Studieplan for BAHF-TYS Tysk, bachelor, 3 år, vår 2023
Namn på grad
Bachelor i tysk
Omfang og studiepoeng
Studiet har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.
Fulltid/deltid
Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråket på tyskemna er tysk og norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Tyskstudiet skal øve studentane i praktisk språkdugleik (skriftleg og munnleg) og gi dei innsikt i tysk språk og dei tyskspråklege landa sin litteratur, kultur og samfunnstilhøve.
Emna på 200-nivå skil seg frå emna på 100-nivå primært ved at dei skal gi fordjuping i utvalte emne.
Eit utvekslingsopphald på eit semester ved eit tyskspråkleg universitet er ein integrert del av studiet. Denne utvekslinga går normalt føre seg i det femte (og eventuelt sjette) semesteret.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten..
- har gode kunnskapar i tysk grammatikk og lydlære, mellom anna kjennskap til viktige kontrastive aspekt tysk-norsk
- har kunnskap om hovudtrekk i utviklinga av den tyskspråklege litteraturen etter ca. 1750
- har grunnleggjande kunnskap om utvalte tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida fram til i dag
Ferdigheiter
Kandidaten..
- har opparbeidd grunnleggjande dugleik i språkleg, kulturell og litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver
- har god evne til å uttrykkje seg på tysk både munnleg og skriftleg og
- har god innsikt i språktilhøve og språkleg variasjon i dei tyskspråklege landa
Generell kompetanse
Kandidaten.
- har utvikla ei reflektert og sjølvstendig haldning til lærestoffet gjennom analysar av ulike språklege, litterære og kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng
kan nytte sin fagkombinasjon i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ein rår til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har forkunnskapar i tysk som svarar til nivå II frå vidaregåande skole.
Innføringsemne
Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester:
· EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
· EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
· TYS100 (10 stp.)
For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det vere ønskjeleg å bytte det et ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.
Obligatoriske emne
EX.PHIL. Examen Philosophicum, H, (10 stp.)
EX.FAC. Examen Facultatum, H, (10 stp.)
TYS105 Grunnemne i tysk språk I, V, (10 stp.)
TYS106 Tyskspråkleg kultur, V, (10 stp.)
TYS107 Tysk språk og tekstkunnskap, V, (10 stp.)
TYS115 Grunnemne i tysk språk II, H, (10 stp.)
TYS116 Tyskspråkleg litteratur, H, (10 stp.)
SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, H, (10 stp.)
LITTIF200 Litteraturteori på 200-nivå, V, (5 stp.)
TYS201 Fordjuping i tysk språk, V, (15 stp.)
eller
TYS251 Fordjuping i tysk språk med semesteroppgåve, V, (15 stp.)
TYS206 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur, V, (10 stp.)
eller
TYS256 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur med semesteroppgåve, V, (10 stp.)
Studenten må ta anten TYS256 eller TYS251 for å fylle kravet til eit lengre sjølvstendig arbeid i graden. Det er då to moglege kombinasjonar på 200-nivå:
- TYS251 kombinert med LITTIF200 og TYS206
- TYS256 kombinert med LITTIF200 og TYS201
Spesialisering
TYS105 Grunnemne i tysk språk I, (10 stp.)
TYS106 Tyskspråkleg kultur, (10 stp.)
TYS107 Tysk språk og tekstkunnskap, (10 stp.)
TYS115 Grunnemne i tysk språk II, (10 stp.)
TYS116 Tyskspråkleg litteratur, (10 stp.)
SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, (10 stp.)
LITTIF200 Litteraturteori på 200-nivå, (5 stp.)
TYS201 Fordjuping i tysk språk, 15 stp.
eller
TYS251 Fordjuping i tysk språk med semesteroppgåve, 15 stp.
TYS206 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur, 10 stp.
eller
TYS256 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur med semesteroppgåve, 10 stp.
Studenten må ta anten TYS256 eller TYS251 for å fylle kravet til eit lengre sjølvstendig arbeid i graden. Dei to moglege kombinasjonane på 200-nivå er då:
- TYS251 kombinert med LITTIF200 og TYS206
- TYS256 kombinert med LITTIF200 og TYS201
Ein kan ikkje ta både TYS256 og TYS206 eller både TYS201 og TYS251 grunna fagleg overlapp.
Tilrådde valemne
I tillegg til ex.phil., ex.fac. og spesialiseringa inneheld programmet 70 frie studiepoeng. Merk at introduksjonsemnet TYS100 reknast med i dei frie studiepoenga.
I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne.
Studentane tek normalt eit semester med frie studiepoeng på utveksling ved eit tyskspråkleg universitet.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:
1. semester (haust)
- EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)
- EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)
- TYS100 Introduksjon til tyskstudiet (10 stp.)
2. semester (vår)
- TYS105 Grunnemne i tysk språk I (10 stp.)
- TYS106 Tyskspråkleg kultur (10 stp.)
- TYS107 Tysk språk og tekstkunnskap (10 stp.)
Undervisninga i delar av TYS105 og TYS106 kan takast ved Universitetet i Kiel. Opphaldet finansierast ved eigenbetaling.
3. semester (haust)
- TYS115 Grunnemne i tysk språk II (10 stp.)
- TYS116 Tyskspråkleg litteratur (10 stp.)
- SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 stp.)
4. semester (vår)
For å oppretthalde kontinuitet i tyskopplæringa tilrår vi å ta 200-nivå i det 4. semesteret. Studentar som tek frie studiepoeng i eit fag med oppstart på våren, tek 200-nivå i det 6. semesteret.
- LITTIF200 Litteraturteori på 200-nivå (5 stp.)
- TYS201 Fordjuping i tysk språk (15 stp.) eller TYS251 Fordjuping i tysk språk med semesteroppgåve (15 stp.)
- TYS206 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur (10 stp.) eller
- TYS256 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur med semesteroppgåve (10 stp.)
5. semester (haust)
- Delstudium i utlandet. Frie studiepoeng
6. semester (vår)
Frie studiepoeng ved UiB eller delstudium i utlandet.
Delstudium i utlandet
Eit utvekslingsopphald ved eit tyskspråkleg universitet er ein integrert del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år (femte + sjette semester).
Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet. Det blir òg gitt informasjon om utvekslingsopphaldet gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida.
Arbeids- og undervisningsformer
Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.
Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.
For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Vurderingsformer
Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.
Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.
For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
- A-F, der F er stryk
- greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogram i tysk ved UiB.
Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studiet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED
Relevans for arbeidsliv
Tyskstudiet kvalifiserer for undervisning innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig, til dømes informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd.
Den internasjonale erfaringa eit utvekslingsopphald gir vert òg etterspurd av arbeidslivet.
Evaluering
Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: