Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i retorikk

Undervisningsspråk

Til vanleg norsk. Sjå emneskildringane for kvart enkelt emne.

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i retorikk er eit tverrfagleg studium som gir ei historisk og systematisk innføring i retorikken som generell, praktisk fundert kommunikasjons- og argumentasjonslære.

Studiet gjer kjent med sentrale omgrep og teoriar i og om retorikk, den klassiske retorikken og utviklinga av den europeiske retoriske tradisjonen. Sentrale tema er til dømes retoriske sjangrar, medium og framstillingsmåtar, og tilhøvet mellom retorikk, argumentasjon, etikk og estetikk. Gjennom studiet får studentane innsikt og øving i retorisk analyse og evaluering av ulike tekstformer og sjangrar.

Studiet gjev høve til fordjuping i ulike fagretningar: Filosofi, klassiske fag, kunsthistorie, litteraturvitskap, medievitskap og nordisk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei kunnskap om sentrale omgrep, problemstillingar og metodar i retorisk teori og analyse
  • har oversyn over hovudliner i utviklinga av den retoriske tradisjonen frå antikken til i dag
  • har kjennskap til retorisk analyse og retorisk forsking i utvalde fag 

Dugleik:

Kandidaten kan reflektere over og arbeide sjølvstendig med retoriske problemstillingar, mellom anna

  • nytte retoriske omgrep og fagspesifikk kunnskap på teoretiske og praktiske problemstillingar knytt til munnleg, skriftleg, visuell og multimodal kommunikasjon og formidling
  • kan finne, vurdere og referere til kunnskap om retorikk på en faglig relevant måte
  • formidle og reflektere over retorisk formidling i ulike sjangrar, medium og situasjonar

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan nytte sin kombinasjon av retorikkemne og valfrie emne i vidare utdanning eller yrke
  • kan kommunisere om viktige akademiske teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan drøfte relevansen av retorikken på tvers av fagområde og for aktuelle problemstillingar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Innføringsemne

Det første semesteret av bachelorprogrammet i retorikk skal innehalde Examen philosophicum og minst eitt Examen facultatum-emne.

Desse emnene er tilrådde i programmet

Bachelorgraden kan innehalde maksimalt 10 studiepoeng Examen philosophicum og maksimalt 20 studiepoeng Examen facultatum.

Spesialisering

Bachelorprogrammet i retorikk skal innehalde ei fagleg spesialisering i retorikk på 90 studiepoeng (1 ½ år). Spesialiseringa er sett saman av tre obligatoriske emne på til saman 45 studiepoeng og tre valemne på til saman 45 studiepoeng. Eitt av valemna skal ha bacheloroppgåve som vurderingsform.

Dei obligatoriske emna er:

  • MEVI104 Retorikk og strategisk kommunikasjon (15 stp)
  • RET102 Klassisk retorikk (15 stp)
  • RET208 Praktisk argumentasjon (15 stp)

Valemne:

  • RET100 Innføring i retorikk (10 stp.)
  • RET202 Filosofi og retorikk (15 stp) eller RET252 Filosofi og retorikk med bacheloroppgåve (15 stp)
  • RET205 Nordisk retorikk (15 stp) eller RET255 Nordisk retorikk med bacheloroppgåve (15 stp)
  • RET206 Litteraturvitskapleg retorikk (15 stp)
  • RET209 Retorikk og interkulturell kommunikasjon (15 stp)
  • KUN209 Kunst, retorikk og lærdomstradisjonar i før- og tidlegmoderne tid (15 stp)
  • MEVI203 Medieretorikk (15 stp) eller MEVI203B Medieretorikk - bacheloroppgåve (15 stp)
  • MEVI307 Visuell retorikk (15 stp)
  • RET250 Bacheloroppgåve i retorikk (15 stp)
  • PRAKTINF Praktisk informasjonsarbeid (15 stp)

Også i emnet MEVI307 kan studentane velje å skrive bacheloroppgåve (sjå emneplanen for meir informasjon).

Tilrådde valemne

Det er tilrådd at studenten tar emnet RET100 i sitt første semester.

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innafor andre fag som er relevante for studenten sine yrkesplanar eller vidare utdanning. Ein grad har normalt 60 frie studiepoeng (70 dersom studenten berre har 10 studiepoeng ex.fac).

Emne frå samarbeidsfaga filosofi, klassiske fag, kunsthistorie, litteraturvitskap, medievitskap eller nordisk vil stø opp under spesialiseringa i retorikk. Sjå også «Grunnlag for vidare studium».

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon i studiet:

  • 1. semester (haust): Ex.phil. og ex.fac. og RET100
  • 2. semester (vår): MEVI104 og RET102
  • 3. semester (haust): RET208 og valemne i retorikk
  • 4. semester (vår): Frie studiepoeng
  • 5. semester (haust): Frie studiepoeng
  • 6. semester (vår): Valemne i retorikk og valemne i retorikk med bacheloroppgåve.

Delstudium i utlandet

Ein kan ta delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar og individuell rettleiing.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skuleeksamen, heimeeksamen, rettleia oppgåve og munnleg prøve.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Universitetet i Bergen tilbyr per i dag ikkje mastergrad i retorikk. Studentar som har ein bachelorgrad i retorikk frå Universitetet i Bergen kan søkje opptak til ein mastergrad ved andre lærestader, til dømes ved Universitetet i Oslo eller Københavns Universitet.

Nokre kombinasjonar av spesialiseringsemne og frie studiepoeng kan gi grunnlag for opptak til masterprogram ved Universitetet i Bergen. Kontakt studierettleiar for meir informasjon.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i retorikk gir både generelle allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkesmessige samanhengar og spesialkunnskap innan formidling og kommunikasjon. Studiet gir allmenn kompetanse i å analysere og vurdere argumenterende og kommunikativ språkbruk. Dette er kunnskap og kompetanse som er nyttig innan offentlig forvaltning, informasjons- og kommunikasjonsarbeid, undervisning, reklame, journalistikk med meir.

Ved påbygging til mastergrad får studenten kvalifikasjonar for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Programmet blir kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Evaluering av enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtala i emneplanane.

Programansvarleg

Programstyret for retorikkprogrammet har ansvar for fagleg innhald, oppbyggjing av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Programstyret er sett saman av representantar for samarbeidsinstitutta ved UiB: Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Programansvarlig/leder av programstyret: Hans Marius Hansteen (Institutt for filosofi og førstesemesterstudium) Kontakt: hans.hansteen@uib.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: studierettleiar@fof.uib.no