Teatervitskap, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Velkommen til studiestart på bachelorprogrammet i teatervitskap ved Det humanistiske fakultet.
Frammøte: Studiestart er måndag 15. august.
Frammøte: Studiestart er måndag 15.august kl 09.00. Her finn du oppmøtestad
Ta med: Ta gjerne med matpakke, og noko å drikke.
Program: Program for velkomstveka ved Det humanistiske fakultet
Bli klar som student: Meir informasjon om alt du treng å vite før studiestart, får du når du får tilgang til UiBtreet frå 27. juli.
Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller studieveileder@hf.uib.no.

Gjennom studiet lærer du om teaterets historie og utvikling i Europa frå antikken og fram til i dag. Du får ei innføring i epokar og retningar i teaterhistoria og lærer metodar for analyse av teaterframsyningar.
Workshops med teaterutøvarar, ekskursjonar til utlandet og felles besøk på teaterframsyningar inngår i undervisninga, og du kan ha praksis ved teaterinstitusjonar eller i det frie scenekunstfeltet.
I teatervitskapen drøftar vi spørsmål som:
- Kva rolle har teater og kunst i samfunnet?
- Kva betyding har teateret hatt gjennom historia?
- Korleis kan ein engasjere seg i teateret som praksisfelt?
Teatervitskapleg kompetanse er etterspurd i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring.
Bachelorprogrammet i teatervitskap samarbeider med teater- og kulturinstitusjonar i Bergen og resten av landet. Vi har dessutan nær kontakt med Studentteateret Immaturus, der mange av studentane våre er engasjerte.
Kva kan eg bli?
Med ein bachelorgrad i teatervitskap får du både praktisk og teoretisk innføring i kva teater er og korleis det er viktig for samfunnet. Du får kunnskap som blant anna mediebransjen har stort behov for. I tillegg får du unike kunnskapar om teater, samtidskunst og kritikk, som til dømes kan nyttast i informasjonsarbeid. Studiet gir eit godt fagleg grunnlag for deg som ynskjer å arbeide med teater, media eller film.
Du kan til dømes arbeide med:
- Teater- og kunstkritikk
- Dramaturgi
- Teater- og kunstproduksjon
- Kulturadministrasjon
- Instruksjon og regi
- Undervisning
Sjå kva jobbar kan du få med humanistisk utdanning
Meir informasjon under
Vidare studium
Når du er ferdig med bachelorgraden kan du også halde fram med masterprogrammet i teatervitskap. Med ein mastergrad kan du auke moglegheitene for ein relevant jobb og du får spesialisere deg innanfor dine interesseområde.
Oppbygging
Programmet omfattar tre akademiske år (seks semester) og startar i august. Oppbygginga av studieløpet ditt kan til dømes sjå slik ut:
1. semester (haust)
- EXFAC00AS: Akademisk skriving (10 studiepoeng)
- EXFAC00SK: Språkkunnskap (10 studiepoeng)
- EXPHIL: Examen philosophicum seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester (vår)
- TEAT112: Moderne teaterhistorie (15 studiepoeng)
- TEAT115: Framsyningsanalyse og teaterkritikk (15 studiepoeng)
3. semester (haust)
- TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 studiepoeng)
- TEAT113: Dramaturgi i teori og praksis (15 studiepoeng)
4. semester (vår)
- TEAT211 Teaterestetikk og teaterteori (15 studiepoeng
- Bacheloroppgåve: Praktisk eller teoretisk (15 studiepoeng)
5. semester (haust)
-
Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 studiepoeng)
6. semester (vår)
- Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 studiepoeng)
Fullstendig liste over emne i dette studieprogrammet
Det finst fleire moglegheiter når det gjeld oppbygginga av studieløpet ditt. Ta kontakt med studierettleiar for å få hjelp til å setje opp ein plan tilpassa deg og dine ynskjer.
Studiekvardag
Bergen har eit av dei mest attraktive studiemiljøa i Noreg med ein særs vel utvikla studentkultur. Som bachelorstudent i teatervitskap får du tilgang til eit tett og engasjert fagmiljø som gir nær oppfølging til kvar student. Du vil kunne få kontaktar innanfor og utanfor Universitetet og det vert tilbode arbeidspraksis som kan gi deg ein forsmak på arbeidslivet. Vi drar også på ekskursjonar, der Berlin er eit mykje brukt reisemål.
Undervisning og arbeidsmengde
Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium. Ei vanleg studieveke vil innehalde ca. åtte timar undervisning og baserer seg i stor grad på sjølvstendig arbeid og gruppearbeid.
Teatervitskap er bygd opp med:
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Praktiske øvingar
- Ekskursjonar
- Praksis
Frie studiepoeng
I løpet av bachelorgraden har du eit heilt studieår (60 studiepoeng) du kan fylle med kva du vil. Det vil seie at du har moglegheita til å fordjupe deg i andre estetiske fag, i filosofi eller språk ved UiB eller du kan reise utanlands. Er du usikker på kva fag du ynskjer eller bør velje, kan du snakke med studierettleiar.
Kva lærer eg?
Gjennom bachelorprogrammet i teatervitskap lærer du korleis du kan engasjere deg og verte ein god medspelar i kultur- og teaterlivet.
Du får:
- brei kunnskap om teateret si historie.
- gode kunnskapar om skodespelarkunst, dramaturgi og regikunst.
- grunnleggjande kunnskapar om teaterteoriar og estetiske teoriar.
- god kunnskap om faget si relevans i teaterproduksjon, kritikk og formidling.
Full liste med læringsutbyte
Utveksling
Som bachelorstudent i teatervitskap kan du reise på utveksling til utlandet. Teatervitskap har avtalar med universitet i blant anna Tyskland, Belgia, Litauen og Den Tsjekkiske republikk. Du kan også reise til land utanfor Europa.
Kontakt studierettleiar om du treng meir informasjon om utveksling.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 20. april.