Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-MVK Musikkvitskap, bachelor, 3 år, haust 2022

Namn på grad

Bachelor i musikkvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i musikkvitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Studieprogrammet kan leggjast til rette for å gjennomførast på 6 år. Det er då eit deltidsstudium med 50% studieprogresjon.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk i musikkvitskap er norsk og engelsk. Studentane må lese pensum på begge språk. Sjå den enkelte emneplan.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål

Bachelorprogram i musikkvitskap skal formidle forståing for den kritiske kompetansen i omgang med musikalske uttrykksformer i ulike samfunnsmessige, kulturelle og historiske kontekstar.

Studiet har som mål:

  • å gje ei utdanning som kvalifiserer til vidare studium innan musikkvitskap.
  • å gje ei utdanning som kan integrerast i andre utdanningar og arbeid innan fagområdet musikk.
  • å gje ei utdanning som kvalifiserer til arbeid i kulturlivet ¿ særleg musikklivet og -bransjen.

Innhald

Programmet kombinerer ulike tilnærmingar til musikk som eit kulturelt, samfunnsmessig og historisk fenomen. Fokus er på å utvikle den kritiske evna i forhold til ulike musikalske uttrykksformer som til dømes den vestlige klassiske kunstmusikken, tradisjonsmusikk og populærmusikk i ulike historiske og geografiske kontekstar. Studiet har også en praktisk del orientert mot musikkproduksjon og ulike måtar å formidle om musikk på. Studieprogrammet skal utdanne kandidatar med kritisk kompetanse i musikkvitskap som kan nyttas i kulturlivet og musikkbransje, samt danne grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

Kandidaten...

  • viser grunnleggjande kunnskap om musikken sine funksjonar i kulturelt og samfunnsmessig perspektiv.
  • dokumenterer kunnskap om musikkhistorie, musikalske tradisjonar, stil og estetikk.
  • viser evne til kritisk fortolking av musikk i ulike samfunnsmessige, kulturelle og historiske kontekstar.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan oppdatere eigen kunnskap, reflektere rundt eigen praksis og faglege problemstillingar, og tar ansvar for eiga fagleg utvikling.
  • orienterer seg i forsking innanfor fagområdet og brukar dette i eige arbeid.
  • kommuniserer munnleg og skriftleg omkring musikkfaglege problemstillingar, i fagmiljø og med publikum.

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • relaterer seg til musikklivet og -bransjen sine krav og forventningar.
  • kjenner til og forholder seg til fag- og yrkesetiske retningslinjer og problemstillingar.
  • arbeider målretta og sjølvstendig, åleine og saman med andre.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Enkelte valemne kan ha eigne krav.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i musikkvitskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):


Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Bachelorgraden har obligatorisk spesialisering i musikkvitskap på 90 studiepoeng, og inneheld desse emna:

  • MUG105 Music in World Cultures (15 stp)
  • MVK101 Musikkproduksjon (15 stp)
  • MUV280 Popular Music Studies (15 stp)
  • MUF101 Musikk, kultur og samfunn (15 stp)
  • MUG117 Musikkhistorie klassisk (10 stp) eller MUG118 Musikkhistorie jazz (10 stp)
  • MVK102 Å skriva om musikk (5 stp)
  • MVK250 Bacheloroppgåve musikkvitskap (15 stp)


Tilrådde valemne

Liste over emne som er tilrådde i bachelorprogrammet:

  • MVK104 Griegstudier (15 stp)
  • MVK105 Innføring i norsk folkemusikk (15 stp)
  • MVK110 Hovedinstrument musikkvitskap (15 stp)*
  • MVK210 Music, Gender and Sexuality (15 stp)
  • MVK230 Russian Music: Concert Hall to Dance Club (15 stp)

*Emnet krev godkjent opptaksprøve. Sjå emneplan.

Bachelorprogram i musikkvitskap inneheld 60 frie studiepoeng og studentane kan i tillegg velje andre opne emne ved UiB.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust):

Førstesemesterstudie:

2. semester (vår):

3. semester (haust):

  • MUV280 Popular Music Studies
  • MVK102 Å skriva om musikk
  • MUF101 Musikk, kultur og samfunn (går over to semester, med eksamen i vårsemesteret)
  • MUG117 Musikkhistorie klassisk eller MUG118 Musikkhistorie jazz (går over to semester, med eksamen i vårsemesteret)

4. semester (vår):

  • MUF101 Musikk, kultur og samfunn (inkl. eksamen)
  • MUG117 Musikkhistorie klassisk eller MUG118 Musikkhistorie jazz (inkl. eksamen)
  • 15 frie studiepoeng (valemne)

5. semester (haust):

  • 30 frie studiepoeng (valemne)

6. semester (vår):

  • 15 frie studiepoeng (valemne)
  • MVK250 Bacheloroppgåve musikkvitskap

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av utdanninga ved ein samarbeidsinstitusjon i utlandet. To av valemna er lagt til eit semester for å gjere internasjonal utveksling mogleg. Instituttet skal formidle informasjon til studentane om aktuelle studiestader i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Programmet har ulike undervisningsformer, til dømes førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Normalt er det obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving. Sjå emneplan for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet, nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: heimeeksamen, skriftleg skoleeksamen, mappevurdering og rettleidde oppgåver. Sjå emneplan for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F
  • «Bestått» / «Ikkje bestått»

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorgrad i musikkvitskap gjev grunnlag for å søke opptak til masterprogram i musikkvitskap.

Relevans for arbeidsliv

Mogelege yrkesvegar heng saman med kva emnesamansetjing studenten har i studiet. Man kan kvalifisere seg til arbeid i kultur- og musikkbransjen, og til arbeid innan musikk- og kulturjournalistikk.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder.kmd@uib.no