Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i språkvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i språkvitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, engelsk ved behov

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Språkvitskap er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søkjer etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturfenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda. Desse metodane inkluderer også matematiske og datamaskinelle metodar for analyse og modellering av språk.

Læringsutbyte

Når programmet er avslutta, skal kandidaten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten...

  • har brei kunnskap om sentrale tema, begrep, teoriar, problemstillingar og prosessar, verktøy og metodar innanfor språkvitskap, til dømes fonologi (læra om lydsystem), morfologi (orddanning og ordbøying), syntaks (setningsbygging) og semantikk (meiningslære)
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor språkvitskap
  • har kunnskap om språkvitskapens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • har fått innsyn i historiske og typologiske sammenhengar mellom språk
  • kjenner til digitale verktøy og metodar, bl.a. for kvantitativ analyse og datamaskinell behandling av språkdata.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan nytte språkvitskapleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
  • kan reflektere over eigen fagleg praksis og justere han under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det klargjer ei problemstilling
  • kan meistre relevante språkvitskaplege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
  • har grunnleggjande dugleik i bruk av digitale verktøy for statistisk analyse og programmering for språkprosessering.

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • har innsyn i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innanfor språkvitskap
  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i trad med etiske krav og retningsliner
  • kan formidle sentralt fagstoff som språkvitskaplege teoriar, problemstillingar og løysingar bade skriftleg og munnleg
  • kan utveksle synspunkt og røynsler med andre med bakgrunn innanfor språkvitenskap og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor språkvitskap og kan oppdatere kunnskapen sin innanfor språkvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Det første semesteret i bachelorprogrammet i språkvitskap skal innehalde 10 studiepoeng Examen philosophicum og minimum 10 studiepoeng Examen facultatum.

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)

og eitt av desse emna:

  • EXFAC00AK Akademisk skriving (10 stp.)
  • EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)

Språkkunnskap er sterkt tilrådd.

Dei siste 10 studiepoenga i første semester kan ein velgje å ta eit anna ex.fac.-emne eller eit anna valfritt emne på 10 studiepoeng. Eit innføringsemne i eit språkfag er tilrådd. Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng Examen philosphicum og maksimum 20 studiepoeng Examen facultatum.

Obligatoriske emne

LING125 / Morfologi (10 stp.)

LING121 / Fonologi (10 stp.)

LINGSTAT / Statistikk for språk- og kognisjonsforskning (10 stp.)

LING116 / Semantikk (10 stp.)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp.)

LING111 / Syntaks (10 stp.)

LING205 / Språkvariasjon i tid, rom og samfunn (5 stp.)

LING255 / Temabasert bacheloroppgåve i språkvitskap (10 stp.)

LING123/ Språk og data (15 stp.)

Spesialisering

LING125 / Morfologi (10 stp.)

LING121 / Fonologi (10 stp.)

LINGSTAT / Statistikk for språk- og kognisjonsforskning (10 stp.)

LING116 / Semantikk (10 stp.)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp.)

LING111 / Syntaks (10 stp.)

LING123/ Språk og data (15 stp.)

LING205 / Språkvariasjon i tid, rom og samfunn (5 stp.)

LING255 / Temabasert bacheloroppgåve i språkvitskap (10 stp.)

Tilrådde valemne

Det blir tilrådd at studenten har minst 60 studiepoeng frå eit språkfag.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon:

Studiet startar med Examen philosophicum og Examen facultatum i det første semesteret. (30 stp.)

2.semester (vår):

LING125 / Morfologi (10 stp.)

LING121 / Fonologi (10 stp.)

LINGSTAT / Statistikk for språk- og kognisjonsforskning (10 stp.)

3. semester (haust):

LING116 / Semantikk (10 stp.)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp.)

LING111 / Syntaks (10 stp.)

4. semester (vår):

LING205 / Språkvariasjon i tid, rom og samfunn (5 stp.)

LING255 / Temabasert bacheloroppgåve i språkvitskap (10 stp.)

LING123/ Språk og data (15 stp.)

5. og 6. semester:

60 frie studiepoeng.

Delstudium i utlandet

Ein kan ta delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Ein kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i språkvitskap kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i lingvistikk. Bachelorgrad i språkvitskap er vidare det einaste HF-studiet som gir opptaksgrunnlag for masterstudiet i logopedi. Emna innan programmet eignar seg også godt for studentar som ønskjer å skrive språkleg masteroppgåve innanfor eitt av språkfaga.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i språkvitskap kan gi grunnlag for arbeid med forsking og undervisning, og for arbeid innanfor andre felt der språk står sentralt: forlagsarbeid, til dømes i arbeid med ordbøker og fagbøker; omsetjingsarbeid og språkleg rådgjeving; reklamebransjen/informasjonsbransjen, der språk og språkvasking er viktige arbeidsområde; offentleg forvalting; logopedi. Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no.