Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i informatikk:bioinformatikk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Undervisningsspråk

 Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bioinformatikk er uunnverleg i moderne biologi og dermed i forståinga av liv og utviklinga av helse og sjukdom. Bioinformatikk er dermed av særleg nytte for samfunnet. Målet med dette programmet er å undervise studentane i dei grunnleggjande emna som er naudsynte for å kunne utvikle nye bioinformatikk metodar for problemstillingar i biologi, og til å legge eit grunnlag for vidare studiar i bioinformatikk på masternivå.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:


Kunnskap
Kandidaten

  • er i stand til å gjennomgå grunnleggjande statistikk og algoritmar som blir brukt i metodar innan bioinformatikk
  • kan forklare algoritmar sitt forhold til biologiske spørsmål som dei prøver å besvare/belys
  • er kjent med grunnleggjande kjemi og molekylærbiologi
  • har kjennskap til sentrale metodar innan maskinlæring og bioinformatikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan designe og implementere algoritmar og metodar innan bioinformatikk i tråd med god informatikk-praksis

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan kritisk og analytisk vurdere eiget og andres arbeid, og på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt
  • kan arbeide både sjølvstendig og i grupper med andre
  • kan vurdere juridiske og etiske sider ved arbeidet sitt
  • kan på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MATRS.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorprogrammet i bioinformatikk bygger på matematikk R1+R2 og gode mattekunnskapar er derfor tilrådd.

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

For studentar med studiestart f.o.m. hausten 2020 er følgjande emne obligatorisk i studieprogrammet: MOL100, MAT101/MAT111/MAT105, INF100, MNF130, BINF100, INF101, STAT110, BINF200, INF102, MAT121, Ex.phil, MOL201, INF161, BINF201, INF264

For studenter med studiestart høsten 2019 er følgjande emne obligatorisk i studieprogrammet:
Ex.phil, KJEM100/KJEM110, INF100, MNF130, MOL100, INF101, MAT111, STAT110, INF102, MAT121,BINF100, MOL201, INF264, BINF200, MOL203/INF122/BINF201

For studenter med studiestart høsten 2018 er følgjande emne obligatorisk i studieprogrammet:
Ex.phil, KJEM100/KJEM110, INF100, MNF130, MOL100, INF101, MAT111, STAT110, INF102, MAT121, INF112/MOL201, INF281, DAT103/MOL203/INF122, INF283, INF285

For studenter med studiestart høsten 2015, høsten 2016 og høsten 2017 er følgjande emne obligatorisk i studieprogrammet:
Ex.phil., INF100, MAT101/MAT111, MNF130, INF101, MAT121, DAT103, INF102, KJEM100/KJEM110, INF112/INF142, INF281, MOL100, INF285, STAT110/MOL203/INF122

Spesialisering

For studenter med studiestart 2021 er følgende studieplan tilrådd

6. semester valgemner (3 stk)
5. semester INF161 - BINF201 - INF264
4. semester MAT121 - EXPHIL - MOL201
3. semester STAT110 - BINF200 - INF102
2. semester MNF130 - BINF100 - INF101
1. semester MOL100 - MAT101/MAT111/MAT105 - INF100

For studenter med studiestart 2020 er følgende studieplan tilrådd

6. semester valgemner (3 stk)
5. semester INF161 - BINF201 - INF264
4. semester MAT121 - EXPHIL - MOL201
3. semester STAT110 - BINF200 - INF102
2. semester MNF130 - BINF100 - INF101
1. semester MOL100 - MAT111/MAT105 - INF100

 For studenter med studiestart høsten 2019 består spesialiseringa i bachelorprogrammet i bioinformatikk av av følgjande emne (140 studiepoeng):

1 semester: KJEM100/KJEM110, INF100
2.semester: MNF130, MOL100, INF101
3.semester: MAT111, STAT110, INF102
4.semester: MAT121, BINF100, MOL201
5.semester: BINF201/MOL203/INF122, INF264, BINF200

For studenter med studiestart høsten 2018 består spesialiseringa i bachelorprogrammet i bioinformatikk av av følgjande emne (140 studiepoeng):

1 semester: KJEM100/KJEM110, INF100
2.semester: MNF130, MOL100, INF101
3.semester: MAT111, STAT110, INF102
4.semester: MAT121, INF112/MOL201, INF281
5.semester: DAT103/MOL203/INF122, INF283, INF285

For studenter med studiestart høsten 2015, høsten 2016 og høsten 2017 består spesialiseringa i bachelorprogrammet i bioinformatikk av av følgjande emne (130 studiepoeng):

1 semester: INF100, MAT101/MAT111,
2.semester: MNF130, INF101, MAT121
3.semester: DAT103, INF102, KJEM100/KJEM110
4.semester: INF112/INF142, INF281, MOL100
5.semester: INF285, STAT110/MOL203/INF122

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under spesialisering.

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.

For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Med utdanning innan bioinformatikk vil ein blant anna kunne arbeide innan følgjande bransjar; forsking, olje-industri, undervisning, offentleg forvaltning. Med ein bachelorgrad i bioinformatikk har ein eit godt grunnlag for å gå vidare på masterstudium i bioinformatikk, og mange andre studieretningar innan informatikk. Dersom ein avsluttar studiane etter fullført bachelorgrad, er kompetanse med bruk av informatikk i eit anna fagfelt det største konkurransefortrinnet.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no

Tlf. 55 58 41 82