Hjem

Religionsvitskap, bachelor, 3 år

Milliardar av menneske identifiserer seg med ein religion. Dei religiøse handlingane, verdsoppfatningane og verdinormene speler ei nøkkelrolle i forståinga av kulturar. Dette studiet gir deg nyansert og nyttig innsikt i ulike religiøse tradisjonar og samfunn. Tilnærminga er samanliknande og religiøst nøytral.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Du får kunnskap om det religiøse mangfaldet som er viktig for å forstå både verda vi lever i og historia vår. Vi møter på religion i alt frå kunst og underhaldning til politikk, økonomi, krigføring og klimakrise. 

I studiet får du kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i ulike samfunn. Du lærer å forstå menneskeleg åtferd både frå fortida og i samtida. Du får òg innsikt som set deg i stand til å drøfte kritiske spørsmål om religion og kultur. 

Nokre av spørsmåla vi studerer er:   

  • Korleis kan vi avgjere kva som er «religion»? 
  • Kvifor er mange kristne opptatt av misjon? 
  • Kven bestemmer kva som er lov i islam?   
  • Kva er opphavet til yoga og mindfulness? 

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i religionsvitskap er eit studium på fulltid. Ei typisk veke vil innehalde både forelesingar og seminargrupper. Undervisninga og pensum er på både norsk og engelsk. Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. I tillegg kjem sjølvstudium, aleine eller i kollokviegrupper saman med medstudentar. 

Hos oss vil du møte engasjerte forelesarar med ei stor fagleg breidde. Fagmiljøet vårt har nasjonal og internasjonal spisskompetanse i ei rekke forskingsfelt. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Meir om studiekvardagen

Kva kan du jobbe som? 

På dette studiet lærer du om samhandling mellom ulike kulturar. Du får større forståing for det fleirkulturelle samfunnet og menneske med ulike bakgrunnar, noko som gir ein viktig kompetanse i arbeidslivet.  

Noko av det du kan arbeide innan er:   

  • utdanning 
  • administrasjon i offentleg sektor 
  • internasjonale organisasjonar 
  • innvandringsrelatert arbeid  
  • media  
  • reiseliv 
  • kulturfeltet 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging 

Bachelorstudiet i religionsvitskap kan sjå slik ut:  

1. semester  

2. semester 

3. semester  

4. semester 

5. semester 

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)    

6. semester  

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)    

Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.  

Studieprogrammet er under revisjon og emnesamansettinga kan endre seg til opptak haust 2024. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Det er lagt til rette for utvekslingsopphald på eitt eller to semester. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. For deg som tar religionsvitskap kan det for eksempel vere interessant å reise til våre samarbeidsuniversitet i Danmark, Nederland, Tysklandog Storbritannia.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i religionsvitskap ved UiB. Med mastergrad i religionsvitskap og eit årsstudium i eit anna skolefag kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning. Då kan du jobbe som lærar i ungdomsskole og vidaregåande skole. 

Du kan òg gå vidare med forsking på religionsfeltet både i Noreg og internasjonalt. Ein mastergrad gjer deg kvalifisert til å søke på doktorgradsstipendiatstillingar.   

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her