Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i nordisk språk og litteratur

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Mål
Målet for studiet er å gi studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur frå eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn. Hovudvekta ligg på norsk språk. Utanom norsk (bokmål og nynorsk) femner dei nordiske språka om dansk, svensk, islandsk og færøysk.

Reint praktisk skal studiet gi grunnlag for betre skriveferdigheiter i både bokmål og nynorsk og kompetanse for undervisning i ulike skuleslag (i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning) og for arbeid med språklege og litterære emne i andre yrkestilhøve.

Innhald
I løpet av studiet vil studentane lese norske og nordiske tekstar, og få auka innsikt i språkhistorie frå urnorsk til moderne norsk, ei betre forståing av grammatikk og omfangsrik ordkunnskap. Studentane vil bli kjende med norsk som både første- og andrespråk, og geografisk og sosial talemålstradisjon. I tillegg til å bli kjende med litteraturhistorie og dei skjønnlitterære hovudsjangrane, vil studentane også lese dagsaktuelle tekstar som går rett inn i samfunnsdebatten.

Læringsutbyte

Læringsutbytte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei og grundig kunnskap om det norske språksystemet, norsk språkbruk, norske språkrelaterte samfunnstilhøve, norsk språkhistorie og norske dialektar
  • har noko kjennskap til tilsvarande forhold som gjeld norrønt språk og dei andre levande nordiske språka (dansk, svensk, islandsk og færøysk)
  • har godt oversyn over nordisk, særleg norsk, skjønnlitteratur frå norrøn tid til samtida
  • har god innsikt i sentrale nordiske forfattarskapar
  • har brei og grundig kunnskap om dei episke, lyriske og dramatiske hovudsjangrane og viktige undersjangrar av dei
  • kan skilje sakprosa frå andre litterære sjangrar, og gjere greie for viktige undergrupper av sakprosa
  • har kjennskap til ulike prinsipp for litteraturhistorieskriving

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
  • kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om nordisk språk og litteratur
  • kan analysere og drøfte språklege og litterære problemstillingar på ein fagleg måte
  • kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
  • kan gi opplæring og rettleiing til elevar, studentar og andre i norsk språksystem, språkbruk og tekstleg utforming

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kommunisere med fagfolk og allmenta om faglege problemstillingar frå nordistikken
  • kan arbeide aktivt for å styrke sine eigne kunnskapar og ferdigheiter i faget
  • kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
  • kan planlegge og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og skriftlege ferdigheiter i bokmål og nynorsk, helst karakteren 4 eller betre frå vidaregåande skule.

Gode leseferdigheiter i engelsk.

Innføringsemne

Obligatoriske emne

Eitt av alternativa:

Eitt av alternativa:

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

Eitt av alternativa:

Eitt av alternativa:

Tilrådde valemne

Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant alle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. Innføringsemne eller EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.

Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Dersom ein planlegg ein karriere som lærar, bør ein ta omsyn til dette ved val av frie emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 sp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 sp.)
  • NORD100 Innføring i nordistikk (10 sp.)

2. semester (vår)

3. semester (haust)

  • NOLI103 Den eldre litteraturen (15 sp.)
  • NOSP105 Språkhistorie og talemål (10 sp.)
  • NOSP106 Den nordiske språkgreina (5 sp.)

4.-5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

  • Eit utval av dei alternative obligatoriske spesialiseringsemna og bacheloroppgåve (30 sp. til saman)

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Les meir om utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden. Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege. Arbeidsgivarar treng tilsette som skriv gode norske tekstar og tenker strukturert, og som har kunnskap om tekst. Interessa for norsk språk, litteratur og kultur er dessutan aukande i utlandet.

Alle bransjar treng tekst- og språkkompetente tilsette, med evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst. Fleire med bachelorgrad i nordisk språk og litteratur jobbar innafor:

  • læraryrket (sjå eigne krav for opptak til PPU)
  • bok- og forlagsbransjen
  • journalistikk
  • administrasjon og offentleg forvalting
  • kulturformidling
  • bibliotek
  • kommunikasjonsbransjen

Om ein vel å gå vidare med mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

www.uib.no/hf/24361/infosenteret-ved-hfTa gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no

Tlf: 55 58 24 00