Religionsvitskap, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Velkommen til studiestart på bachelorprogrammet i religionsvitskap ved Det humanistiske fakultet.
Frammøte: Studiestart er måndag 15.august kl 09.00. Her finn du oppmøtestad
Ta med: Ta gjerne med matpakke, og noko å drikke.
Program: Program for velkomstveka ved Det humanistiske fakultet
Bli klar som student: Meir informasjon om alt du treng å vite før studiestart, får du når du får tilgang til UiBtreet frå 27. juli.
Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller studieveileder@hf.uib.no.

Dette er eit breitt studium av religion som eit eigenarta menneskeleg fenomen. Studiet fokuserer på religiøst mangfald i fortid og nåtid. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral.
Nokre av spørsmåla vi studerer, er:
- Korleis kan ein definere «religion»?
- Kva er feminisme i islam?
- Korleis blei yoga moderne?
Dei religiøse verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av menneskeleg kultur. Milliardar av menneske definerer seg ut frå kva religion dei har. Religion er innvoven i kunst og politikk, arbeid og krigføring, økonomi og lovgjeving, etikk og underhaldning.
Du bør ha evne til kritisk analyse og sjølvstendig tenking, og vere glad i å skrive og argumentere med utgangspunkt i ulike kjelder. Du er interessert i fag som religion og etikk, historie, samfunnsfag og geografi, språk, kunst og musikk.
Meir informasjon under
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i religionsvitskap er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I tillegg til sjølvstudium, kan ei typisk veke innehalde både forelesningar og seminargrupper. Undervisninga og pensum er på både norsk og engelsk.
Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Du vil typisk ha undervisning 6-8 timar i veka. I tillegg kjem sjølvstudium.
Hos oss vil du møte engasjerte forelesarar med ei stor fagleg bredde. Fagmiljøet vårt har nasjonal og internasjonal spisskompetanse i ei rekke forskingsfelt, og fleire er redaktørar for leiande internasjonale tidsskrift, bokseriar og oppslagsverk.
Våre forskarar står bak ReligionsOraklene, som driv innovativ og kreativ formidling om religion og religiøsitet. I 2018 fekk dei formidlingsprisen ved Det humanistiske fakultet. Via filmsnuttar og tematiske tekster fortel dei om religionar og religiøsitet i ulike deler av verda, frå antikken og fram til i dag.
Tilgang til lesesal har du på Sydneshaugen skole, og på Bibliotek for humaniora. Lesesalane er felles for alle studentar på årsstudium og bachelorprogram ved Det humanistiske fakultet.
Du kan gå ut i praksis, gjennom emnet AHKR201 – praksis i arbeidslivet. Emnet varer seksten veker. Målet er at praktikantopphaldet utviklar den faglege kunnskapen din når det kjem til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar, og at du blir medveten om di eiga yrkesrolle. Du blir òg kjend med korleis det er å arbeide ved ei verksemd eller institusjon der utdanninga di er relevant.
Vi har avtale med:
Meir om studiekvardagen ved HF
Karriere
På dette studiet lærer du om kommunikasjon ved møta mellom ulike kulturar, om det fleirkulturelle samfunnet, og forståing for menneske og samfunnsspørsmål. Dette er noko som gjer deg attraktiv for mange arbeidsgivarar.
Noko av det du kan arbeide innan, er:
- Utanrikstenesta
- bistand
- innvandringsrelatert arbeid
- media
- reiseliv
- utdanning
Nokre av våre tidlegare studentar arbeider innan offentleg forvaltning, organisasjonsliv, politikk og museum. Du kan også få jobb som lærar i ungdomsskolen, i den vidaregåande skolen eller i andre utdanningsinstitusjonar.
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i religionsvitskap ved UiB. Dersom du kombinerer religionsvitskap med mastergrad og eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning. Du kan òg gå vidare med forsking på religionsfeltet både i Noreg og internasjonalt.
Meir informasjon under
Kva lærer eg?
- Du lærer å forstå menneskeleg åtferd i sine kulturelle og religiøse kontekstar i historia og notid. I dagens samfunn kjem dei fleste i kontakt med fleire religiøse tradisjonar.
- Å ha kjennskap til det religiøse mangfaldet er viktig for å forstå den verden vi lever i og for å forstå historia. Vi møter på religion i alt frå kunst og underhaldning, til politikk, økonomi og krigføring.
- Du får kunnskap om eldre og nyare religionar og deira roller i samfunn og kultur i historie og nåtid, og kan kritisk drøfte religionsvitskaplege problemstillingar.
Sjå heile lista over læringsutbyte.
Oppbygging
Studiet skal innehalde ex.phil, 10–20 studiepoeng ex.fac. og ei spesialisering i religionsvitskap på 90 studiepoeng.
Bachelorstudiet i religionsvitskap kan sjå slik ut:
1. semester
- Ex.phil. Vel enten seminarmodell eller skulemodell (10 studiepoeng)
- Ex.fac. Vel enten akademisk skriving eller språkkunnskap (10 studiepoeng)
- RELV100 - Religion, kultur og samfunn (10 studiepoeng)
2. semester
- RELV101 - Kva er religionsvitskap? (obligatorisk emne, 15 studiepoeng)
- RELV105 - Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion (15 studiepoeng)
3. semester
- RELV102 - Kristendommen, jødedommen og islam (obligatorisk emne, 15 studiepoeng)
- RELV103 - Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar (obligatorisk emne, 15 studiepoeng)
4. semester
- RELVI250 - Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap (obligatorisk emne, 15 studiepoeng)
- Valfritt emne (15 studiepoeng)
5. semester
- Frie emne/utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
- Frie emne/utveksling (30 studiepoeng)
Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Her kan du sjå den detaljerte studieplanen for programmet.
Utveksling
Det er lagt til rette for utvekslingsopphald på eitt eller to semester i utlandet, og du får finansiering frå Lånekassa. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda. For deg som tar religionsvitskap kan det til dømes vere interessant å reise til Danmark, Nederland, Tyskland, Ungarn.
Studierettleiar kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar deg.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 20. april.