samfunn
  • MUG112 Musikkteori fordjuping
  • MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing

For å avleggje eksamen i MUV292 Hovudinstrument jazz 3 må studentane ha greidd eksamen i

  • MUG143 Hovudinstrument jazz 2
  • MUF101 Musikk, kultur og samfunn
  • MUG118 Musikkhistorie jazz
  • MUG111 Musikkteori II - jazz
  • MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing

Valemner på 200-nivå vert normalt gjennomført i 3. og 4. studieår. Det kan gjerast unntak frå dette for studentar med innpassing eller andre særskilte grunnar.

Tradisjonsmusikk:

Studieretninga er tilrettelagt i to delar: Tradisjonsmusikk I og II. Begge inneheld to store utøvingsemne på 30 stp og fleire mindre emne.

Tradisjonsmusikk I

År 1:

MOB120 Folkemusikkutøving 1 (30 stp), begynner haust og går over to semester

MOB105 Tradisjonskunnskap 1 (15 stp), begynner haust og går over to semester

MOB106 Musikkteori folkemusikk 1 (15 stp), begynner haust og går over to semester

År 2:

MOB121 Folkemusikkutøving 2 (30 stp), begynner haust og går over to semester

MOB107 Tradisjonskunnskap 2 (15 stp), begynner haust og går over to semester

MOB108 Musikkteori folkemusikk 2 (15 stp), begynner haust og går over to semester

MOB107 og 108 kan erstattast av:

MOB109 Hardingfelebygging 1 (20 stp), begynner haust og går over to semester

MOB110 Felemakarhistorie (10 stp), begynner haust og går over to semester

Tradisjonsmusikk II

År 3:

MOB230 Folkemusikkutøving 3 (30 stp), begynner haust og går over to semester

MOB205 Folkemusikkarrangering og samspel (15 stp), begynner haust og går over to semester

MOB206 Musikkformidling for tradisjonsmusikk (undervisning annakvart år, 15 stp), begynner haust og går over to semester, eller (i år det ikkje er undervisning i MOB206): 15 stp frie emne.

For studentar med fordjuping i hardingfelebygging skal MOB205 og 206, ev. frie emne, erstattast av:

MOB208 Hardingfelebygging 2 (20 stp), begynner haust og går over to semester

MOB209 Hardingfeledekor 1 (10 stp), begynner haust og går over to semester

År 4:

MOB231 Folkemusikkutøving 4 (30 stp), begynner haust og går over to semester

MOB206 Musikkformidling for tradisjonsmusikk (undervisning annakvart år, 15 stp), begynner haust og går over to semester, eller (i år det ikkje er undervisning i MOB206): 15 stp frie emne

Frie emne 15 stp. (I år det ikkje er undervisning i MOB206: til saman 30 stp for heile studieåret.)

For studentar med fordjuping i hardingfelebygging skal MOB206/frie emne erstattast av:

MOB210 Hardingfelebygging 3 (20 stp), begynner haust og går over to semester

MOB211 Hardingfeledekor 2 (10 stp), begynner haust og går over to semester

Delstudium i utlandet

Griegakademiet - Institutt for musikk legg til rette for at deler av graden kan gjennomførast ved akkrediterte utdanningsinstitusjonar i utlandet. Studentane kan studere eitt eller to semester i utlandet i det 3. studieåret i graden (5. og/eller 6. semester).

Undervisningsmetodar

Undervisninga i utøvande emne vert gjeven som individuell rettleiing. I teori og ensemblefag vert det undervist i førelesingar og gruppetimar. Normalt er det obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes gjennom eksamenskonsert, mappevurdering, skuleeksamen og munnleg prøve.

Vurderingsforma er tilpassa det faglege innhaldet i dei enkelte emna, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap, og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både utøvande og teoretiske disiplinar.

Karakterskala

Bokstavkarakter frå A til F og bestått/ikkje bestått.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorgrad i utøvande musikk eller komposisjon gjev grunnlag for å søke opptak til Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet.

Relevans for arbeidsliv

Med eit fullført bachelorstudium i utøvande musikk eller komposisjon har ein kvalifikasjonar for å arbeide som utøvar/komponist, som faglærar (med tilleggsutdanning i pedagogikk) eller instruktør i det frivillige musikkliv.

Spesielt for tradisjonsmusikk:

Tradisjonsmusikkstudiet skal gje grunnlag for å arbeide som frilans utøvar eller på andre måtar innanfor folkemusikkfeltet, anten som solist eller i ulike slag musikalsk samarbeid. Studiet kan òg supplerast med praktisk-pedagogisk utdanning for utøvande musikk med tanke på arbeid i skule, kulturskule o.l. Studentar med fordjuping i hardingfelebygging vil kunne spesialisere seg vidare innanfor instrumentbygging.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Rektor (Ole Bull Akademiet) og Programstyret ved Griegakademiet har ansvar for tradisjonsmusikk.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50