Hjem
Utdanning

Studieplan for BAHF-SPLA Spansk språk og latinamerikastudium, bachelor, 3 år, haust 2019

Fulltid/deltid

Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogram i spansk språk og latinamerikastudium tilbyd ei rad emne som alle har hovudfokus på den spanskspråklege delen av Latin-Amerika. Tre hovuddisiplinar går inn i studiet: (1) språk, (2) litteratur og (3) historie og kulturkunnskap. Undervisninga i spesialiseringsfaget går føre seg på spansk.

Studiet har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggja til rette for å øva opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen. På den måten er det både reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Latin-Amerika, og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i latinamerikastudiet. Studiet gjev også grunnleggjande kunnskapar om Spania.

Spansk språk og latinamerikastudium kan med utbyte kombinerast med andre språkfag, allmenn litteraturvitskap, lingvistikk, historie, sosialantropologi, samanliknande politikk, medievitskap eller geografi. Kombinasjonar som femner om utdanning frå andre fakultet, eller frå institusjonar utanfor universitetet, er òg moglege.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei generell kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verkty og metodar innan spansk språk og latinamerikansk kultur/historie og litteratur.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan faget.
  • kan oppdatera kunnskapen sin innan fagområdet.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeida sjølvstendig med problemstillingar på grunnlag av faglege kunnskapar.
  • kan skjøna og bruka moderne spansk munnleg og skriftleg.
  • brukar kunnskapane sine kritisk og reflekterer over eigen fagleg praksis innafor alle dei tre disiplinane som inngår i spesialiseringa.
  • kan gå vidare med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte innafor alle tre disiplinane.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan oppnå læringsutbyttet gjennom å studera sentrale tema og problemstillingar i spansk språk og språkvariantar i dei spansktalande samfunna, kulturane og/eller litteraturen i Latin-Amerika og Spania, og gjennom å få innsyn i ulike fagtradisjonar og deira måte å tilnærma seg fagfeltet på.
  • kan nytta ein kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
  • kan formidla sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skole. All undervisning på emna som inngår i spesialiseringa i spansk språk og latinamerikastudium, går føre seg på spansk.

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester: 

·         EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.) 

·         EXFAC00SK Språkkunnskap  (10 stp.) 

·         SPLA100 (10 stp.) 

For nokre studentar, til dømes studentar som alt har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det vere ønskjeleg å byte det et ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

EX.PHIL., Examen philosophicum, haust, 10 stp.

EX.FAC., Examen facultatum, haust, 10 stp.

SPLA107, Spansk grammatikk I, vår, 10 stp.

SPLA108, Latinamerikansk litteratur I, vår, 10 stp.

SPLA109, Latinamerikansk historie, vår, 10 stp.

SPLA117, Spansk grammatikk II, haust, 10 stp.

SPLA118, Latinamerikansk litteratur, haust, 10 stp.

SPLA119, Kultur og samfunn i Latin-Amerika, haust, 10 stp.

To av emna:
SPLA207, Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar, vår, 10 stp.

SPLA208, Fordjuping i latinamerikansk litteratur, vår, 10 stp.

SPLA209 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap, vår, 10 stp.

og eitt av emna:
SPLA257, Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.

SPLA258, Fordjuping i latinamerikansk litteratur med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.

SPLA259, Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.

Spesialisering

SPLA107, Spansk grammatikk I, vår, 10 stp.

SPLA108, Latinamerikansk litteratur I, vår, 10 stp.

SPLA109, Latinamerikansk historie, vår, 10 stp.

SPLA117, Spansk grammatikk II, haust, 10 stp.

SPLA118, Latinamerikansk litteratur, haust, 10 stp.

SPLA119, Kultur og samfunn i Latin-Amerika, haust, 10 stp.

To av emna:
SPLA207, Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar, vår, 10 stp.

SPLA208, Fordjuping i latinamerikansk litteratur, vår, 10 stp.

SPLA209 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap, vår, 10 stp.

og eitt av emna:
SPLA257, Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.

SPLA258, Fordjuping i latinamerikansk litteratur med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.

SPLA259, Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgåve, vår, 10 stp.

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., ex.fac. og spesialiseringa inneheld programmet 70 frie studiepoeng. Merk at introduksjonsemnet SPLA100 blir rekna med i dei frie studiepoenga. 

I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet: 

1. semester (haust)

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
  • SPLA100 Introduksjon til spansk og latinamerikastudium (10 stp.)

2. semester (vår)

  • SPLA107 Spansk grammatikk I (10 stp.)
  • SPLA108 Latinamerikansk litteratur I (10 stp.)
  • SPLA109 Latinamerikansk historie (10 stp.)

3. semester (haust)

  • SPLA117 Spansk grammatikk II (10 stp..)
  • SPLA118 Latinamerikansk litteratur II (10 stp)
  • SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika (10 stp.)

4. semester (vår)

For å oppretthalde kontinuitet i spanskopplæringa tilrår vi å ta 200-nivå i det 4. semesteret. Studentar som tek frie studiepoeng i eit fag med oppstart på våren, tek 200-nivå i det 6. semesteret.

To av tre emne:

  • SPLA207 Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar (10 stp.)
  • SPLA208 Fordjuping i latinamerikansk litteratur (10 stp.)
  • SPLA209 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap (10 stp.)

Eitt av tre emne:

  • SPLA257 Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar med bacheloroppgåve (10 stp.)
  • SPLA258 Fordjuping i latinamerikansk litteratur med bacheloroppgåve (10 stp.)
  • SPLA259 Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap med bacheloroppgåve (10 stp.)

Ein kan ikkje ta både SPLA207 og SPLA257 eller både SPLA208 og SPLA258 eller både SPLA209 og SPLA259.

5. semester (haust)

  • Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp.)

6. semester (vår)

  • Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp.)

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land, anten for å ta delar av spesialiseringa eller for å ta valemne.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet [om mogleg, sett inn lenke].

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane høve til å studere og tileigne seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. 

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Rettleiing per e-post/telefon blir ikkje gitt.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve,  heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane. 

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

  • A-F, der F er stryk
  • greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB.

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studiet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Internasjonalt samarbeid og samkvem skapar aukande etterspurnad etter kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesområde kan nemnast: omsetjingsarbeid, bibliotek, massemedia, forlag, reiseliv, næringsliv, offentlege institusjonar (medrekna utanrikstenesta), hjelpearbeid og liknande. Spansk er dessutan valfritt undervisningsfag i grunnskolen og vidaregåande skule. 60 studiepoeng på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium gir formell kompetanse for denne undervisninga.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet 

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@if.uib.noStudierettleiar@if.uib.no

Studierettleiar@if.uib.no
Tlf 55 58 93 70

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn ein på det einskilde emnet si nettside. Litteraturlista skal være klar innan 01.06 for haustsemesteret, og innan 01.12 for vårsemesteret.

NB: Merk at det ikkje finst litteraturlister til alle emne i nokre emne skal studentane til dømes sjølv velje litteratur i samråd med lærar eller rettleiar.